onsdag 30. mai 2018

Giske rundt med ein dose realitetsorientering

30. mai Lange lyse sommarkveldar og "Sydenpåsunnmøre" som ingen ende vil ta. Vi satsa på nok ein kveldstur, og Alnesraunen vart nemd. Eg har begynt å komme inn i konseptet kvar mann (eller dame) startar i si hamn, og sidan eg var sein som førstemann så kom vi vel skeivt ut frå start. Men det var ein nydeleg kveld, og t-skjortepadling i mai er ikkje kvardagskost på Sunnmøre. Etterkvart kom vi til Giske, snirkla mellom steinane, fekk Alnes i horisonten og såg ut mot Raunen og skoddebankane i horisonten.



Etter eit gløtt på klokka var det ingen tvil om at Raunen fikk ligge i fred - denne gongen og. Det er ein slik plass som eg ikkje kjem meg ut til, fordi vi alltid finn på noko anna undervegs. Vi somla litt, gjekk på land på Giske nord for ein beinstrekk og var i posisjon til nok ein solnedgang! Men den gong ei. Berre heilt vanleg sol som gjekk ned utan spesielt fine fargar eller lysshow. Og akkurat nok motvind resten av vegen heim til at vi både måtte både kle oss og jobbe for framdrifta. Etter å ha toppa tur etter tur med den eine opplevinga meir fantastisk enn den andre var det ei skikkeleg realitetsorientering. Vi har jammen blitt blaserte og bortskjemde denne våren! Men med veldig hyggeleg selskap og ein fin runde i kajakken vart det jo likevel ein finfin sommarkveld til minneboka. 
Faktisk lengde 20,5 km 

Basen, sentralt plassert. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar