tirsdag 17. juli 2018

Sommarsurf i solnedgangen

16.07
Vi hadde fått blod på tann - og surf i blodet! Ny kveld med flotte forhold og sydensommar på Sunnmøre. Det var fullt på stranda; brettsurfarar, badande ungar, hundar og turistar. Surfeforholda då vi kom var ikkje så bra, det dumpa litt, og det var for trangt om plassen inn mot stranda. Lettare resignert padla vi utover mot andre brott og bølgjer.

Selulf var glad for selskap, og skikkeleg sosial denne kvelden. 


- Eg berre MÅ snuse litt på den kajakken... 

Etter litt att og fram vart det meir leik inne ved stranda. Forholda vart jamnt betre, og utover kvelden vart det mindre folk der. Det vart aldri så fine bølgjer som kvelden før, men nokre veldig artige surfar fekk vi. Sommarkvelden og solnedgangen var det ikkje noko å seie på.   

Roger i farta


Sidesurfen sitt som den skal 

Ymse farkostar på sjøen. Eg ville ikkje bytta kajakken mot cruise..

Øystein i farta

Vakkert!

Historia om ein dobbelsurf: 







Trippelsurf:

Filming og redigering: Øystein Pilskog/Kajakkguiden

Surfebølgje i solnedgang. Betre enn dette vert det ikkje...


1 kommentar:

  1. Det kilar i magen berre av å sjå bilda! Jobbar meg langsomt attende....

    SvarSlett