mandag 29. oktober 2018

Herleg hausthelg med hengekøye og strandrydding

26.-27. oktober Endeleg ei helg med godver! Oktoberovernattinga skulle naglast, hengekøya til pers og heldige meg fekk med Mildrid som turfølgje. Vi hadde skumle planar om å båle, kose oss og rydde holmen for søppel. Rydding har vorte ei rein glede når vi kan alliere oss med "Plastfritt hav", og få sekkar og avtale om henting på eit blunk.

Kvar si lyst på fredagskvelden! 

Vi starta seint, og det var månelyst og opplett. Overraskande mykje båttrafikk , og vi var veldig forsiktige med kryssing av leia. Sjølv om vi har lys på oss og kajakkane, så er eg ikkje sikker på kor synlege vi er.  

Padlar i måneskinn

Stas å vere ute - stas å komme fram. Vi var effektive å sette opp camp, og heiv oss rett i desserten. 

Månelyset var så fint at det var nesten litt kjipt å legge seg. 

Soloppgang på eine sida og måne på den andre. 

Fantastisk å vakne opp i køya! 

Eg sovna frampå og vakna langt på dag. Luksusliv og helg!


Frost i bakken, men varme i sola. Fredagsmiddag vart det aldri, men laurdagsbrunch i sola var heilt greit!


Eg gjekk for ei meir optimistisk open løysing enn Mildrid, men begge var strålande nøgd med natta og søvnkvaliteten. 

Neste post på programmet var rydding

Søppel fann vi - både høgt og lavt. 

Gamle synder, nye synder og isopor i store mengder. 


Akkurat då det passa med ein pause kom det fleire padlarar forbi. Kaffidrikking og tyting er aldri feil.  

Roger og Kyrre får omvisning på basen.  

Kyrre med surfski. Det ser tøft ut. Eg er freista til å prøve det meir. 

Tilbake til ryddinga. Det vart ein aldeles nydeleg dag på holmen. 

Det er likevel ein bismak, når du veit at det ligg isopor under torva på omlag heile øya. 
Vi rydda 2 personar i ca 3 timar og fekk samla søppel på halve øya, ca 500 meter strandlinje. 


Det vart ein brukbar haug, dessverre.

Strandrydding kan anbefalast som aktivitet; du får vere ute i flott natur, det er bra for miljøet, god trim og gjev ettertanke. Det er meir som eit kinderegg! Om du held til på Sunnmøre, ta kontakt med Plastfritt Hav, om du treng info om ryddeaksjonar eller organisering av henting av avfall.     

Ryddekart

Padlinga t/r vart 10,5 km. På veg innover att hadde vi medstraum og sluddbyger, så vi fekk igrunn med oss det meste av ver på miniekspedisjonen! 

fredag 26. oktober 2018

Forblåst fyrhelg på Bjørnsund

28.-30. september
I vår vant eg tur til Svinøy fyr. Kristin hadde flybillett sørover og alle hadde satt av helga. Det kom difor som eit lite sjokk då Svinøy-turen måtte utsettast på ubestem tid. Nødløysinga vart å nytte seg av fyret som bedriftsidrettslaget (KyBIL) disponerar. Vi for til Bjørnsund! Det var skikkeleg ruskever og meldt storm på laurdagen. Noko som eigentleg er ganske perfekt å oppleve frå ei øy i havgapet.

Fyrturistane på kaia i Harøysund. Øybjørn går året rundt, sjølv om rutetilbodet er mindre i vinterhalvåret. 

Skvalp på turen over.

Neste anløp på søndag. Til dess måtte vi klare oss sjølve.  

Bjørnsund fyr!

 Det er noko eige med å vere på fyr altså! 
God mat, speling (escape room) og sosialt inne medan kuling og regn slo på ruta. Kvalgryte og hjort i chili på menyen, så vi lei ikkje noko nød akkurat.    

Kristin hadde med skotske fyrvarer, frå fyrsightseeing der borte i sommar. 

Laurdagen var det skikkeleg vind! Han reiv i kropp og klede, og sjøsprøyten slo over moloane. Vi heldt oss på toppane og gangvegane og lufta oss mellom måltida.



 
Humøret var det ikkje noko å seie på! 




Lyset skifta stadig, og innimellom bygene klarte sola å presse nokre tynne strålar igjenom skyene. 

Søndagen var det rolegare ver og vi gjekk tur over moloane til Nordre Bjørnsund

Bjørnen på Bjørnsund
 - eit minnesmerke over alle dei som mista livet på sjøen mellom 1850 og 1950. Det var meir enn 40 namn på plaketten. 

Kystkultur, trange smug og kvite stiar. Det budde 500-600 menneske her ute på det meste. Bjørnsund vart tvangsfråflytta tidleg på 1970-talet. Husa er godt helde ved like, sjølv om det no er fritidsbustader. Folket her ser ut til å bruke husa sine ofte og stelle godt med dei. I sommarhalvåret er det aktivitet på museumet på søre og leirskulen på nordre.  

Svaberga her ute var fulle av liv. Eller rettare sagt lav. Det såg nesten ut som ei høgfjellsvidde.  

Eg trur dette er Klipperagg (Ramalina siliquosa)?


Vi kom oss akkurat i hus før ettermiddagsbyga slo innover oss

Det skein opp då vi skulle fare heim, og vart fargerikt og vakkert! Bjørnsund e rein nydeleg plass! 


Takk for oss! 

Brukbart med vind på laurdagen. Frå vindmålaren på Ona.