torsdag 29. juni 2017

Lofotbesøk på bypadling

29.06. Laila og Odd var på Vestlandsturne, og heldigvis passa det med ein kveld i lag på sjøen. Standarden for Lofotbesøk er med dette satt: Det er altså berre å stikke innom! Med liten kuling på havet vart det bypadling, for første gong på lenge for meg og. Ålesund er ein padlbar og flott by, og det var triveleg å skli avgarde, prate og nyte sommarkvelden. Sunnmørssommar er som kjent best med tørrdrakt...

Ålebyen kler Lofotværingane godt! Er det bypadling så er det bypadling, så då hiv vi ut i sentrum. 
Odd sine ombordstigningsbalansekunstar vart fotografert og dokumentert av eit internasjonalt publikum. 


Plaskete og nordavind 12-14 m/s i Moljegapet

Brosundet med Jugendstil

Sjølvaste Ålesundet

Slinningsbua

Litt dyreliv fekk vi og med oss - sjekk nøsta i reira

Det stilna til kvelden, og det var mykje att av midtsommarnatta då vi var tilbake i hamna. 

6 km runde

Kvalitet over kvantitet på slike dagar. Takk for turen! Veldig kjekt med Lofot-besøk i Ålebyen!! 

tirsdag 27. juni 2017

Lysfest på Storhornet

26.06 Det var for dårleg ver for husmåling, så eg fekk "fri" til å ta ein kveldstur. Favoritten er Godøya. Eg vert aldri lei av å gå der. I bakkane møtte eg Alexandra med familie, så det vart både trim, sosialt og magisk kveldslys på turen!

Alnes

Det var fleire som var ute og kosa seg - både høgt og lavt

Sagaøya Giske - eg skjønnar kvifor vikingane ville halde til der. 

Turisten vågar seg ut på Johan Skytt. 

Frå toppen av Storhornet mot Alnes

Innover mot Ålesund. Dei kjente toppane er pakka inn av bygene i kveld

Ei eiga verd der nede

Solnedgangsvorspiel mot Synes

mandag 26. juni 2017

Slinningsbålet 2017

24.06 Ein av dei finaste tradisjonane i Ålesund er bålbrenninga midtsommars. I gamle dagar var det bål på kvart eit nes innover Borgundfjorden. No er det bålgjengen på Hessa og Slinningsbålet som ber tradisjonen vidare. I år passa det å samlast og padle ut til feiringa. Sommaren på Vestlandet er som kjent oftast best i tørrdrakt. Kanskje vi har etablert ein ny tradisjon?

Vi la ut frå Borgundgavlen - og ser at dei har fått fyr på bålet i horisonten
 
Den gule armada! Vi rekna ikkje med å vere aleine
 på sjøen, og sette i verk nokre ekstra HMS-tiltak

Full fyr og full folkefest! Vi var ikkje dei einaste som la laurdagskveden hit. 

Fyrverkeri, folkefest, sang og god stemning. Eg fekk lyst til å juble både "Gratulerer med dagen!" og "Godt nytt år!"

Overtent før midnatt. Bålet varma godt, og båtfolket hadde god disiplin. 

Det gjekk eit salig WOW over sjøen då bålet sank saman. Ofte veltar bålet når det rasar saman, men i år var det kontrollert og eksemplarisk nedbrenning.   
 
Sjeldan vi nyt "leirbålet" frå kajakkane. Flåte fungerar også til bålkos, og det var nesten så vi svei luggen. 

Sommarnatta skal ikkje sovast bort. 
Det lysna, og dei ivrigaste mannfolka svømte ut til bålet. Festen var på hell og vi sette kursen heim. No fekk ungdommane styre seg sjølve på Slinningsodden.  

Eg var smal i augo då eg kom heim, det er ikkje ofte eg har padla i mange timar FØR eg et søndagsfrukost.

Flott midtsommarnatt med fine folk  - godt initiativ Sygni! 

7,5 km t/r

fredag 9. juni 2017

Norge rundt - Brehopping frå lufta

8.-9. juni 2017 Jobbreise til Bodø. I nydeleg ver stod Bodø fram som "syden", og for ein gongs skuld kunne vi gløyme både ytterklede og "Bodø-knekken" for å handtere motvinden. Svartisen låg og freista på veg oppover. Eg klarte å snike meg ein tur på keiservarden i Bodø. Det var programfesta utflukt til Kjerringøy. Som om ikkje det var nok var det kansellerte fly på heimveg så eg fekk med meg Folgefonna og Flesland i solnedgang og ei fin innflyging over Grasøyane fyr til Vigra.

Lysta på bretur vert ikkje mindre etter slike "synfaringar" frå lufta.

Innflyginga til Bodø over Svartisen

Svartisen og brefallet Engabreen. Holandsfjorden/Nordfjorden

Midtnattsol på Keiservarden - Mot Lofoten og Landegode

Fine turstiar i Bodømarka. Steinlagt sti siste delen mot toppen. 

Spennande fjell på veg mellom Bodø og Kjerringøy - Steigtind  (793 moh)

Kjerringøy Handelsstad

Kjerringøy Handelsstad

Synfaring i Bodø havn - og info om byggeprosjektet.

Bodø frå sjøsida. Lekkert! 

Svartisen frå ny vinkel på heimvegen. Freistar ikkje mindre.

Etter mykje om og men vart ruta heim att dramatisk endra. Brått flaug eg over Folgefonna i solnedgang. 

Fonna! Lekkert her og - vårskitur neste?

Solnedgang på Flesland

fredag 2. juni 2017

Hengekøyepremiere!

2. juni Synnøve og eg har endeleg skaffa oss hengekøyer etter lang tids snakking. Ulike patentar, men like forventningar. Enkel tilgang til fleire netter i naturen og kanskje ny motivasjon til å gle seg over skog og kratt?

Mai var travel og juni teikna til å verte like eis. Vi satsa difor på kortreist testtur, og hamna i Borgundgavlen. Dette er på mange måtar villmark midt i Ålesund, og ein skal ikkje mange meter frå stiane før det er attgrodd, gamle krokete tre og rikeleg med både liggande og ståande daud ved og faktisk rett så triveleg.

Det vart bål, og Synnøve sørga for kveldsserveringa og nykokt kaffi på morgonkvisten. Eg vart med andre ord både vekkskjemt og oppvarta.

#Skalikkjesovebortsumarnatta

03.00 Synnøve i ticket to the moon - køye. 

Meg i AMOK-køye

Utsikt frå køya. 
Sunnmørsalpar og sommarnatt i Astrup-aktig innpakking

Natta kan oppsummerast med 60% god søvn, 30% intens fuglesong og 10% nydeleg himmel og sommarnatt i pastell.

Vi lærte litt om korleis vi skulle henge desse køyene, og evalueringa av første test er klar: meir enn godkjent. Eit nytt årsprosjekt er under oppsegling.