9. august Siste padledagen framom oss. Blanda kjensler. Vemodig. Skulle gjerne ha vore ute lenger. Samstundes kjekt å sjå fram mot godene i sivilisasjonen att.
Link: Til topps på Hestmannen!
9. august Siste padledagen framom oss. Blanda kjensler. Vemodig. Skulle gjerne ha vore ute lenger. Samstundes kjekt å sjå fram mot godene i sivilisasjonen att.
8. august Vekkeklokka stod på grytidleg. Den som vil på topptur før avreise må opp tidleg, men det er ei eiga historie. Varmen slo mot meg då eg drog opp glidelåsen på teltet. For ein sommardag! For ei utsikt! Utpå formiddagen var vi klare for padling. Sydentemperatur og havblikk!
8. august Eg var den einaste som var gira på topptur. Det vart difor solo morgontur. Litt over klokka seks starta eg i Storvika, og det var allereie FOR varmt. Første etappe gjekk i skuggen til bygda i Grønvika. Ikkje eit vindpust. Ute i åpnare landskap på stien festa sola grepet. Nye stader er alltid spennande! Eg fann skaret mellom Hestmannen (og kalla Hestmonkallen) og Ambåtta. Stien fann eg derimot ikkje, og gjekk då rett opp frå skaret. I etterpåklokskapen sitt klåre lys ser eg at det kan lønne seg å bruke litt meir energi (og gå over mot dyrkamarka på sørsida) for å finne stien. Med mitt vegval gjekk eg til ca 450 høgdemeter før eg kom innpå sti. Svett, varm, etterkvart vasslaus, men med ei makelaus utsikt!!! Toppen såg eg heile vegen, og spenninga steig. Kor bratt er det i toppen? Kjem eg meg opp? Samstundes var det ein liten kamp mot klokka, for eg hadde ikkje lyst at dei andre skulle vente unødvendig mykje på grunn av min egoistiske toppturtrang..
Første glimt av toppen. For å komme dit var det først sti i skogen
7.august. Sommardagen låg framom oss - og vi var klare! Kajakkane inneheldt alt vi kunne trenge - og litt til - og vi hadde ingen avtalar. Hestmona freista i det fjerne. Kanskje kom vi oss dit, eller kanskje ikkje. Vi hadde mykje ugjort snirkling.