torsdag 26. juli 2018

Runde rundt med rundkast og reker

25.-26.07 Lausleg organisert venners venners feriepadling. Etter å ha vore i lag i ca eit kvarter på Runde kjentes det ut som vi var gamle venner alle saman. Det er rart det der, med padlefolk. Det er ein fellesnemnar som eg ikkje heilt klarar å sette fingeren på. Turglede?

Spenna klare for padletur!

Runde rundt var første mål. Foto: Anne

Litt snirkling må til - og leitar ein så finn ein snirklesjansar nesten overalt

Første glimt av fyret

Godøya og Sukkertoppen i horisonten. Ikkje langt heim, men likevel ei anna verd. 

Trygge hus i verhardt landskap

Fyrlykta står høgt opp i lia for å vise att langt til havs.

Ute på Runde var det fleire folk. Det var oppslag på turisthytta om kor langt unna vi måtte sette telta, og det klarte vi nesten. Det er ikkje så samarbeidsvillig terreng der ute..
Opp med telta og ut på sjøen att for meir utforsking - i alle fall for oss som ikkje skulle ha kjærestetid. Ferie betyr jo ikkje kvileheim, og lysta til å putte inn "berre litt meir aktivitet" var i periodar påtrengande.   

Med telt oppe på bradden og kvitt skum i sikte var Anne nøgd med ettermiddagen.  



Grottepadling

Grottepadling er eigentleg oppskrytt. Mørkt og trangt. Men det er heitl klart noko ANNA enn å ligge ute i ope hav. Det kjekkaste denne kvelden for meg var å ligge i dønningen og kjenne på kreftene.   

Finn Jørgen! Fin spot for litt rockhopping. 

Skum, krefter, vakkert! Foto: Jørgen 

Det var kveld, vi var svoltne og sola stod lågt på himmelen. Vi skulle berre EIN runde til på det brottet. Då kom sjølvsagt kveldens største bølgje...

Her er det noko med timinga....

Ups.

 I sidesynet såg eg Jørgen få "tonnevis" med vatn innover seg, og høyrte skramlinga av kajakk mot berg før han overraskande og lynkjapt kom som ein torpedo ut att på returskummet. Kor mykje tåler eigentleg ein slik grønlandskajakk? 

Heimveg - idyll med eit lite spenningsmoment.

Det vart fart på returen, med ein kajakk som låg stadig lågare i vatnet. Vi hadde med oss reker og tilbehør, og fine folk et som kjent seint. Solnedgang i havet, niser som hoppa og spratt, god mat og godt selskap. Slike sommerkveldar er gull! 





Nisebevis! 

Nok ein nydeleg dag! Frukostutsikta var det heller ikkje noko å seie på. 

Nokon pakka, andre lappa. Endeleg vart det bruk for både gaffa og andre remedier. 7 punkt med gjennomslag. 

Teambilde! 

Det vart ein liten plan B - for å skaffe ny kajakk. Vi omkalfatra litt bagasje og fullførte runden tilbake til bilen. 



Nøgd. Foto: Jørgen

Litt fugl, men alt for lite. Runde vert omtalt som eit døyande fuglefjell. Eg synes det er merkbart mindre fugl her enn første gong eg padla rundt i 2011. 


Det var aldeles tropevarmt! Eigentleg for varmt å padle med T-skjorte. Dramatisk, nydeleg og masse potensiale for leik. Det er på slike plassar eg ønskar meg plastkajakk. 

Vi for i naustet til Herøy Kajakk Klubb og lånte ein kajakk og dukka ned i ein softis for å overleve. Dagen var framleis ung, og vi trudde vi kunne rekke over alt...!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar