torsdag 5. juli 2018

Rundt Raunen

3.07 Invitasjonen var effektiv ettermiddagstur, og start etter prinsippet kvar mann si hamn. Radiusen vert brukbar når ein både padlar jamnt og har god tid. Det viste seg at eventyrlysta trumfa dei meir velprøvde rundane, og sidan veret var godt, sette vi kursen til havs.

Med ryggen mot Ålebyen og blikket i horisonten.

Langt ut i havet var det store grunner med vekselvis sandbotn og tareskogar. Fasinerande!

Dyrelivet denne dagen var i hovudsak den her karen (rådyr) og masse havsuler. 

Alnesraunen i sikte langt der ute. Drøye 5 km vest for Giske. 
Herlege rullande dønningar i mot. 


Første gong eg er her ute - vakkert og rått! (austsida)
Respektfull padling rundt holmen. Stort hav og mykje krefter. 

Skrekkblanda fryd når horisonten er 100% hav og himmel og den neste øya mot vest er Shetland eller Færøyane. 

Seglmerke på blankskurte klipper (vestsida)

Sørsida

Landing - gjekk berre godt. 

Topptur på Raunen; fort gjort, men formidabel utsikt. 

Steinørken

Innover mot Alnes

Mot Erkna

Det vart fotografering, "live-sending" og matbit. Raunen er ein slik plass som ein ikkje får seg til å vere lenge på. Skoddebankane låg i havet og vinden dreia. Vi sette nasen innover att og fekk fin medsjøpadling på heimvegen. 

Lange opne strekk er ikkje mi favorittpadling, men denne kvelden gjekk det greit. Det hjelp å padle i lag med kjekke folk og med passelege bølgjer. Akkurat slik at ein må konsentrere seg, får fin rørsle i båten og gløymer kor langt det er over.  


Då vi nærma oss Giske såg vi masse fargerike "prikkar" på sjøen. Kajakkguiden hadde tur denne kvelden og det var ein haug med folk på sjøen. Artig med kajakkmiljø som blomstrar og blide (kjente og ukjente) fjes å sjå. 

Fjorden full av kajakkar!! 

Monika på medsjøsurf, som ho dessverre måtte avbryte på grunn av ehhhh...., kremt... fotografen? 

Giske-rundt-gjengen for i land for kaffikok medan vi pjaska oss heimover etter ein lang, men veldig  flott runde! 

Logga ikkje heilt rett der ute, vi var rundt Raunen. Ca 25 km.  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar