mandag 30. november 2015

Valderøya Julespesial - skitur i havgapet

22.11 Medan alle andre førebur seg på advent og jul, førebur eg meg på ny jobb og flytting. Litt greit, og litt trist. Eg likar adventstida. Men det er plent umogleg å pynte og flytte samstundes. Sidan eg allereie er på etterskot med alt, så ser eg nokre avgrensningar der. Fredag fekk eg på vinterdekka, og det kan ein seie var "just in time". Fredag kveld var det kvitt på bakken og laurdagen lava det ned. Eit herleg vestlandsk nullføre og for nokre mengder snøv det vart! Sjokk 1: Det ER snart jul. Sjokk 2: Det kjem til å vere SNØ om vinteren i Nord-Norge med alt det dragset som høyrer med.

Søndagen var det definerte byger og herleg vinterlys i mellom. Eg fann ski i boden og fekk sjokk 3: Ikkje klar til å gå på ski - må fikse av med voks, på med smøring, lim på feller m.m Då eg endeleg kom meg avgarde var noko av magien vekk. Eg satsa på topptur på Valderøya, og det vart strabasiøst. Det var snø til over knea, heilt mjuk snø. Snø fullstendig utan bæring. Det har vore snakk om manglande "såle" på diverse fjelltursider. På Valderøya var det ikkje berre manglande såle, det var så blautt i myra at eg sank nedi sjølv med ski! Bortsett frå der det var berg, der sank eg ikkje nedi, men skrella stålkantane så gnistrane fauk. Det var rimeleg tungt med 40 cm snø og 10 cm myr som skulle forserast for kvart steg, og eg var sjeleglad for at eg ikkje skulle så langt. Mot toppen fekk eg den interessante øvinga med gjennomslag i snø, deretter gjennomslag i meterhøg einer. Signalen var målet, og den fekk vere topptur god nok! 

Eg held varmen, og det var hyggeleg med ein Valderøya julespesial, sjølv om det gjekk på kreftene laus! 

Kamuflert byggefelt og noko så eksotisk som ein snøfresar!

Idyll å sjå til

Eg nektar å la meg psyke ut av dårleg føre

WOW!!

Vintersol på Gamlemsveten

Valderøya Julespesial

Til topps med ski! 
Ja, det klabba. Det var akkurat like kaldt på toppen som på ein 1000-meterstopp. Det vart ikkje noko fart ned att heller. God meistringskjensle likevel. 

Varden på toppen

Det magiske lyset forsvann i ei byge. Sjeldant syn med kvittkledde øyer i Giske. 

Godøya

fredag 20. november 2015

Kvalpadling med stor K - 2015

15.11 Rebbenesøya. Siste sjanse på kvalpadling 2015. Tidleg opp, glatte vegar. Sludd. Regn. grått. Kaffi i pappbeger på ferga. Allereie på ferga ser vi knøl, og får med oss eit par fantastiske halefinne-i-veret-augeblink. -Åååååååååhhhhh, kjem det frå heile rekka, der vi trykker nasen mot fergeglaset.

Sunday was our last day kayaking together. Oh, what a day! Whales everywhere! Rain and wind didn’t bother us – we were surrounded by killer whales, humpback whales and probably two fin whales. A lot of spectacular scenes – whales feeding, splashing and searching the fjord. A curious couple went right below our kayaks giving me quite an adrenaline kick!
Langt på dag. Silregn. 

Magisk lys. Fantastisk pastell og havblikk.


Ikkje noko å sjå med det første. Stø kurs mot vest. 

Fiskebåtar og oss. Då vi ser den første blåsten i nord er vi avventande. Vi gidd ikkje padle livet av oss for spekkhoggarar. Mysing. Det ER KNØL! Då gidd vi. Kursen går rett mot nord - og på veg oppover ser vi ein knølkval hoppe heilt ut av havet. Det er eit rått syn - og spenninga stig!

Havblikk vart til dønning, byger og vind - men det gjorde ingen ting! Vi hadde kval på alle kantar, og det var ei stor oppleving å ligge i sundet. Kvalane omringa oss, vi padla parallelt med dei, vi hadde vinden med og i mot, og kvalsnørr i heile trynet kvar gong vi feilberekna vindretninga litt.  

Knøl rundt kajakkane. 

Knøl som viser oss halen. 
 
Spekkhoggarbonanza i regnbygene

Vi var i posisjon. Kvalane hadde jobba i området ei stund og vi låg i utkanten. Eg såg bevegelsen i augekroken, men plasket kom før eg rakk å reagere. Ein diger kval hoppa, og landa i hovudet på kameraten sin. Kompisen vart kjempeirritert og løfta bakkroppen ut av vatnet og slo med bakparten 2-3 gonger. Vi bakka kajakkane i tilfelle det var oss den var sur på - men det verka som intern oppdragelse. 


Landing

Det var knølshow på alle kantar. Lenge. To av dyra var rare. Spissare ryggfinne, veldig store, raskare, aldri oppe med halen. Kunne det vere finnkval? Desse to jaga opp og ned sundet, og det såg ut som dei lot spekkhoggarane gjere grovarbeidet for seg. Alle stader der spekkhoggarane hadde jobba på og ringa inn ei stund, kom dei sigande og forsvann i djupet. 

Ups - kjem han hit?

Vi fekk ein kval rett under kajakkane våre denne gongen og. Eg måtte bende laus mine eigne fingrar frå armen til Jarle etterpå. Det er i overkant spennande når du ser rett ned på fleire titals tonn med musklar rett oppunder senkekjølen...

OOOÆÆÆÆÆÆ - er det mest fornuftige ein kan seie når dette sig oppunder kajakken 
(NB: Arkivfoto frå Bjørn Tore Sørensen)

Kva er dette? Kan det vere ein finnkval? 

Dette då? Er det same karen?

Eit par timar med intense opplevingar krevde sitt, og vi for til Sandøya for lunsj. Båling fungerar i regnver - og kaffien smakar like godt med sydvesten på. Kristin brukar å vere på Sandøya for å stemme piano med jamne mellomrom. Pianoeigaren kom forbi med dei danske gjestane sine for å helse på oss. Ein sel heldt oss med selskap ved stranda og kvalane for forbi like utanfor. Det er heilt greit å sjå på knølkvalhalar og spekkhoggarfinner medan ein et opp realen sin.  


Etter lunsj bytta vi kajakkar og årer, og brukte blåtimen på heimeveg til å teste og vurdere diverse utstyr. Det kan høyres lurt ut. Det er ikkje så lurt når ein skal rett på Alfa fritid om kvelden. Skal berre sjå innom, liksom....Godtebutikk nr 1 for padlarar i Norge. Har du ikkje vore innom så kan eg anbefale det. Kaffimaskin og padlestæsj for ein kvar smak.  

Kart frå Kristin - lettare modifisert. 
12,5 km padling og enorme mengder kval per kilometer!

Endeleg fekk vi ein kvalpadledag med stor K! Nøgde og slitne.
Etter fire fantastiske turdagar var det også heilt fantastisk å krype til køys UTAN å sette på vekkeklokka på eit eller anna ugudeleg 05.xx klokkeslett!!!
Mykje vil ha meir - så det vert nok Tromsøtur neste november og!! Eg er klar! 


torsdag 19. november 2015

Gåsvær - forsøk på kvalpadling 2015

14.11 Det er alltid ei utfordring å finne ut KVAR ein skal dra for finne kval. Vi myldra litt. Lenger nord hadde vi trua på, og eg likar generelt å fare på nye plassar. Jarle kom med eit godt framlegg. Når plassen i tillegg har rykte på seg for å vere ein skikkeleg idyll, og verd eit besøk i seg sjølv, kval eller ikkje kval, var valet lett. Sygni var og nøgd då ho såg at vi skulle legge ut frå KVALøyvågen, ut i KVALsundet, forbi VALneset. Vi sette kursen mot Gåsvær.

Kvalsundet!

Vi hadde så trua. Det hadde halve Troms og. Fleire "kvalskuter" med turistar, tre rib-båtar og 6 stk stormgjengarar i kajakk for utover omlag samstundes med oss. 

HAVpadlarar mot Risøya

Det var ein nydeleg dag. Stor natur. Kvalen såg vi ikkje snurten av. Heilt ute ved Gåsvær såg vi ein flokk spekkhoggarar. Småbåtane omringa flokken, og dei var langt unna, så vi gav oss på det. I mangel på kval vart det turist-dag på Gåsvær. 

Første glimt av husa på Gåsvær, med Vengsøytraversen i blåkvitt bak der. 

Kajakk og kar med fartspotensial!

Nokon hadde henta litt meir utstyr heime, men i naturhavna på Gåsvær vart vi samla flokk att. Nett då vi hadde drege av oss alle tørrdraktene seig det to knølkvalar forbi rett på utsida av sandstranda. OÆÆÆÆ - skal - skal ikkje? Det vart landgang på oss. 

På veg over øya

Kyrkja på Gåsvær (kapell - bygd i 1941 på dugnad)

Frå haugen og innover Gåsvær - kyrkje, kyrkjegard og gard. 

Det har budd folk her frå midt på 1700-talet til no nyleg. Kval har det vore før og skal ein tru justisprotokollen frå 1760:  Efter at der inden Retten af Fogden blev efterspurt om her i Tinglavet er funden Vrag og driv hval blev svaret: at intet Vrag er funden, men i afvigte vinter er paa Havet af Thomes Lars Gaasvær og hans med skibbere er funden en liden Hvalunge paa Havet, som de roede til landet; samme blev siden bortsolt til den høyst bydende, som var Søren Hans Selnes, for 10 rd, og bekom finderne deraf først deres findings Spæk tvende Faune fire skaaren. flere Hvale er ikke funden.

Idyll
 
Dei to kvalane vi hadde sett forsvann mot vest i lag med ein konvoi av småbåtar. 12 båtar på 2 kval. 

Uforskamma blide til å sjå så lite kval. 


Vi trøysta oss med bål og sjokolade i strandkanten.
Livet er ikke det værste man har og om lidt er kaffen klar


På heimveg i blåtimen. Spekkhoggarar på vandring saman med oss. 

Vi møtte ein svart einsleg padlar på vegen heim. Det var kjentfolk og veldig artig! Verda er jammen ikkje stor. Vel inne ved bilane og i stummande mørke tok vi ein dukkert i 7 kalde grader. Dukkert og dukert. Tre lynkjappe symjetak vart det i alle fall. Novemberbadet gjennomført! Ein ny herleg dag i godt lag. Om det kan kallast kvalpadling er eg ikkje like sikker på. 

18 km padling,  3 timar og 50 minutt på sjøen. 
Kristin har kontroll på loggen! Takk skal du ha! :) 


onsdag 18. november 2015

Vengsøya - Kvalpadling 2015

13.11 Ny dag - nye moglegheiter. Vi berekna enormt god tid til ferga. Bellvika er nærare enn ein trur. I grålysninga for vi over. Fjorden låg still og det var ikkje kval å sjå. På Vengsøya la vi ut med mål om å padle sørover mot vinden først, og få medvind heim. Den planen varte i ca 5 minutt til vi såg første blåsten i nord. Kvalpadling er kvalpadling.  

We were enjoying November hollidays in Troms and padling together with whales. Killer whales near by us and humpback whales in the horizon. Sunrise changing directly to sunset. Magic light and great company.  

Soloppgang ved Vengsøya

Mildrid med kurs mot Musvær

Det var eit par knølkvalar i Vengsøyleia, men dei vart oppsøkt av småbåtar og for rett til havs. Vi var skikkeleg i tvil om vi skulle satse på Musvær eller Vågsøysundet resten av dagen. Medan vi sat der med beslutningsvegring kom det spekkhoggarar ut leia. Den første gjengen for fort og la om kursen då dei såg oss. Dei neste hadde god tid og stø kurs og passerte på ca 20 meters avstand. Dagen var berga! 

Spekkhoggar mot Musvær

Grei avstand...

Då vart det motvindpadling mot Kvalneset på Kvaløya. Vi fekk sjå eit par knølkvalar til, men dei hadde ein hale av småbåtar og rib-båtar etter seg og for nordvestover. Det betydde at vi fekk sundet for oss sjølve og meska oss med ein haug med spekkhoggarar på den møysommelege vegen opp til lunsj-staden.  
Det kokte i fjordkrysset nord for Røsnes, men vi var for langt unna. Blåsten var det ikkje noko å seie på. 


Båling i myra med utsikt til kval i sundet, Kvalneset held det det lovar.

Heimveg i blåtimen.
Vi padla oss ut på fjorden sopass at vi fekk skikkeleg artig medsjøpadling tilbake til fergekaia. Ein super dag på sjøen - og definitivt kvalpadling! 

Kristin ordnar kart (endomondo). 
15 km padling og ein fin runde. På veg heim måtte vi stoppe og nyte nordlyset. 

Eg oppdaga Vengsøyatraversen, og skjønnar at eg må ut hit om sommaren med fjellsko. 

mandag 16. november 2015

Gjøssøya - Kvalpadlepremiere 2015

12.11 Alle gode ting er K. Kvinnfolk, kval og kajakk, meinte Bjørn Tore. Vi var kjappe til å legge til kaffi og kake. Nydeleg ver, nokre plussgrader og lite vind. Betre vert det ikkje.

Spenna klar!

Nye kombinasjonar av folk, kajakkar og utstyr. Nervar, forventningar og spenning.

Nydeleg lys og soloppgang i ryggen. Kvaløya bak. 

Vi såg kvalblåst i Gjøssøysundet, og padla ut med stor iver. Kvalane for nordover, og vi tok dei aldri att. Vi runda øya på yttersida, og fekk 3-4 spekkhoggarar rett i mot. Dei passerte på ca 40 meters hald, og vekk var dei. Eit kvalaugeblink var det - utan tvil. Elles var det hav og horisont utan finner eller blåst. 

Dagens beste kvalbilde... 

Ørn var det rikeleg av. 

Vi tok lunsjen på Gjøssøya. 

Padlarar i posisjon

Full kontroll på potensielt "kval-land" i lunsjen. 
Det einaste vi såg var ein smånervøs og selskapssjuk sel i fjøra. 

Sørfugløya, Sandøya og Rebbenesøya i midt-på-dagen-solnedgangslys

Det var flatt hav, fri sikt til Tromsøflaket og ein nydeleg dag på sjøen. Kval var i grunn et einaste vi mangla. Vi for oppover mot Rognholmen og såg ein og anna blåst i horisonten. I mangel av kval tok vi bilde av kvarandre. 

KVALitetesfolk og teambilde

Bjørn Tore riggar seg til for damefotografering!
Resultatet vart kanonbra! 

KVALitetesbilde, kvinnfolk og kajakk - berre kval-K-en som mangla.

Klokka var nok, dagen var kort og vi sette snuten heim. Flott padletur, lite kval, men TRUA hadde vi framleis. Dag 1 av 4 - nye sjansar i fleire dagar framover. 

På veg heim vart det mørkt, ein vart dårleg og vi fekk repetere nokre grunnleggjande ting om lys, kommunikasjon og mørkepadling. Kjekt å kjenne på at vi klarar å ta vare på kvarandre sjølv om det vert uføresette hendingar. Siste 100 metrane innover grunne sandbankar stima det småfisk i lyset frå hovudlyktene. Litt slitne og godt nøgde med ein lang padledag benka vi oss med KVALGRYTE og raudvin hos Kristin om kvelden.

Turen vart 32 km og 7 timar på sjøen. 
  
Endomondokart frå Kristin

..og det er greit å ta kveld når ein bur på verdas beste "kvalpadlehotell" med eige dørskilt.....