tirsdag 31. mai 2011

Premiere med turpadlelaget

Tirsdag er turpadlelagsdag i Ålebyen. Skyline i sentrum var prega av monstercruisebåten AZURA.

Før vi kom så langt var det øving på tauing, og med to framom og ein bak vart det mykje å halde styr på. 

Brått var vi midt i ein regatta med seglbåtar som kryssa på alle kantar. Litt sjokk for meg som er som er vant med at det er to seglbåtar i kommunen, og at dei for det meste held seg i Stongfjorden...

Vi vart ganske små ved sidan av Azura.. Båten har plass til ca 3000 gjestar og 1200 mannskap. Kan meine mykje om cruisenæringa, men det ER kult med store båtar.

Frå den eine til den andre... Trollfjord låg på andre sida av sentrum. Eg vert litt nervøs av desse store, når vi er sopass nær. Det hjalp litt då ein av mine medpadlarar, rett nok litt tørt, kommenterte: "Ho renn deg ikkje ned så lenge trossene er ute..."

Bortsett frå ein haug med ærfugl (og KVIFOR er det meir ærfugl her enn i Askvoll?), var det ikkje så mykje dyreliv å sjå i dag. Båtlivet derimot, gjekk over heile skalaen.

Kva er det NO det skal slepast på då? 

Aha! Ungdommen no til dags slurvar ikkje med St.Hansbåla sine, så gjengen har starta med grunnlaget for Slinningsbålet. Med eit solid bidrag på 1 stk pall eigenhendig slept av Susan.

Vi runda av med litt diverse aktivitetar, for min del kameratredning. Sygni testar stabilitet.

Og sidan store delar av bikinisesongen, i år som i fjor, truleg vert gjennomført iført tørrdrakt, så er det ingen grunn til ikkje å avslutte kvelden med restitusjonsmuffeluffar. Det funkar for meg, om ikkje heilt anerkjent av olympiatoppen.

Turen i dag vart ca 14 km

Eg var ikkje heilt på lag med fotoapparatet i dag, men det var Susan, og her kan du sjå hennar blogg med masse flotte bilde fra turen.

torsdag 26. mai 2011

Ny NUKA naturlegvis

- eller Hestholmen rundtomkring, som og hadde vore ein passande tittel. Litt julaften, litt bursdag og ein dæsj treårsfryd; "MIN, MIN, MIN!". Stemninga var høg på onsdag då Susan vart med og henta kajakk. Prøvepadling skulle gjerast tvert, og Kjeldsund vart plukka ut som eit godt utgangspunkt.


Kjeldssund var eit "Meget bekvemt handels- og gjestgiversted" på 1800-talet, med skjenkestove og alle rettar. Meir om Kjeldsund på misjonsselskapet sine heimesider

Men tilbake til saken! Ny kajakk! MIN! Fin ja!
Foto: Susan

Rundt Hestholmen var målet for kvelden. Har du ikkje høyrt om Hestholmen seier du? Det kan kanskje vere fordi den ikkje er så veldig stor. Så for å drøye padleopplevinga litt padla vi rundt og mellom alt som det var mogleg å padle rundt og mellom. Og det er det eindel av der.

Det var så kjekt å padle at eg nesten gløymte å ta bilde, for Nukaen reagerer på alt av kanting og styretak. Idyll og sjarmerande. Nydeleg område for ein padlekveld. Holmar, skjer, sund og laguner.


Frå no vert det nok mest raudstripete tupp på alle bilda ja...


Susan køyrer gjennomført grønnlandsstil



Førsteinntrykk: Supert! Nemnte eg kor fin den var, nykajakken?
Foto: Susan

Ikkje rart gliset går heilt rundt når vi er ute og luftar oss i dei finaste kajakkane som finst!
Susan øver på pauser. Eg er med.

Sjølv om det satt langt inne vart det ei cowboyredning på slutten av turen. Mykje lettare å tømme Nukaen for vatn, men litt meir jobb med å komme seg oppi att enn med grenlanden.

Det kjem sikkert nokre litt meir saklege betrakningar og grunngjevne erfaringar her etterkvart. I denne omgang står det berre att å takke Tor Inge på Yst ute for god service så langt, og Susan for turen!

Vart ca 10 km

onsdag 18. mai 2011

Sunnmørssøndag

Dagen derpå kan brukast til så mangt. Med ein dose frisk luft, utforskartrang og godt selskap vert det fort fine opplevingar. Søndag 15. mai sette vi kursen mot Kverve og Blimsanden, for å finne ut kva dette kunne vere for noko greier.
Godøya i sikte

Lykta på Kverve. Fin turveg og sti ut, og post i turmål Ålesund og omland.

Kva er dette? Då vi var små lærte vi at dette var lavastein frå Island. Men det liknar eigentleg meir på korallskjelett eller svamp?

Mykje artig å sjå i fjøresteinane. I dag snubla vi over ein dam med min absolutte favoritt: SJØANEMONE!

Og har eg kjøpt undervasskamera så skal det nyttast...

Så kule! Eksotisk! Trur det er fjæresjørose (Urticina felina)

Ny tunnel, og vips var vi på Vigra. Etter mykje høgre, venstre, venstre og høgre på nytt så var vi på Blimsanden. Det var ei utruleg flott sandstrand!

Nokon hadde vore tøff i trynet, og sidan invitasjon var sendt ut med oppmoding om å "ta med badetøy" så var det inga bønn...
Sesongen er i gang! Kaldt men gøy!

søndag 15. mai 2011

Sørlandsturnè

Det vart ein skikkeleg sørlandsturnè i forrige veke, med både jobbing og kusinebesøk. Hotella i Arendal var fullbooka, så eg endte opp på Arendal Herregård. Flott anlegg, og fine turmoglegheiter.

Kveldstur langs raet. Mot store og lille Torungen fyr (klikk på bildet for større utgåve). Flotte rullesteinsstrender og spennande historie.

Kyststien på Hove

Deretter gjekk turen til Modulfdottir i K-town

Kristiansand

Er ein turist så er ein turist... På branntårnet.

Takk til Ingrid for ein veldig kjekk dag i Kristiansand og strålande oppvartning i kollektivet!

onsdag 11. mai 2011

Maimarsj på Melen

8. mai: Friheitsdagen! Mange gode grunnar til å ta seg ein lang fjelltur. Marita og eg har registrert oss på Steplog, og skal samle postar. Dessutan skal vi reutforske vår barndoms dal og utvide horisonten på heimlege trakter. Eg trong dessutan å vere litt oppteken nett denne dagen.
På Mjølkeberget (rett på, ved hjelp av indianargenet).

Då eg skulle finne ein stein til å ha under kameraet medan vi tok sjølvutløysarbilde fann eg denne.

Vi lot oss ikkje stoppe, og la i veg vidare mot Melen, men slutta å løfte på steinar.

Nesten oppe. Sommar!

Toppen! Obligatorisk vardebilde. Høgaste punktet på ruta i dag (769 m.o.h.)

Det raraste med Melen er steingarden som strekkjer seg frå toppen og kilometervis utover fjellryggen. Eg har ikkje klart å finne ut kvifor eller når denne vart bygd. Det kan vere fogderigrensa mellom Nordmøre og Romsdal, eller kommunegrensa mellom Fræna og Eide. I gamle dagar var svenskane og innom ein kort periode i området og tulla med riksgrensa. Er det nokon som veit?

Heilt frå toppen....

 ...og kilometervis vestover fjellet

Med ein bil i Bollia og ein bil på Skotten hadde vi ein plan om å gå heile Stemshestenmassivet.
Midt på, mot Sjurvarden, ligg Olavsbu (i "gamle dagar" sang eg faktisk i kor i lag med Olav Hansen som har bygd bua).
 

Godt handverk dette. Eg har møtt min overmann i muring her.

- Å nei! Eg har mista mobilen! Marita ser fortvila ut. Splitt ny iPhone med ein drøss med bilder..
- Eg må tilbake, seier ho. Eg ventar. Det går fint.

Studerer hytta inni. Det går an å overnatte her.

Fin utsikt over ytre strøk er det og

Mobilen er tapt, Marita er tilbake og vi går på Sjurvarden. Vi snakkar med alle vi treff, og ber dei sjå etter hittegods langs vegen.

Bra utsikt til Farstadstranda og Hustadvika frå Sjurvarden

Vår lokale "Bessegg" på nedturen. Utsikt mot Atlanterhavsvegen og Averøya.

Siste post ved Skottenvatnet. 17. maistemning og høve til å drikke litervis. Fin utsikt, men dårleg med drikke på Stemshesten.

Har det gått inflasjon i turkasser, turmål, turbøker, turorientering og liknande? Vi er dei første til å innrømme at vi vert lurt - og motivert av slikt. Men i løpet av dagen hadde vi altså signert 9(!!) turbøker, registrert oss på tre Steplogpostar, og samla to kodar i turorienteringa til Fræna jeger- og fiskeforening. Heilt frivillig sjølvsagt.

Godt at dei kan samarbeide om pålen i alle fall..

På veg ned den siste traktorvegen kjem det frå meg: -Å nei! Eg har gløymt stavane mine!
Eg ser fortvila ut. Verdas beste teleskopstavar. - Eg må tilbake, seier eg. Marita ventar. Det går fint.

Å "jogge" opp ein bratt traktorveg var omtrent det siste eg hadde lyst til, men eg fann no stavane.

Turen tok ein heil søndag, og var på totalt 14 km.

Då vi sette oss i bilen tikka det inn ei melding på mobilen min: "iPhonen er funnen og kan hentast på Eide". Kva var oddsen for det?? Eg berre spør....