Viser innlegg med etiketten Skøyter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Skøyter. Vis alle innlegg

søndag 31. desember 2017

Romjula 2017

24.-30.12 Inngangen til jula var grønn og mild. Etterkvart vart det snø og skikkeleg julestemning. Eg kan ikkje hugse sist vi hadde så fint ver i romjula!! Variert frisk luft om dagane: Fottur til Skarvatnet, eit par turar til Stordal på ski med Sygni, skeiser på Harryvatnet med Arthur og ungane og rattkjelketur bak ATV'en. Ved midnatt nyttårsaften var det månelyst og mildt, og det var kjekt å sjå både eigne og andre sine rakettar. 

Skarvatnet

Svanane invaderte Gjelsvik går før jul

Bosse og eg lufta oss litt på julaften

Romjulsdraum i Stordal













GODT NYTT ÅR!!!

søndag 16. februar 2014

På jakt etter skiføre på Sunnmøre - Gråsteindalen

Søndag 16.02. Eg har ikkje vinterferie, og eg nektar å reise ut av fylket for å finne snø i februar. Hotell Union i Geiranger reklamerte for skiløyper i Gråsteindalen, og Sygni skulle uansett vere i Norddal i helga. Søndagsturen gjekk difor til Eidsdal, med ski og skeiser i bilen.

Austover i fylket var det vårleg og fint. Eidsdal låg der grøn og frodig over fjorden. Stengte vegar var ei påminning om lågsesong heller enn "Kong Vinter" sine herjingar. 

Vi varma opp med skeiser på Eidsvatnet (Kvitfjellet bak?). Kanonfin is med ein centimeter nysnø på. 
Tampen brenn... 

Artig for både vaksne og ungar!

Det vart utelunsj ved vatnet i Eidsdal. Ikkje gale i februar det. Sygni og eg drog vidare medan resten av gjengen skulle prøve seg på isfiske. 

Start på Korsmyra. Min første tur med "Parisbrett". Brettet vert heretter kalla "Pulken". 

Pulken hadde ca 20 kg tilfeldige pakkenellikar oppi. Det var lurt å ta bilde av meg og pulk tidleg. Det vart nokre grimasar og lydeffektar oppe i bakkane som eg tykkjer det er greit å IKKJE ha på film.. Det er mykje lettare å trekke enn å bere, men likevel uvant.

Sygni i godt driv! 

Flott og vill natur frå 50 meter etter parkeringsplassen. Vi gjekk opp i Gråsteindalen (Eg tenkte gråbein og ulvehistorier, men det viste seg å vere ei mental kortslutning). Det var køyrt opp løype, og den gjekk i ei stor sløyfe inne i dalen. Vi hadde snakka om Grandevatnet, og det såg  meir spennanande men framleis overkommeleg ut. Sidan eg i grunn var oppteken av å gå bak og dra pulk, så fall mykje av ansvaret for sporval på Sygni. Det var lurt. 

Nedover Gråsteindalen. Einaste plassen på Sunnmøre med skiføre?

Litt banning (Lene, pulkrelatert), to timar, 4 km og 400 høgdemeter seinare stod vi ved vatnet. 

Oppe! Få på klede... Lekkert landskap. 
Vi kjende oss sånn passeleg barske. Lett snøfokk, kald vind, svarte fjellsider..

Sygni nøgd på 1020 moh. 
Grandevatnet ned til venstre. Veggen på Trollkuphornet til høgre. Men kva heiter den spisse bak der? 

Geirangerfjorden rett ned for skuldra mi (høgre bildekant). Juhuu! Energi til å tulle litt. 

Deileg med to steg utan pulk. Så gjekk det brått opp for meg at eg skulle ned på ski med pulk. Ups. Jorda kallar. 
Øving gjer vel meister. Eg kom meg ned. -I fint driv, i følgje Sygni. DET var no dagens overstatement. 

Vardhornet og blåtimen på veg ned.

Kart - fin skiløype i Gråsteinsdalen. 
Stor parkering (Korsmyra) ved vegen rett ovanfor Ørnesvingane. 

mandag 3. februar 2014

På glattisen på Harryvatnet

Søndag 2. februar. Skarsethelg med skeiser i bagasjerommet. Sjølv om det har vore plussgrader ei stund mistenkte eg Harryvatnet for å vere frose. Kanonveret som var meldt søndagen let vente på seg, gradestokken for til himmels og sterke vindkast prega formiddagen. - Vi må ha med kaffi, seier pappa bestemt, sjølv om vi andre tvilar på om det er råd å sitte så lenge nokon plass.

På veg utover i myra flyg det opp ei ørn. Og ei til. Brått er lufta full av store ørnevenger. Dei snirklar rundt oss og siglar innover mot fjella. Kva har dei gjort ved vatnet? Kvifor er det så mange? Det var i alle fall 8 stk.

Ørn. Havørn tippar eg. 

Fleire majestestetiske ørner - dvs dei prikkane som du trur er rusk er på skjermen. 

Vi var oppglødde og tykte det var ein fantastisk tur allereie. Sjølv om vi ser ørn jamnt er det stas å få dei nær og mange. Vi saumfor terrenget etter åtsel, men fann ikkje noko. Kvifor var dei akkurat her? Var det vatn dei leita etter?

Vi runda dei siste myrhaugane og såg utover Harryvatnet.

Bislett!! FOR EIN IS!! Gledeshyl og hurrarop. 



På med skeisene. Kjempeglatt is utan ruklar. Perfekt vatna av fønvinden. Knallhard is under. 
Karianne sjekka kor tjukk isen var. 20 cm is, og deretter 30 cm vatn før botnen. Trygt på alle vis...

Alltid lurt med kaffi. Det vart 12-13 grader og mild vind.

Når det gjeld skeisinga tok Karianne ansvar og dokumenterte ferdigheitene.. Så det er mine sprell som vert offentleggjort i dag. Pappa hadde og nokre interessante "moves" då han skulle demonstrere verdsmeisterstart på 500 meter...

Forsøk på kunstar

Kan dette gå?

Forsøk på opphenting - det KAN GÅ!

Nei, det vart for mykje tyngdekrefter..

Flott utsikt innover Skarsetfjella.
Frå venstre: Raudtuva, Lauvhornet, Skalten med snø bakerst og Tinden til høgre. 


Flott tur! Det er skikkeleg artig med skeiser. Verdsmeister eller ikkje. 

mandag 28. januar 2013

Trippel med skeiser

Laurdag 26. januar for Trude og eg innover til Engesetdalen med skeiser og termos. For begge var det første gong med "turskeising". Etter ein del om, men og sightseeing så fann vi det perfekte utgangspunkt ved Akslevollvatnet. Grusveg frå Brauta og bomveg siste biten.

Trude på vatn nr 1 - Akslevollvatnet

Kanonforhold, med 30-40 cm tjukk blank is på vatna og sol. På Akslevollvatnet hadde vi vinden i ryggen og susa avgarde utan å bruke ein kalori.

Innløpsosen i Akslevollvatnet

Sjølv med ein lang kuldeperiode og tjukk is på vatna var dei små bekkane mellom vatna og osane opne. Det var heldigvis greit å sjå kva som var botnfrose og kva som var ope i elva. Eit stykke på skeiser gjekk bra, men så måtte vi over på føtene.

Vatn nr 2 - Mevatnet

Det vart berre finare og finare dess lenger opp i dalen vi kom. Rein påskestemning under lunsjen ved vatn 2 og sola varma verkeleg!

Påskestemning! Skeiser i solveggen.

Skeiseturistane!

Starten på vatn nr 3 - Svartløkvatnet

Svartløkvatnet (Foto: Trude)

Svartløkvatnet var det desidert største vatnet, og her var det og finast is. Det var kjempekjekt å cruise over vatn etter vatn. Midt på her kan ein ta ein piruett i tre kommunar: Skodje, Ørskog og Vestnes. Vi sklei i alle fall glatt gjennom alle tre kommunane om det var noko dårleg med piruettar.

"Posing". Midt ute i vatnet var det ein stor stein gitt! (Foto: Trude)

Leiking på heimveg

Utpå dagen var det akkurat som skjedde noko med isen og den vart kjempeglatt. Sikkert som følge av sola og "varme". Vi måtte leike oss litt og Trude imponerte med piruettar på bandyskeiser!

Returen over Akslevollvatnet rett inn i solnedgangen

Dette vart ein fantastisk dag! Området kan absolutt anbefalast til skeiseturar! Osane er tydelege, grunne og det er korte strekk mellom vatna (alle gåstrekk mindre enn 1 km). Sidan det er grunt i osane betyr det at ein berre vert våt og iskald, men  ikkje druknar, ved eventuell feilberekning.

Det var fleire som leika seg med ATV på vatna og variasjoanr av bål, hockeykøller, fisking, akebrett, sparkar og hundar. Små og store, unge og gamle. Det er tydeleg at mange sett pris på denne type vinter. Eg er eigentleg berre passeleg begeistra for motorisert friluftsliv, men når eg ser ungane som er med på tur storkose seg, og at det kanskje er ATVen til pappan som gjer at det vert tur på dei, så er det kanskje verdt det? 

Kart over området

Turen vart 14 km totalt sett med ca 1 km til fots og resten på skeiser. Den desidert lengste skeiseturen eg har hatt! Måtte av og på med sko 4 gonger, og det var kanskje det som var mest slitsomt med heile turen.
Vi hadde med stavar, men dei brukte eg eigentleg ikkje til anna enn bekkevandringa.