torsdag 16. juni 2022

Fjørå - vårskitur til stølane

 1.mai  Vårtur innover i fjordane vert fort ei reise i nasjonalromantikken, med blomstrande frukttre, leikne fossar og buldrande småskred. Sjølv om vi hadde fokus på stølar i området, var det umogleg å ikkje verte imponert av landskapet som spegla seg i den blikkstille fjorden: Frå irrgrøne spirer og blad nede langs fjorden til dei snødekte toppane meir enn tusen meter høgare oppe.  

Garden Hauge ved Fjørå ligg på ca 400 meter over havet. Her er det tilrettelagt parkering og eit godt utgangspunkt for turar.

Austover og innover mot Tafjorden

Vestover og utover Norddalsfjorden

Første stølen var Nedstestølen, som vi ikkje skulle heilt bortom i dag. 

Nedstestølen frå to ulike vinklar

Deretter passerte vi Høgsætra


Synnøve har tilgang til eit av sela på Nysætra - som var hovudmålet for dagen. 

Selet! Båsplassar i kjellaren og enkel innkvartering i hovudetasjen. 

Flagget måtte sjølvsagt ut på 1. mai.  

Båsane står framleis og vitnar om anna bruk enn fritid og friluftsliv. 

Vi gjekk eit stykke vidare innover. Vårskitur er fantastisk og det er fine slake bakkar bak stølane opp mot Insteheia.  



Nysætra

Og fleire stølar freista til nye turar på andre sida av fjorden...

Valldal Bygdekvinnelag har gjeve ut boka: "Til seters. Setrar i Norddal". 
Flott og informativ bok. 

Om Nysætra/Høgsætra: 
Stølane vart etablert ca midt på 1800-talet. Fram til 1937 var det mykje geit. Deretter hest, kyr og sau. I dag er det kun litt sau som beiter fjellet. Dei fleste bygga som står i dag er sett opp etter 1947. Stølane og beiteområda har utfordringar med tørke. Tidlegare måtte dei frakte ved langsvegsfrå. I dag er det attgroing og skoggrensa kryp opp mot stølane. Vegen vart bygd i 1938-1940, berekna på hest og kjerre i første omgang. Før den tid var det berre sti til stølane. No kan ein køyre med traktor og bil på sommaren. 

Nedstestølen:
Ikkje av dei eldste, men det var støl her ca 1870. Geitehaldet slutta i 1946, men stølen var i bruk med kyr fram til ca 1965. Her var det godt med vatn og det vart nytta løypestreng til å få ved opp og mjølk og gras ned.   

mandag 25. april 2022

Magerholmsetra

 23.04 Vårtur til Magerholmsetra



Flott skogssti oppover, før vi snubla inn på "Plassen" . 
Her var det ein tydeleg bø og husmurar som stod att. 

Fasinerande å sjå dei store trea som tek att landskapet. Nydeleg utsikt og vårsola varma i bakkane. Her må det ha vore godt å bu! 




Her låg den "gamle magerholmsetra" før småbruket "Daleplassen" vart etablert ca 1820. Bruket vart fråflytta i 1927. Det eg kan finne av kjelder tyder på at dei klarte seg godt i Magerholmdalen. Elva gav kraft til å drive treskeverk og mølle, dei tok ut tømmer og brann kol i dalen og i fjorden var det godt fiske.  
 


Fleire aktive krabatar og vårteikn på ferda vidare mot Magerholmstølen

Er det ikkje ein setervoll? 

Fleire tufter var godt synlege

...og for ei utsikt mot Sykkylvsfjell!!! 

Det stod att eit sel med skikkelege tømmerveggar - der tida nok har rent ut for renovering. 


Nydeleg rast i sola og ein rundtur i setredalen vart det. Innover låg det framleis mykje snø, så vi utforska ein anna veg til bygda med nydelege vårblomstrar og heftige sva.  


Heftige sva og skrentar over oss på returen! 

Merkeleg at eg ikkje har vore her før - ein flott nærtur som eg kjem til å gå om att! 

mandag 28. februar 2022

Setretur rundt Svartløkvatnet

 27.02 Eg assosierer Svartløken med langrennsløyper og den mest spektakulære skøyteturen eg nokon gong har hatt. I sidesynet har eg fått med meg at det er hytter langs heile skiløypa, utan at eg har tenkt nærare på det. Etter ein grundig kikk på kartet så skjønnar ein kor mange ulike setrer det har vore i området. Om ein skrur på stølsblikket så ser ein spor etter gamle stølshus og seterdrift innimellom. Vi starta turen ved fjellstova på Ørskogfjellet, og gjekk runda på knappe to mil rundt Svartløkvatnet. Då passerte vi minst 7 setrer på vegen!     

 

Bygdasetra


Fin utsikt frå Bydasetra over Svartløkvatnet og mot Frostadtind

Over mot Jostølen og naustrekka ved Tomreosen. 
Svartløkvatnet er vist kjent for godt fiske, og grunneigarane har dreve garnfiske her. 

Jostølen - dette bygget stammar nok frå stølstida. 

Jostølen - flott hytte i dag, der utløa framleis står og fortel om historie lenger tilbake?

På vinterstid er det ikkje lett å sjå kvar Jostølen sluttar og Frostadsetra startar, Vi suste forbi begge.  

Frå varmestova har ein god oversikt over mot Tomresetra

Brautasætra

I sørvestenden av Svartløkvatnet ligg Barlindhaugsætra og Brautasætra. Den første ser ut som ei ganske moderne hytte ved første augekast. Den siste har både sel og fjøs/løer og det er lett å kjenne ho att som ei gammal seter.  

Svartløken

Vi var i stuss om dette var ein gard eller ei seter, men traff to lokalkjende som fortalde oss mykje om historia. 

I boka "På tur i Ørskog" fann vi meir interessant informasjon: Svartløken er ein gammal gard, som etterkvart vart drifta som seter. garden har vore krongods, eigd av Giskegodset og av Abelset-ætta og etterkvart av prestar og gardbrukarar frå Ørskog. Namnet Svartløken finst allereie i registreringar frå 1606. I 1658 var det oppført to bruk her, med 2 hestar, 20 kyr, 18 sauar og 8 geiter. I 1920-åra var det seter- og hotelldrift. Det største huset på tunet er "Løkstova", og her var det fem rom til utleige og dans og tilstelningar i helgene. I tillegg vart det produsert geitost i kjellaren. Det var sommardrift og påskedrift fram til 1939. Deretter vart bygget nytta av Ålesund Raude kors i over 30 år.       

mandag 24. januar 2022

Lisetsætra og Amdamssætra i Ørskog

23.01 Vestlandsvinter er eit dårleg utgangspunkt for stølsutforsking. Storm og regn i januar ville ingen ende ta. Vi la difor i veg opp skogbilvegane ved Giskemosaga. I lia ovanfor skulle det fleire stølar innafor rekkevidde. Heldigvis var det køyrespor første stykket og ein person før oss hadde laga fotspor.  Elles var det å trakke seg gjennom med snø frå anklane til knea. 

Første post var Lisetsætra. Fine bygg og klart av nyara dato. Stien vidare til gamlestølen og Snaufjellet fekk ligge i fred - det var alt for mykje snø til å bakse seg oppover der til fots. 

Lisetsætra

Ørskog historielag (årsskrift 1997) fortel at denne stølen vart bygd opp i 1952. Då var det bygd veg opp frå Giskemosaga og to av gardane flytta frå gamle Lisetsætra og hit. Dei bygde fjøs med sel i enden. Drifta held fram til 1968.  


På returen gjekk vi innom Amdamssætra. Her var det fleire bygg i ulik stand og ulik alder. Ei diskre nyare hytte låg det og i utkanten av stølsområdet. 


Stry i fleire variantar

Forfallet har fått overtaket

Flott bygg med mykje historie - vi kunne sjå fleire funksjonar berre av å spasere rundt på utsida. 

Amdamssætra

Gardane på Amdam flytta frå Høgsætra og hit i 1940-åra, etter at skogsvegen stod ferdig i 1939 (Ørskog historielag, årsskrift 1997). 

Vårstemning

Utsikta mot Sjøholt og Ørskogvika

mandag 13. desember 2021

Vaksvikfjellet - overgangstur frå støl til støl

 12.12.22 Vaksvikfjellet er eit flott utgangspunkt for ski- og fjellturar. Til liks med mange slike populære friluftsområde har det tidlegare vore aktiv stølsdrift i området. Infrastrukturen med vegar, parkeringsplassar og hytter har rot i lengre tradisjonar enn søndagsturen. 

Eg har aldri gått langrennsløypene her før. Sidan det var lite snø og plussgradene pressa på frå aust, var berre delar av løypenettet køyrt opp av Lauparen IL -  men desse var nypreppa og flotte. Det vart tur til Grytalisætra først og over mot Kjersemsetra etterkvart. 

Synnøve på Grytalisætra

Seterstemning og "Stikk-ut"-post

Vinterstøl

Kjersemsetra utvida med meir moderne hytter

Kjersemsetra med Stall Kjersem som driv med islandshestar.

Desember er nok ikkje rette månaden å få skikkeleg stølsliv-stemning. Det var likevel ikkje vanskeleg å skjønne at dette var ein enkel og effektiv måte og komme seg frå Romsdalsfjorden til Storfjorden i gamle dagar.