søndag 31. august 2014

Rosholmen

29.08 Uteliv på ein fredagskveld kan vere så mangt. Sygni og Ragnhild var einige med meg om at DENNE fredagskvelden betydde det padling.

Sommarleg start i Mallavika

Fin padling på Rosholmen. Lite vind, lite sjø.

Selane var heime, men ikkje på land, og berre nokre få.

På yttersida

Kule steinar og berg for snirkling på nordsida

Under her.

Litt Kannesteinaktig. 

Det er ei gigantisk jettegryte under utvasking vi eigentleg padlar i her.

Kul formasjon. Er det eit andehovud?

Fin kveld og eg trur at eg endeleg skal opp til lykta...

Eit lite glipp i landinga, og brått stod eg på ein fin plass som likevel ikkje hang saman med lykta. 
Hugsar eg det til neste gong då? Så nær, men likevel så langt unna..

Strålande plass for niste og prat var det no likevel. Fin utsikt over hav og holmar. Storholmen var nær.

Storholmen. Utan zoom. 

Neste gong, du vakre lykt på Rosholmen, då skal vi ha oss ein prat. 

Betre uteplass skal ein leite etter!


Solnedgang over Rosholmen der ute. 
Vi var der, jammen sant'en var vi det!

Nok ein nydeleg kveld på sjøen! Takk for turen, ladies!

Kart over ruta

Endomondo: Aktiv padletid: 2 timar og 11 min. Distanse 13,2 km. snittfart 6 km/t. Litt usikker på om eg trur 100% på tala, for han vil ha det til at vi har vore på 685 moh og...
 Medvind, medstraum og etterkvart vindstille. Lett å padle. 


lørdag 30. august 2014

Rundemanen (568 moh)

26.08. Den uendelege sommaren held fram. Eg hadde eit par arbeidsdagar i Vestlandshovedstaden Bergen denne veka. Vi gjer som sjefen vår har sagt: "Pass på å få lagt inn ein tur om kvelden når de er på seminar/kurs-opplegg." Det vart skikkelege effektive og gjevande dagar på jobb, så skal sjå at det gjer godt å lufte seg litt om ettermiddagen. 

Utsikta frå Fløyen

"Synnøve Lundes uteskole" avdeling Bergen hadde bestemt at vi skulle på Rundemanen.  Flott tur frå sentrum, opp til Fløyen og vidare på grusveg og asfaltveg innover. Vi fekk sjå mykje store tre, Brushytten, Blåmanen, og nydeleg utsikt frå toppen. Sotra og omland låg i ein varmedis i horisonten og det var fleire rundar med tuting frå store cruiseskip på fjorden. 

Spreke jenter på toppen av Rundemanen. 

Det var mykje folk overalt i løypenettet. Godt å sjå at både nordmenn og utlendingar veit å sette pris på natur og fine ettermiddagar. Bergen har fine by-fjell, og sjølv om graden av tilrettelegging er i overkant for min smak, er det perfekt når ein berre er på snar-visitt. 

Alle i turfølgjet var medlemmar i den ekslusive gruppa "Midten får dritten", så eg fekk mykje ny lærdom denne ettermiddagen. Takk for turen!

tirsdag 26. august 2014

Kjerringa (1130 moh)

17.08 Kjerringtur på Kjerringa. Eller ei kjerring og "en frøken" som den nygifte påpeika så fint!

I "Fotturar på Sunnmøre" les eg : ... 3 meter lågare enn "Mannen", men som for dei fleste par er Kjerringa den mest framtredande og elegante. Toppen er forma som ei tretagga krune. Alle ruter til Kjerringa krev klyving, men ikkje klatring. 

Tindane veks opp frå skogen!

Nesten litt haustfargar. Saudehornet t.v bak og Vassdalstinden rett fram. 

Den største utfordringa var å finne Follestaddalen.. Deretter gjekk det greit på traktorveg opp til ein sel, og sti vidare derifrå. Over ei myr, der vi mista stien, opp ei li, og der kom vi inn på hovedstien mellom Mosætra og Ljøsådalsvatnet. Steike gode til det her etterkvart!

Kristin tek ansvar og skriv oss inn i trimboka ved Ljøsådalsvatnet. Turen vidare går forbi vatnet, opp brekka bak vatnet og så rett til høgre opp bratta. 

 
Fin utsikt til Rotsethornet og Ørsta frå bandet. Verd å nyte den litt, for då eg snur meg ser eg bakken vi skal opp..
  
Opp her ja! Det vert koseleg. Kristin konstaterar at HER var det BRATT gitt! Knotten bak og øverst er toppen på Kjerringa. 

I bratta oppdaterer Kristin meg på ulykker på Kjerringa med fatal utgang. Det hjelp ikkje akkurat på farten, men eg held konsentrasjonen oppe!



Mosætra og delar av Langedalen. Ørsta heilt bak ved fjorden

Oppe på neste band, og vi ser ut mot Årsæterhornet bakerst der.

Sti, bratt og rosinen i pølsa: litt klyving før toppen.

VI KOM OPP!!

Langedalen og Åvasstinden fra toppen

Mot Mannen og andre fjell og dalar i nordleg retning 

Mot Årsætherhornet fra toppen, og ruta vi kom opp. 

Teambilde!  

Då var det berre å halde tunga beint på veg ned att og.

Toppane frå øvste bandet

Rått landskap. 

God sti. 
Frå bandet til toppen lønner det seg å halde seg til den øvste stien. 

Kjerringa, med knatten på. Kult fjell. Har vore der. Stolt og glad. 

Stålkontroll på heimveg, og no går vi stien litt lenger og kryssar meir direkte over til hyttene og traktorvegen. 

Mykje greiare å gå stien i skogen, gitt! 

Fleire bilde frå turen kjem det på Fjellfant, bloggen til Kristin og Marius etterkvart.

Vel heime att fann eg ut at det var på dagen 111 år sidan "førstebestigninga" på Kjerringa! 17. august 1903 gjekk Patchell, Bowen og Haskett traversen mellom Kjerringa og Mannen. Antageleg var dette førstebestigninga på Mannen, men ikkje på Kjerringa. Så seier i alle fall boka "Tindekliv på Sunnmøre" av Dagfinn Hovden- Den er heilt fantastisk! Bitar av fjellhistoria på Sunnmøre er sett saman med eit herleg språk, autentiske bilde og eit stort kjeldemateriale. 

Turen totalt var på ca 10 km. 
Totaltid 4,5 time, og Endomondoen viste 3,5 time gangtid. Vi starta på ca 200 moh. 

Høgdeprofil frå Endomondo.

mandag 25. august 2014

Bursdagspadling med Sygni

15.08 Ein dag på etterskot, men likefullt; bursdagspadling! Vi for ut på eiga hand i halvstore forhold på Blimsanden. Målestasjonen på Vigra: 5 m/s middelvind, maks ca 8 m/s.

På sjøen for 3. gong denne veka! Likar. Mykje. 

Det var fin sjø, og kjempekjekt å padle i litt store forhold. 

Vi for ut til dei ytste holmane før Storholmen og padla rundt dei på yttersida. Der vart det av naturlege grunnar ikkje teke noko bilde, for eg trong faktisk begge hendene på åra. Vi fann ein fin plass å gå i land på le-sida av den største holmen. 


Det vart ikkje Munkholmen denne gongen men ein litt større

Ny tørrdrakt og nesten klar for "by-tur"!

Kvalitetstid med litt niste, herleg utsikt og ein bitteliten bursdagsgåve. Vi oppdaterte kvarandre på høgdepunkta frå i sommar. Ferien hadde vi teke på kvar vår kant, men med mykje padling både her og der. Padle-Norge er ikkje så stort, for det viste seg å vere fleire krysskoplingar med folk og historier!

Fin utsikt!

Storholmen. Kjem den stadig nærare skal tru?

Endeleg! 15. august og vi er her på lovleg vis med god margin!

Den beste gåva var det ein grå, ung, elegant og utruleg nyfiken liten fyr som stod for. Han låg i fjæra heile timen medan vi pausa, stakk ikkje av då vi la ut kajakkane og vi hadde minst eit kvarter på fellesen i vika etterpå. 

Kven er dei og kva gjer dei her? Kan eg lukte noko interessant?

Best eg følgjer med....

Ser dei meg no?

Kveld - lys - hav - horisont - magisk!


Det stilna ein del før vi for inn, men det var framleis artig medsjøpadling innover. 

Blimsanden var full av kiterar denne kvelden. Vi deler gjerne på godene!

Sygni trakka over kneet i det ho gjekk på land, og vart liggande i vasskanten og vri seg i smerte. Det er altså ikkje padlinga som er farlegast.. No kryssar eg fingrane for at det berre er ein mindlertidig "vondt" og at kneet er like heilt etterkvart. Det vart ein usedvanleg dårleg slutt på ein elles fantastisk padlekveld. Takk til høflege og hyggelege kite-gutar som hjalp oss med sjauiing av kajakkar!

Turen ca 7 km.