Viser innlegg med etiketten surf. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten surf. Vis alle innlegg

tirsdag 29. september 2020

Damenes aften på Alnes

 28.09 I "gamle dagar" var vi ofte ute med kajakkane og surfa på stranda på Alnes. Etterkvart har vi utvida horisonten i mange ulike retningar, og vore andre plassar. Det har vore lite sand på stranda, og lite freistande å knuse kajakk mot stein. Eg har kjent på eit lite sakn, for det var mange nydelege timar med adrenalinrush og naturopplevingar her. Brått var sanden tilbake, surfelysta på topp, og nye medpadlarar gira. Små bølger, mykje moro og høge på livet! Det vert nok ikkje så lenge til neste økt! 

Kjempefornøgde!!
Lene, Sygni og Lene (Foto: Sygni)

Når kvelden startar slik veit du at det blir bra!

Blankstille ved moloen, men vi hadde tjuvkikka på stranda - og der trilla det inn vakre små bølger til oss!  





Roger stod på land og filma litt: 
Ikkje så heftig, men artig for kajakk-kvinner!

Bølgene vart gradvis større og dagslyset forsvann, sakte men sikkert. Kveldane no er alt for korte, og det vart mørkt lenge før vi var leie. Men kanskje like greit å gje seg medan leiken er god og før alle kreftene er brukt opp? Fin padling i dønningen rundt Alneset tilbake.  Vi fekk sjå "Alnes by night" stige fram medan vi pakka i hop. 

På heimveg

Skymt i hamna


Vi fekk øvd på av- og påstigning ved brygge, støttetak og kanting, rulle og andre raritetar, styreevne med og utan skeg og eg fekk meg ein salto (!! framlengs). Det aller beste var likevel å leike seg saman med gode venner og å finne tilbake til godkjensla på stranda!

mandag 20. januar 2020

Bølgeleik på Vigra

19.01. Vind og regn, regn og vind. 2020 starta grått, og padleabstinensane hadde bygd seg opp i vekesvis. Skiføret er heller ikkje noko å skryte av for tida. Då det endeleg vart eit lite vervindauge på ein søndag var  vi klare for leik og moro til sjøs.

I Mallavika slo bølgene store inn mot stranda og det var ikkje lange padleturen før vi fann gode forhold for leik og moro. Eg kjente meg litt rusten, og var kanskje ikkje så offensiv, men det vart uansett nokre fine surfar, ei rulle som satt og flotte bilde!

Vårleg og fint! 

MYKJE vatn i sving
 
neste surfbart på spot nummer ein


Heilt surfbart på spot nummer 2
 

Innhenta av skum..
 
Ups! Kva skjer? Øystein avsluttar surfen med baklengs piruett

Svusj...

...svusj...

....splæsj!!!

Det gjeld å vite når ein skal halde att litt og. 

 
1, 2 3.... DYKK. 
Både Hammer'n og mannen kom opp til overflata att og avslutta med ein baklengs skru ut av brottet. 
   

onsdag 11. desember 2019

Haustsurf i Hoddevika

21.09 Haust, helg og Hoddevika! Litt av eit kinderegg! Kristin kom sørover med padlekle i sekken og leigde kajakk med Øystein. Vi jentene for ned fredagen og tok ein skikkeleg sightseeing gjennom Vanylven før vi landa på Stad Surfing. Det var mykje å sjå langs vegen! Verdas største solsikke, fisken i Fiskå, og historia om den første Sunnmøringen! I tillegg såg vi levande ungdommar som hang ute om kvelden og var sosiale med kvarandre utan elektroniske hjelpemiddel!
Karane kom dagen etter, og satsa på dagstur. - Og for ein dag det vart! Det var perfekte forhold og vi fekk masse surf! Litt bratte bølgjer i periodar, men so pass må vi tåle. Leik og moro heile dagen. Kristin tok til og med reentry og rulle i surfsona.

Å for ein strålande morgon! Høge på livet og klar for leik! 

Hoddevika. Herleg eksotisk. 


 




Veggen i mot på veg utover. Timing is everything...





---------------------------------------------------------------------------------------------

Verdas største solsikke!!

  
Fisken i Fiskå

Litt "Hotel California-spooky" om kvelden? 

tirsdag 29. oktober 2019

Alnes

26.07 Kjekk dagen derpå-økt på Alnes. Eg hadde ikkje med kamera, men Øystein hadde.... Store forhold på tuppen, fine bølgjer med veldig mange brettsurferar på stranda, og fin lita bølgje på innsida. Vart nokre fine kontrollerte surfar, og eit par litt mindre kontrollerte. Lite fart i surfen og sterkt sideveis drag i sjøen var utfordrande nok. Herleg økt!

Ups. Litt bakpå. Hakket før eg rulla, men det vart ein grei dunk før vi sklei forbi kvarandre. 
Foto: Øystein Pilskog/Kajakkguiden

søndag 27. oktober 2019

Båre og brott på Vigra

27.10 Vind og bølgjer frå nord betyr potensielt mykje gøy i området her. Søndagen stilna vinden, men det var framleis mykje drag i sjøen. Vintertid og snø i fjella. Vi starta med ei sjeldan fin surfeøkt på Blimsanden. Litt drilling på baklengssurf gjorde godt, det var lenge sidan sist! Deretter var det utforsking ved stakar og skjer. Sjølv om det var grått og vasskaldt var det greit å vere i aktivitet - så lenge pausane på land vart korte nok. Øystein hadde "djupdykk" som tema for dagen, og gjennomførte med stil. Brotta er fine på den måten at ein kan velje kor nær ein vil vere og kor mykje sjøsprøyt ein vil ha - så alle kan få tøye si eiga komfortsone.

Blankstille innom skjera, men godt drag i sjøen utanfor. Grått, men flott! 

Øystein køyrer på! Rockhopping er ikkje like lett å berekne, så her vart det skrammer, men heldigvis berre på utstyret. 

Favorittstaken? 

Bølgja ved sidan av staken er flott, men vanskeleg å treffe.

Hårfint for langt unna... (Foto: Øystein/Kajakkguiden)

Venting er ein del av gamet

Bildeserie av eit av Øystein sine djupdykk: 

1. Ser lovande ut! Her vert det surf!

2. Ups, kjem litt bakpå her

3. Ups... kvar vert det av kajakken no?

4. Skikkeleg UPS UPS! Kvar vart det av mannen? Vi gjer oss klare for redning...

5. Kva skimtar vi der?

6. Hammeren stig opp frå djupet. 

7. Våt, men glad. Spytta ut like heil og rett veg. Kven skulle trudd det! 

Roger testar ny leikeplass.
Borti her har vi nesten ikkje vore før - men det var fine skjer og ei veldig artig spretten lita bølgje! Det vart etterkvart nye djupdykk. 

Transportstrekka vart totalt 6 km - og sikkert like lang padling att og fram i surf og brott.