mandag 29. oktober 2018

Herleg hausthelg med hengekøye og strandrydding

26.-27. oktober Endeleg ei helg med godver! Oktoberovernattinga skulle naglast, hengekøya til pers og heldige meg fekk med Mildrid som turfølgje. Vi hadde skumle planar om å båle, kose oss og rydde holmen for søppel. Rydding har vorte ei rein glede når vi kan alliere oss med "Plastfritt hav", og få sekkar og avtale om henting på eit blunk.

Kvar si lyst på fredagskvelden! 

Vi starta seint, og det var månelyst og opplett. Overraskande mykje båttrafikk , og vi var veldig forsiktige med kryssing av leia. Sjølv om vi har lys på oss og kajakkane, så er eg ikkje sikker på kor synlege vi er.  

Padlar i måneskinn

Stas å vere ute - stas å komme fram. Vi var effektive å sette opp camp, og heiv oss rett i desserten. 

Månelyset var så fint at det var nesten litt kjipt å legge seg. 

Soloppgang på eine sida og måne på den andre. 

Fantastisk å vakne opp i køya! 

Eg sovna frampå og vakna langt på dag. Luksusliv og helg!


Frost i bakken, men varme i sola. Fredagsmiddag vart det aldri, men laurdagsbrunch i sola var heilt greit!


Eg gjekk for ei meir optimistisk open løysing enn Mildrid, men begge var strålande nøgd med natta og søvnkvaliteten. 

Neste post på programmet var rydding

Søppel fann vi - både høgt og lavt. 

Gamle synder, nye synder og isopor i store mengder. 


Akkurat då det passa med ein pause kom det fleire padlarar forbi. Kaffidrikking og tyting er aldri feil.  

Roger og Kyrre får omvisning på basen.  

Kyrre med surfski. Det ser tøft ut. Eg er freista til å prøve det meir. 

Tilbake til ryddinga. Det vart ein aldeles nydeleg dag på holmen. 

Det er likevel ein bismak, når du veit at det ligg isopor under torva på omlag heile øya. 
Vi rydda 2 personar i ca 3 timar og fekk samla søppel på halve øya, ca 500 meter strandlinje. 


Det vart ein brukbar haug, dessverre.

Strandrydding kan anbefalast som aktivitet; du får vere ute i flott natur, det er bra for miljøet, god trim og gjev ettertanke. Det er meir som eit kinderegg! Om du held til på Sunnmøre, ta kontakt med Plastfritt Hav, om du treng info om ryddeaksjonar eller organisering av henting av avfall.     

Ryddekart

Padlinga t/r vart 10,5 km. På veg innover att hadde vi medstraum og sluddbyger, så vi fekk igrunn med oss det meste av ver på miniekspedisjonen! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar