Viser innlegg med etiketten Bre. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bre. Vis alle innlegg

onsdag 24. juli 2019

Sommarpadling i Loen

24.07 Sommaren på Vestlandet kan slå til! Brått vart det 30 varmegrader og halve nabolaget hadde fri på same tid. Då vart det impulstur til Lovatnet i Nordfjord. Nær nok til at vi berre kunne stikke på kort varsel, men langt nok unna til å vere eksotisk for oss kystpadlarane. Eg må innrømme at eg i utgangspunktet er litt lunken til fjord- og innlandspadling. På slike dagar må eg derimot legge meg heilt flat og heilhjarta innrømme at det er vakkert og fantastisk. Grilling, fliring, padling, hengekøyenetter og bading - kortreist ferie på sitt aller beste.

Nesten kunst.. PØV gjengen på Lovatnet

Kveld ved Lovatnet - Helset camping. 

Straks klar for padling (Foto: Gro)
Uvant, men kjekt når sikkerheitsutstyret i hovudsak er solbriller og solkrem. 

Perfekt dag for padling, på ein turkis spegel av eit brevatn. Store landskap og dramatiske fjellsider.

  

Astri fekk prøve Nuka og vingåre, og dei var bestevennar frå første minutt

Snirkling langs land. Deileg med skugge.

100% sommarpadling. 


Som å padle i eit måleri heile dagen! 
  
Kjenndalen og Kjenndalsbreen 

Innerst her ligg Kjenndalsstova. Dei har is. Og lokalprodusert eplesaft. Dei einaste som snakka norsk der var oss. 

"Elvepadling" i isvatn. Nesdalen og Nesdalsnibba (?)


Nervepirrande landing av drone på vatnet. 

Dronebilde (Foto: Øystein Pilskog/Kajakkguiden)

Dronebilde (Foto: Øystein Pilskog/Kajakkguiden)

Det fossa og dampa frå alle fjell. På platåa over her ligg det brear, som svetta i varmen. 

Bading; meir godt enn kaldt! ...og alle var uti etterkvart.

Temperaturen i vatnet varierte frå 11-12 grader til nesten 20!

Øystein nytta høvet..

Vi runda av med rulling

Synkronrulle. Vi har blitt god på første halvdel.
Eg var totalt uførebudd på det ekstreme trykket som bygde seg opp i biholene i ferskvatnet. Så det vart bom og tilbake til godsida for å komme opp. Filming: Gro

Det var ein herleg dag, ein slik der sommarkjensla fyller heile kroppen. Ikkje noko stress, og ny kveld med grilling og sosialt utover kvelden på campingen. Eg er ikkje så rutinert på campingplass-camping, men med litt store grupper og venner med god grill er det berre fordelar med campingplass.  


Helset camping, ein aldeles utmerka base for padling på vatnet.
Vi fekk plass på campingen med eit naudskrik. Det er rimeleg fullt av turistar i Nordfjord om sommaren. 

Utsikta frå hengekøya mi

Øystein rigga seg og til med hengekøye (Foto: Astri). Eg utan tarp. Maks comfort. 

Rosa foss i solnedgang. 

Padlinga vart til saman ca 16 km. 

fredag 29. september 2017

Under Troget - høge kneløft i Fjærland

29.09.17 Bøyum camping i Fjærland er eit godt alternativ når ein vel å legge att teltet heime. Husmorferien var eit faktum og vi låg i posisjon til fredagen.

Morgonstund i Fjærland

Inspirert av Eline sine FB bilde frå Blånipa og Tverrdalen sette vi avgarde om morgonen. Flotte haustfargar, delvis sti men og mykje terreng utan sti etter stølen. Etterkvart bratte og lange bakkar opp langs fossane. Vi kom opp i stor ur, blankskurte svaberg og ungt landskap under breen. Det verka veldig logisk å gå der vi gjorde, men då vi kom opp til brekanten var det ikkje like logisk. Klokka gjekk frå oss, og vi måtte snu for å rekke avtalt sosialisering og hygge hos Jorunn. Store landskap og imponerande formasjonar!

Merka sti til gammal støl i Tverrdalen. Solglir på breen og Troget kneisar svart og stolt over dalen

Haustfargar - austover ned Tverrdalen

Vi gjekk opp mellom fossane. 
På veg ned fann vi sti, så det er lurare å gå den første kneika til høgre for begge fossane, krysse over og deretter gå neste kneik mellom fossane.  

Blånipa bakerst. Hårete mål for dagen. 

Flik av Jostedalsbreen. Store landskap her inne

Lunsj nr 1. 
Vi var veldig flinke til å ete jamnt denne turen - Kristin passa på klokka. Veldig lurt. 

Skikkelege bresprekker rundt Troget. Rått terreng

Denne ryggen hadde vi tenkt oss bort på og følgje vidare austover mot toppen.

Det var berre eit lite crux...

Mellom oss og ryggen låg det ein flott isbre!
Det var lite aktuelt å gå under, og vi var usikre på om det var aktuelt å gå over. 
Vi hadde med stegjarn og øks, men ikkje tau. 

Kul formasjon. Under Troget. Kanskje ruta går over breen her? 

Klokka var uansett sopass mykje at vi ikkje kom til å rekke brekryssing, topp og retur utan å komme alt for seint fram til det eigentlege mål for helga: Besøk hos Jorunn. Med meir enn tusen høgdemeter i beina og storslått utsikt var vi nøgd med turen og snudde (omlag 1300 moh). Eg må altså gjere meir research på denne turen. 

Finn Kristin

Finn meg (Foto: Kristin)

Tverrdalsvatnet (1021 moh)

Klukkande vatn og ein million bekkekryssingar i løpet av turen. 

Tistelangrep!

Omlag her gjekk vi. 
Loggen til Kristin viste 8 km t/r og 1100 høgdemeter. 

Brelandskap er kjempekult! 
Bratte lange bakkar og lite stiar gjer at innmarsjane tek tid i området her. Det er store formasjonar, lett å undervurdere avstandane. Skogsterrenget er frodig og jungelaktig, og skikkeleg kjipt å finne fram i utan sti. Fjellsko er eit must.   

fredag 9. juni 2017

Norge rundt - Brehopping frå lufta

8.-9. juni 2017 Jobbreise til Bodø. I nydeleg ver stod Bodø fram som "syden", og for ein gongs skuld kunne vi gløyme både ytterklede og "Bodø-knekken" for å handtere motvinden. Svartisen låg og freista på veg oppover. Eg klarte å snike meg ein tur på keiservarden i Bodø. Det var programfesta utflukt til Kjerringøy. Som om ikkje det var nok var det kansellerte fly på heimveg så eg fekk med meg Folgefonna og Flesland i solnedgang og ei fin innflyging over Grasøyane fyr til Vigra.

Lysta på bretur vert ikkje mindre etter slike "synfaringar" frå lufta.

Innflyginga til Bodø over Svartisen

Svartisen og brefallet Engabreen. Holandsfjorden/Nordfjorden

Midtnattsol på Keiservarden - Mot Lofoten og Landegode

Fine turstiar i Bodømarka. Steinlagt sti siste delen mot toppen. 

Spennande fjell på veg mellom Bodø og Kjerringøy - Steigtind  (793 moh)

Kjerringøy Handelsstad

Kjerringøy Handelsstad

Synfaring i Bodø havn - og info om byggeprosjektet.

Bodø frå sjøsida. Lekkert! 

Svartisen frå ny vinkel på heimvegen. Freistar ikkje mindre.

Etter mykje om og men vart ruta heim att dramatisk endra. Brått flaug eg over Folgefonna i solnedgang. 

Fonna! Lekkert her og - vårskitur neste?

Solnedgang på Flesland