torsdag 20. juli 2017

Hatten av - for Hatten (850 moh)

20. juli. Ein nydeleg dag - men no måtte eg komme meg nordover. Planen var køyring og nokre kvalitetsstopp i sola undervegs; Sandnessjøen - Nesna  og inn på E6 ved Mo for effektiv køyring eit stykke. Eg passerte Nina og Kjell, men hadde ikkje hjarte til å vekke dei opp før 08.00 om morgonen.

Ranfjorden låg som ein spegel. Her vart det morgonbad! Friskt og godt!! 

Som "vanleg" vart det is, kaffi og ein strekk i sola på Fauske bygdemuseum. 

Grensefjella mellom Hamarøy og Tysfjord kommune. Til høgre Hatten.

Per Arne har skrytt denne toppen opp i skyane, og eg ville prøve meg på turen. Kvelden var ung og i strålande ver freista det med utsikt og tur. På høgaste punktet over fjellet, Tortenåsen, gjekk det ein traktorveg innover myrene og deretter god sti. 

Mot Stetind. Variert landskap

Bratt, men lettgått. Heile vegen dukka det opp nye "teasarar" i horisonten, og forventingane til utsikta frå toppen vart etterkvart skyhøge.

Oppe på sadelen, ryggen ut mot Bjørnkjeften (som eg gjekk utover på returen).

Ryggen vidare opp mot sjølve Hatten. 

Topphatten

Fastmontert stige. Eg likar ikkje stigar så godt, men kom meg no opp. Og eg var VELDIG glad for stigen då eg skulle ned att. 

Topplatået var glatte svaberg, og utsikta til alle kantar tok nesten pusten frå meg. Stemninga stod i taket - og eg kjente gliset gjekk heilt rundt - og eg klarte ikkje slutte fryde meg over utsyn og vidsyn. Per Arne hadde heilt rett. Dette var ein kongeplass!  

Panorama frå toppen

Ut Vestfjorden - Hamarøy til venstre - Lofotveggen til høgre. Tilthornet i svart nærast



På veg ned gjekk eg også ut ryggen mot Bjørnkjeften. I overkant luftig for meg på slutten. 

Tilbakeblikk mot Hatten frå Bjørnkjeften

Lekker sommarnatt i nord 
- og veldig fin køyretur vidare som vart avrunda med hengekøyeovernatting Gratangsfjellet. 

Hatten vart eit favorittfjell på første forsøk, og hit går eg gjerne om att. 
Raymond har laga ein filmsnutt frå sin tur til Hatten i 2016 som  viser heile turen og som eg synes formidlar stemninga og kvalitetane i området godt: 

Endomondo: 
8 km t/r - knappe 700 høgdemeter. 
 Eg brukte 1 time og 24 minutt opp med fotostopp og utan å kave. 

onsdag 19. juli 2017

Brønnøysund - Sandnessjøen

19.07 Yr.no lova vervindauge til kvelden og neste dag. Eg satsa difor på å feie over sju søstre i Sandnessjøen. Det vil seie at eg kunne somle meg gjennom Helgeland og drøya turen nordover i det lengste. I prakis åt eg meg oppover turistattraksjonane med svelepause på fergene. I høljeregn er Norge litt mindre interessant som ferieland, men då er det faktisk greit med køyre- og ferjedag. Eg kom ikkje med nokon av fergene på første forsøk. Kystriksvegen i juli er sakteferie, og det er ikkje eit stort poeng å sette seg inn i rutetabellen eller planlegge voldsomt detaljert.

Hildurs urtetun - flott hage og imponerande mange ulike nyttevekstar

Restaurant med lokal kortreist og veldig god mat (bl.a rådyr), sjølvsagt med urter frå hagen

Knis.

Forvik handelsstad med eit utmerka kaffibrenneri på brygga. Det vart fleire koppar gitt. 

-SOL! Tenkte eg og sprang ut på ferjedekket. Men Rødøya har fått namnet med rette på grunn av bergarten (duinitt/serpentinitt)

Etter eit durabeleg måltid i Sandnessjøen letta det endelig litt opp. NO kjem finveret, tenkte eg og sette kursen mot søstrene.

I mai då eg for forbi med Hurtigruta såg dei nemleg slik ut: 
Arkivfoto: Syv søstre

No var dei litt mindre oppstasa: 
Glimt av blå himmel og søstrene ligg klar av skydekket

Eg starta i sør og gjekk opp mellom Kvasstind og Breitind. Det var ekstremt vått i starten og deretter vart det stein og svaberg. Godt merkt sti. 

Fin utsikt mot Herøy

Stein, vått og skodde som la seg til att. Isande kaldt i skodda. Plan B var innlysande; snu og gå ned att. 

Det vart ikkje ei einaste søster på meg denne gongen heller. Det er tredje gongen eg er i posisjon i Sandnessjøen, og denne gongen kom eg meg i alle fall litt opp i fjellsida. (ca 800 moh). Ein eller annan gong MÅ det no berre verte klårver.   

mandag 17. juli 2017

Sømna, Brønnøysund og Torghatten

17.-18. juli Torghatten har stått på ønskelista lenge, og eg har aldri vore i Brønnøysund før, med unntak av eit kort stopp med Hurtigruta i mai. No var det ver, eg hadde tid og då vart det sightseeing!

Torghatten sett frå Hurtigruta. Klart ein har lyst tilbake hit! 

Første glimt av Torghatten i juli frå fergekaia på Vennesund

Sidan det er ferie, så kan ein gjere merkelege ting, som å stoppe på kaia etter å ha køyrd AV ferga. Eg "samlar" på skulpturlandskapa i Nordland, det var sol, og eg var nyfiken på kva Sømna kunne by på. Det er ekte luksus å ha eit hav av tid og fridom til å berre stoppe, vere og sjå.  

Jaha? Kva er dette for noko?

Haiku var blitt til Hai Ku Badekar - og eg vart fnisete, litt irritert og nyfiken på ein gong. Full pott til kunstnaren der altså. Link til nærare omtale av kunstverket. 



Vidare langs stranda gjekk det sti til Olavskjelda. 

Helande krefter i vatnet?  

Eg hadde ikkje noko akutte lidingar som eg kunne teste kjelda på. Dette skal vere den nordlegaste Olavskjelda, og er nemnd i skriftlege kjelder allereie i 1598. Stien var grei, men litt kronglete og nesten som å gå i ein jungel for å komme opp siste biten. Imponerande klårt vatn i bergsprekka. Skal tru kva "Olav den heilage" hadde tenkt, om han viste at vi 1000 år seinare freda alle plassane han var tørst og fann seg reint vatn å drikke?

Det lei mot kveld og eg tura vidare mot Brønnøysund og ein fin stad for villcamping på yttersida av Torget.  
+-
 
Sjølvaste Brønnøysundet



Hengekøyeliv - eg kan venne meg til dette..


Neste dag var nydeleg og tema for dagen var enkelt: Turist på Torghatten. Eg leikar ikkje turist, og det vart både igjennom, oppå og rundt.  

 

Artig å gå gjennom holet, det var imponerande. Stor kontrast mellom rå bergveggar og frodig vakkert kystlandskap utanfor. God sti og mykje turistar. Det var diverse postar på veg opp med geologisk informasjon - som gjorde det endå meir interessant.

Sti til toppen rett opp her - svabergvandring i ca 200 høgdemeter. 
Langt færre turistar her, men for ei utsikt!!!

Panorama frå toppen. For ein kyst!! Det klødde i padleturlysta. 

Her var det så flott at eg måtte "ta ein Gustav" og sitte lenge. 

Frå turstien som går rundt heile "hatten"

Grusveg rundt heile med ein avstikkar til minnesmerke frå flystyrten i 1988 der 36 menneske omkom. 

5,5 km rundt på flat grusveg. 
Ca 2,5 km t/r opp på toppen og dryge 200 høgdemeter

Før kveld i leiren måtte eg kikke litt nærare på Brønnøy sitt skulpturlandskap - Steinar Breiflabb som ligg midt i leia! Litt vanskeleg å sjå han frå land, men eg hadde jo vore på hurtigrutetur og fotografert før... Denne skulpturen er klart kulast å sjå frå båt. 

Ikkje ei steinrøys, men Steinar Breiflabb. 

Arkivfoto frå mai 2017 på Hurtigruta.

Brønnøysund/Sømna er eigentleg ganske likt heimkommuna mi og landskapet ved Hustadvika med strandflatene, landbruksbygdene og kystfjella. Skjergarden utanfor skil seg kraftig ut - og den står på ønskelista til neste gong. Elles var inntrykket trivelege kafear, god turistinformasjon og hyggeleg by - hit kjem eg gjerne att.