onsdag 31. oktober 2012

Stavanger

Det var på høg tid å besøke team Gjelsvik avd. Stavanger. Karianne og eg var einige, impulsive og bestilte billettar ein sein kveld på nettet. Jauda, det var kaffelatte, shopping, tapasfest og feiring av mangel på interkraniale cyster, slikt som ein normalt driv med på bytur. Men team Gjelsvik avd. Stavanger hadde fleire overraskingar på lur. Tur! Turar i fleng, faktisk! I vakkert kulturlandskap, på lange iskalde jærstrender, og i noko så eksotisk som ein kolonihage.

Bru-landskap. Eit steinkast frå oljebyen.

På turen kryssa vi delar av kulturløypa på Bru. Grunneigarinitiert landskapskunst. Herleg! 
(Og vi må berre komme att for å gå resten av løypa..)

Bru - Bruhalsen - Bruhåve - Brustolen! Team Gjelsvik.
(foto: Wenche)

Moderne helleristningar. -Sjå! -Her er bokstaven min! -Min og! 5-åringane kappast.

Høner, sauar, kyr, hestar (hest er best til pølsefest), kjælen katt. Dyreliv i alle variantar. Steingardar på kilometervis. Bru var flott! Her er det fint å padle også.

Gourmetkokk med fiskepakkar på bålpanne.

Italiensk storfamilie-kjensle rundt langbordet. Kjekt å vere inkludert i ein stor gjeng og mange generasjonar.

Hellestø!

Søndag hagla det inn meldingar og facebookstatusar om metervis med snø i Møre og Romsdal. Vi for på stranda. Vinterstrand rett nok. Jærstrendene ligg på rekke og rad nedover. Storslått. Og iskaldt.  

Jump  - Feistein fyr

Sidan det var kaldt og opptil fleire ungar hadde bølgeleika seg våte så tok vi kaffien i den nye kolonihagehytta til Wenche på Ølberg.

Barnebarnbed.
Eit hjørne til kvart barnebarn, med noko spiseleg hageleg.

Steingalne er vi vel alle, Wenche driv til liks med dei fleste i familien og samlar på stein. Små minne frå små og store turar. Dette vert eit flott bed! (Det er sjølvsagt også med Stavangerstein "heim" til Duckville på Skarset..)

Kolonihage var kult! Stad for draumar, magedrag med frisk luft. Det vert spennande å følgje livet på Ølberg framover våren og sommaren!
Hurra for Facebook som gjer det lett å dele, lett å like.

Jump - firerbanden. 
(Foto: Wenche)

Takkar for ei super helg, fine turar og godt reisefølgje! Etter ei "byhelg" i Stavanger så kom eg heim med saueskit og sand på støvlettane. Rogaland har visst også mykje å by på av naturopplevingar..

mandag 22. oktober 2012

Multifuelbrennar

Mogleg vintertelting gjev nye utfordringar. Stormkjøkken med gass har vore enkelt og effektivt. Då temperaturen nærma seg null på Selje var det ikkje lenger så effektivt. Eg har difor skaffa meg Trangia multifuelbrennar. Etter ein times brennstoffjakt på Moa så stod eg der med rensa bensin i handa, sjølv om det stod parafin på lappen.  

Testing heime. Bruksanvisning.

Eg er generelt skeptisk til brennbare, eksplosive væsker. Eg veit og kor triveleg det er å vere sliten, kald, kanskje til og med våt, heilt garantert svolten, i mørkret, kanskje med litt vind og regn i tillegg for SÅ å finne ut av korleis ting fungerar. Ting som MÅ fungere for at det i det heile skal verte middag.

Multifuelbrennaren m/flamme.

Førsteinntrykket var bra. Idiotsikkert, ingen lause delar, passa godt i stormkjøkkenet.

Ser tilforlaterleg ut...(ulv i fåreklær)

Men eg fekk ikkje fyr for det. Bruksanvisninga sa: pump 20 gonger, og opne ventilen for å få ut nok til forvaming. Det viste seg å vere tull. Pappa fekk (sjølvsagt) fyr med å pumpe hardt ca 150 gonger, og dæsje nedpå ein god skvett bensin til forvaming ( frå flaske, og ikkje gjennom slangen). Eg fekk og med nokre gode råd på vegen frå multifuelbrennarerfaringar a la Bardufoss i februar (forsvaret, 1970-talet).
Dagen etter forvarma eg med rødsprit og då vart det veldig greit fyr. Lærdom: Forvarming.

Brennaren bråka, men funka og det tok ca 5 minutt å fosskoke full kaffikjel med iskaldt vatn. Det kjentes uhorveleg lenge ut. 

Det kokar, det kokar!

Fordel: Passar perfekt i stormkjøkken, sjølve brennaren får plass i kaffikjelen. Fungerar i minusgrader. Enkel.

Ulempe: Bensin og rødsprit må vere med på tur. Bråk     

Dette innlegget vert oppdatert på sikt med:
- test av brennaren med gass
- vedlikehaldserfaringar

Eg har i alle fall plan B no om det vert minusgrader.

fredag 19. oktober 2012

Blåfjell (533 moh)

Tirsdag 16.10. Reisedag. Flott haustver, så det går ikkje an å berre køyre bil. Eg tok turen aleine på Blåfjell. Sjeldan eg går utan følgje på fjellet, og ein gong i mellom er det faktisk litt stas. Mange gode tankar på veg oppovar bakkane.

Toppen! 533 moh.

Varmt i bakkane og iskald søraust på toppen. Berre å kle seg. Utsikt mot padleeldoradoet i nordvest. Kjentfolk på toppen. Slik er det å vere "heime" i Askvoll att.

Atløy og Tviberg

Nydelege haustfargar - eg ladar batteria på slike dagar!
Kyllaren og Dalsfjorden

Fristadfjellet

Trimpost to i boks - er ved godt håp om å klare runda i 2013 no.

onsdag 17. oktober 2012

Geita fyr og oktobertelting på Tviberg

Etter ein tapasaften vert det fort rundt lunsjtid før ein kjem seg på sjøen. Vi la ut frå Øyra og det var havblikk!


Nina speglar seg før Sauesundet

Kjente og vakre profilar! Tviberg og Brurastakken. Basecamp var planlagt ved foten av Stauren (spissen i midten)

Først skulle vi padle ein liten omveg, og plukke med oss eit fyr. -Rekk vi det før det vert mørkt? Ja, trudde vi. Dessutan er det ikkje kvar dag ein kan padle ut til Geita fyr med ein svak austatrekk i ryggen og knapt ei rørsle på sjøen.

Før vi kom så langt, var vi svoltne. Då vart det lunsj i Aralden.

Aralden aust og utsikt innover. Rart å sjå landskapet denne vegen.

Aralden er kjent for fin strand, og vi har telta på vestsida før. Vi har ikkje vore på sørsida, og der var det jammen endå fleire fine strender og holmar som vi kunne snirkle innimellom. 

Nina på veg mot Geita fyr.

Det vart litt meir bris, men framleis fint å krysse til fyret. Då eg kom bort sat Nina i kajakken og bante. -Her må ein no VERE GEIT for å komme opp! Vi gjev ikkje opp så lett, og var førebudde på at det var litt kronglete å komme i land. Etter ei kort risikovurdering av bad i tareskogen lot vi stil vere stil og velta vi oss bokstavleg talt i land. Ingen bading, og det var vel like greit. 

Jubel på Geita!

Vi har hatt lyst hit lenge, så det var god stemning på fyret. Nytt fyr på lista. Det var ein flokk geiter som gjekk her og, så alt var som det skulle. 

Fyrturist Nina.

På fyret funderte vi litt over kor kort det eigentleg var over til Solund. Neste gong? På veg ned til kajakkane traff vi to skjønne småjenter. På kaia var det heldigvis nokre foreldre og. Det viste seg å vere dei som nyleg har teke på seg å få liv i fyrmeisterbustaden att. Kanskje det på sikt vert mogleg å leige?
Artig med eit treff her ute i havgapet, og på bloggen til Sirpa kan du følgje deira fyreventyr på Geita.    

Heldivis låg kajakkane på same plass som vi forlet dei.

Siste etappe før basecamp. Geita - Tviberg. Ikkje nok med at det begynte å skumre, den fine austatrekken vi hadde hatt i ryggen heile dagen forvandla seg til ein litt friskare nordavindsvariant rett i fleisen.

På Tviberg stod hjorten og tok i mot oss. Vi rakk det akkurat før det vart mørkt.

Basecamp i sikte - Tviberg aust.

Kaldt, mørkt og oktober. Det gjev ein viss motivasjon til å vere effektiv i val av leirplass, teltoppsett og middagsmat.

Ahhhh.....!

Drivved er ein fin ting. Det er og veldig greit å reise på tur med nokon som har laga hjortegryte på førehand! Det kjentes ut som verdas beste hjortegryte faktisk. Vi hadde med bøker og teltlykt og trudde vi kom til å hutre i teltet fram mot leggetid. Men det var så triveleg på Tviberg, at vi vart sittande ute og nyte kvelden. Det var litt overskya, så det vart verken kaldare eller råare. Oktobertelting er undervurdert! Vi var og veldig nøgd med oss sjølve, både padlemessig, bålmessig og sånn reint generelt.

Soloppgang

Etter ei meget komfortabel natt i telt, der vi traff 100% med både underlag og påkledning, vakna vi til ein nydeleg soloppgang. Og kuling. I alle fall nesten. 10 m/s i alle fall.  

Basecamp Tviberg

I staden for å bekymre oss for vinden, (det var uansett padlbart) så gjekk vi på sightseeing. Tviberg har to gardar og masse historie frå tidlegare tider. Kulturlandskapet er veldig fint. Framtid og forfall er truleg ei utfordring... Etter fleire turar hit ut er heile øya eit favoritturmål for meg.  

Med ein gong vi begynte å bevege oss så kom ørna og sjekka.

Eg er sikker på at det var same ørna vi såg frå Stauren tidlegare i sommar. No er vi altså på førnamn med både Aldenørna og Tvibergørna.

Tuna på Tviberg

Kilometer på kilometer med steingard på over meteren held innmark frå utmark.

Kva har dette vore?

Klokka går, sjølv om ein har det kjekt. Lunsj, pakking og heimveg. I motvind. Jamn, solid tung motvind. Eg fekk kjempevondt i skuldra og bytta frå euroåre til grønnlandsåre ved Brurastakken. Det gjekk heldigvis betre. Vi brukte 1,5 time til Nærvika!

Naustrekka i Nærvika (eller Nervikja?)

Vi har eigentleg ikkje lagt merke til så mykje meir enn båthotellet på Vilnes, før Marit blogga om naustrekka innafor. Så det vart dagens sightseeing. Fine naust, og ein god dose forbannelse over motvinden, som det stod heilt klart for oss at ville vare dei neste timane og.  

Dagens drama

Litt drama på veg heim. Vi skremmer ein sel, og brått ser vi noko kvitt som flyt. Det viser seg å vere ein fin fisk. Brått dukkar verdas største oter fram og tør akkurat så vidt ikkje ta den. Selen følgjer med på trygg avstand. Ein slunken måse kryssar gong på gong, frustrert over storleiken på byttet og desse padlarane då!

Resten av turen var knallhard jobbing i motvind. Knallhard. Demotiverande. Heilt til Sauesundet. Heldigvis var det litt meir folkeleg "normal" motvind i Granesundet.

Sjarmøretappa til Askvoll sentrum

Klokka gjekk. Det som skulle vere god tid vart travelt. 18.00 landa vi på Øyra. 19.00 var vi på plass i samfunnshuset på Zumba (Nina er instruktør så ho må jo stille..).

Kart over turen (klikk for større)

Dag 1: 27 km padling - 4,5 timar effektiv padletid
Dag 2: 17 km padling - 4 timar effektiv padletid. Motvind ja.

Seier det igjen: Oktobertelting er undervurdert! (og det var austavinden og...)

tirsdag 16. oktober 2012

Bakkefjellet (630 moh)

Laurdag 13.10. Haustferie i Askvoll. Eg hadde håpa at nokon ville bli med på fjelltur. Connie hadde spredt ryktet, og over all forventning var vi 12 stk som møtte i Holmedal. Nye trimtoppar, nydelig ver, godt selskap, ja motivasjonen var stor.

Heldigvis godt merka og rydda. Takk til John Lien med venner!

Ingen av oss hadde eigentleg gått denne turen før, men det hindrar vel ikkje ein fellestur? Med venners venner var det folk frå Værlandet i vest og Kvammen i nord. Kom ikkje å seie at vi ikkje brukar kommunen vår. Kjekt med ein god miks av gamle venner og nye bekjentskap.

Siste kneika. Fantastisk utsikt! Solund bakerst i venstre kant, Fure og ytre Fjaler framom. Holmedalsbygda rett ned, Loftheimsåsen og Atløynipa bak til høgre.

Nesten oppe. Flekkefjorden

Monika ledar an med sporhunden. Sjarmøretappa til toppen. Toppane Eitrenipa, Blegja og Kringla med venner er alltid eit fint skue.

Kvar er no den hersens boka?? Nina tek ansvar.

Etter innskriving og bespisning var det mogleg å samle gjengen til eit fellesbilde!
FOR EIN KJEKK GJENG!

Sola varma i bakkane og det var nydelege haustfargar i skogen.


Holmedalsbygda

På heimveg møtte vi ein ein heil skokk på veg til til fjells. Det er så bra at både store og små brukar den flotte naturen og dei fine haustdagane. 

Bakkefjellet (630 moh) frå bygda. No har eg vore der, og har ein sterk mistanke om at det vert fleire turar.

Takk for turen!

søndag 7. oktober 2012

Romsdalseggen

Laurdag 6.oktober. Vekkeklokka på 6.00 (Ugh..). Trude og eg hadde lyst å gå Romsdalseggen. Turistbussen som gjer logistikken til ein leik går 9.30 fra Åndalsnes stasjon. Kaldt, klårt og ein strålande morgon! Og minst 70 andre som hadde tenk nett som oss.

Starten ved Venjedalssetra - Romsdalshorn bak og stø kurs mot Romsdalseggen

Allereie på startpunktet var det dramatisk natur og flott utsikt til Store Venjetind og Romsdalshorn. Hadde eg vore engelsk hadde eg ropt "Stunning!" og "Magnificent!". Ettersom vi er meir i klassa "lokale turistar" nøgde vi oss med å ta fram fotoapparatet og eit stort glis.  

Første bakken. Blånebba (1320 moh).

Romsdalseggen extreme (umerka, bør ha guide) går rett opp ryggen på bildet over. Romsdaleggen normal (T-merka) går til høgre inn dalen. Allereie i første bakken fekk vi varmen i oss, sjølv om det var skarpt i lufta og frose på bakken. (Vi gjekk ut på toppen Blånebba frå baksida litt seinare på turen).

Innover dalen, opp ein rygg og då var vi oppe på kanten. Utsikta over Venjetind, Romsdalshorn, Romsdalen og Trollveggen var slåande. Ufatteleg. Må opplevast. Det er kanskje den flottaste "sjå-over-kanten-opplevinga" eg nokon gong har hatt. 

Ryggen ut mot Blånebba (1320 moh). Venjetind bak.

Det var utruleg fint å gå utover mot Blånebba. I den klåre haustlufta var det som om vi berre kunne strekke ut armen og klore litt bortpå Trolltindane. Det var lett å gå, dei harde høgdemetrane var vi ferdige med, og det var heilt vindstille.

Rett bort på Trollveggen og Trolltindane

Dagens JUMP etter 1000 høgdemeter.

Romsdalen

Det var på tide å begynne på sjølvaste Romsdalsegga.

Trude og meg klar for egg. Romsdalsegga i bakgrunnen, trudde vi.

Romsdalsegga del I.

Det er mogleg å sjå små raude prikkar (folk) langs kanten oppover på bildet over. Det var skikkeleg egg, og litt klyving. Det var stort sett kjetting på dei aller luftigaste partia. Eg er ikkje spesielt glad i luftig, men det gjekk heilt fint å gå her.

Mot vest

Rypebær i haustskrud og Romsdalshorn

Trude på Aakesvarden

Då vi hadde klatra opp den første egga, og komme oss ut til Aakesvarden trudde vi at vi var på veg rett ned til Åndalsnes. Vi tok feil!

Romsdalseggen del II

Det var framleis kilometer på kilometer med egg. Lett å gå, passeleg luftig og fantastisk utsikt til alle kantar. For ein tur dette er altså!

Vi skreiv oss inn i turbøker med jamne mellomrom: Blånebba, Aakesvarden, Høgaksla, Nesaksla.  

Åndalsnes! "Berre" ei lita bjørkeli att av turen.

Siste bakken viste seg å vere bratt. Vi var litt ferdige med turen og gjekk over i transportetappemodus. Litt møre i beina. Etter ei god stund i bjørkeskogen stønna vi då vi kom over endå ei trimbok på Andersmyra. - Det er så langt ned at det er rekna som ein trimtur hit. Sukk.

Sol og flotte haustfargar kompenserte for langt og bratt. Eg hadde fått ny innsikt i kor flott det er i Romsdalen, og ny respekt for dei som joggar på Nesaksla som trimtur. Vi hadde gått vertikalt i tre ulike årstider og opplevd full oktoberfargeskala.  

Romsdalshorn - farvel og takk for turen!

Romsdalseggen var ein superfin tur! Den er litt lang, men relativt lett i forhold til høgdemeter/utsikt. Det er nokre få skritt på eggen som er litt utfordrande, men dette greier dei fleste. Dei "vonde" høgdemetrane er i starten og slutten av turen. Med avstikkaren til Blånebba gjekk vi ca 13 km frå bussen til vi var tilbake i bilen. Vi brukte 6 timar og 45 minutt. Vi stressa ikkje, hadde to lunsjpausar, masse fotopausar og mange "tekniske stopp" med av/påkledning. Dei fleste på bussen gjekk fortare enn oss, men er vi turistar, så er vi turistar.  

I sommarhalvåret går det buss frå Åndalsnes til Venjedalssetra om morgonen. Sjekk turistinformasjonen for tidspunkt og billett. Det er ingenting som er flottare enn å vere turist i eige fylke.


Honnør til Rauma kommune som har satsa på friluftsliv! Romsdalseggen er ein veldig bra attraksjon for Åndalsnes og heile fylket.

BONUSOPPLEVING!

Kval i Tresfjorden!

På veg heim såg vi ein flokk kvalar gå inn i Tresfjorden. Truleg grindkval seier avisa i dag. Artig å sjå så store dyr. Vi høyrte prustinga der der for innover. På grunna leika små niser. Vi ønska vi hadde hatt kajakk på taket...