torsdag 20. desember 2018

Førjulspadling i Brosundet

15.12 Førjulspadlinga i Brosundet har vore marknadsført som fellestur i nesten eit år. det var Kajakkguiden sitt initiativ, med god hjelp frå padlemiljøet på Valderøya og omegn. Det vart eit perfekt desemberver, og eg var spent på kor mange som ville dukke opp! Det seig på med folk og kajakkar på Sunnmøre museum før start, og presis 15.30 var 37 kajakkar på vatnet! Heilt utruleg. Nokre kom på undervegs, så til saman var det 44 blide padlarar med julepynta kajakkar som sklei gjennom skumringstimen langs byen og etterkvart inn i Brosundet. Der dukka det jammen opp kjente blide fjes med gløgg og pepperkaker til oss. Stemningsfullt, fint og hyggeleg. Vert dette ein tradisjon?   
Klargjering før start

Sist Kenneth og eg padla i lag i Brosundet med nisselue var i 2011!

mange originale vriar..

Skumringstimen - og lysa fekk full effekt!

Inn i sjølve sundet

Samling i Brosundet

For meg med vasstettkamera vart det mykje uskarpe bilde frå kvelden. Sjekk Kajakkguiden sitt album, eller sjå filmen nedanfor som Monica Blindheim laga frå arrangementet for fleire bilde/inntrykk!



Lærdom: Vi hadde brukbar kontroll på gruppe og opplegg. Redningsskøyta var med og det var bra som ekstra tryggleik. Mine eigne lys kortslutta tvert, då eg la kajakken på skrå for å få ut senkekjølen. Kjølen fikk eg heller ikkje ut, fordi den var frosen. Neste år må eg gjere litt betre forarbei så eg har lys heile vegen eg og! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar