torsdag 28. april 2016

Hoven - kveldstur med Siri

28.04.16 Nydeleg ettermiddag, og eg var litt lat. Då er det ekstra stas når det tikkar inn melding: Bli med på Hoven?

Hov

Rast på toppen. 

Innover




Flott kveld i sola. Hyggeleg selskap. Det er noko med desse toppane ute mot havet. Eg vil frmaleis tilbake med sovepose når midtnattsolsesongen er i gang.. Takk for turen og eit spark bak på ein dag eg verkeleg trong det!

tirsdag 26. april 2016

Geitgaljen (1085 moh) - take 2

26.04.16. Knallfine meldingar og siste sjanse på Geitgaljen før veromslaget. The Ingrids var klare, og eg hadde lyst, sjølv om energien ikkje var heilt på topp. Ettermiddagen kom og vart grå. Vi for likevel og la i veg. Eg var glad for at dei andre var motiverte, eg såg litt svart på ein lang gråverstur. Oppi første bakken skein det opp og vart berre lekkert. Då steig humøret mitt og. For ein kveld det skulle bli!
Vårskitur = bæring. God sti frå Liland. 

Sol ute og etterkvart sol inne! 

The dog. Ilta i storslag. Våryre ryper og våryr hund. 

Lekkert i bakkane! 

Betre kjent og betre førebudd. Det gjekk som ein leik, og snart var vi oppe ved bollen/bandet. 

Er det verkeleg toppen der borte? Så liten?

Bollen var mykje større enn sist. Det minka kraftig med snøen. 

Stegjern siste biten før sadelen. Sola laga gull i havet. 

Havgull i horisonten

Ingrid klar for siste kneika. 

God stabil snø, nesten ikkje folk og vi bestemte oss for å prøve på siste kneika og. 

Unge lovande med øks og stegjarn og veldig kontrollert. (Foto: Ingrid K.)
Brattare enn det her går eg faktisk ikkje. 

PÅ TOPPEN!!! 1085 moh

Mot Ryten, Vestfjorden og fastlandet

Bø i Vesterålen bakerst

På toppen og vestover Lofoten

Magisk lys. 

Det er ein lite hake når ein ser solnedgangen frå 1000 meters høgde. Så vi tok til vett og starta nedturen sjølv om det var veldig veldig fint på toppen. 

Kontrollert ned att og.

¨
Ingrid køyrer yoga på sadelen. Verda vart skiftande rosa, orange og gyllen. 

Hund i solnedgang

Vi kom oss faktisk heilt ned til bilden før det vart mørkt. Skiføret var så der, noko bra, hard skare nederst. Det spela ikkje så stor rolle. Vi var høge på turen, lyset og livet. For ein kveld!  

   

lørdag 23. april 2016

Trollfjordhytta over

23.04.16 Ingrid og eg hadde fått nyss om ein privat organisert tur: Båt over Sløverfjorden, ski over til Trollfjorden og båt tilbake til Svolvær. Dette måtte vi få med oss!

Nydeleg start på dagen! Vi vart skyssa over Sløverfjorden i småbåtar. 

Skisko og tanghopping er ei interessant øving på morgonkvisten. 

Merka sti og bæring av ski første stykket i Austpollen

Lekkert bjørkeskogterreng innover dalen

Ville i fjell i sikte

I rykk og napp og på lang lang rekke gjekk folk innover til Trollfjordhytta. Det var pausing og prating undervegs. 

Hytta!

Utsikt ned i Trollfjorden. 

Fine ryggar. Braksettinden først og Korsnestinden bak? 

Wallentind/Isvasstind 940 moh.

Eit amerikansk jagerfly (A 10) styrta i Isvasstind 30. mars 1987. Piloten Robert D. Wallen omkom. Redningsmannskapa som bisto etter ulykka ba om at fjellet fikk namn etter piloten.

Trollsadelen (svart vegg bak til venstre)

Påskesteming og sosialt på hytta. Varme i omnen inne, men dei fleste kledde seg i solveggen. Her venta vi til alle var komne opp, og vertskapet baud på ein ein liten ein til kaffien. Det vart ikkje dårlegare stemning av det. 

Oppbrudd og vidare ferd. Flott hytte i stort landskap. Vi kunne tenke oss opp att til sommaren. 

Nedover mot Trollfjorden. Bratt og dårleg føre. Etterkvart kjempelaust og slush til knea.  
Godt vi hadde ein liten ein innabords. Det tok si tid, men ingen var spesielt gode nedover, og det var mykje fliring av knall og fall. 

Skikkeleg glimt av Trollfjorden.

Sightseeing-båten (med alle rettigheiter) på veg for å hente oss. 

Herleg dag og god stemning heiel vegen. No var det berre sjarmøretappa att. 

Turist i eige land. Heilt greit. 

Flott fjell heile vegen ned Raftsundet

Geitgaljen bak til venstre.

Applaus til arrangørane! Flott at vi fekk vere med! Kjekk dag, med mykje luksus og lite slit. Heile bølingen enda på Bacalao i Svolvær til middag og "debriefing". Ut i frå fregner og glis såg det ut som dei fleste hadde hatt ein topp dag på tur! Vi segna om med friskluftssjokk og det vart ein roleg kveld i heimen etterkvart. 

Lilla: Båt. Blått: Ski. Skituren var ca 6,5 km. 

tirsdag 19. april 2016

Kleppstadheia 534 moh og ein sving mot Kvasstinden (576 moh)

19. april Kveldstur og trimtur. Kald vind og skiftande skydekke. Likevel ein fin tur, men mykje lys og inntrykk.


Kleppstadheia. Skodde på toppen var ein strek i rekninga.

Vi gjekk likevel bortover mot Kvasstind for å sondere forholda, og jammen letta det.

Tilbake mot Kleppstadheia og utsikt ned i Sydalspollen og Gimsøystraumen

Eg fekk nok på siste bandet mot Kvasstind. Det såg så urimeleg bratt ut. Per gjekk heilt opp, og då eg fekk perspektivet på snøskavlen var det vel eigentleg ikkje så gale. Så eg må opp att for å få med meg Kvasstinden heilt til topps.

Per tek med seg toppen på Kvasstinden og.

Fin snø å marsjere ned att. Opp var det tungt, og greit å gå i spora bak..

mandag 18. april 2016

Nordheia/Vinjeaksla 599 moh

18.04 SMS: Er du interessert i kveldstur med sol heile vegen? Sjølvsagt var eg det, og turen gjekk til Nordheia på Gimsøya. Flott landskap og ei nydeleg kveldstur. God sti heile vegen i skikkeleg heilandskap - ikkje berre rett opp ura som ein del andre stiar i området.


Himmeltind i himmelsjå

Hoven frå heia

God sti i lettgått landskap. Minner om heimefjella i Fræna.

Varm saft på toppen og flott utsikt til alle kantar. Varmt i bakkane men iskald trekk på toppen. Ikkje heilt sommar riktig endå.   


Mot Vesterålen og Gaukværøy

Møysalen i det fjerne

Magisk kveld og sol heile vegen som lova!

Mobilbilde på veg heim:
Lofotkatedralen/Kabelvåg kirke i kveldssola

Takk for turen Per og Siri!