lørdag 19. november 2011

Rundt Langevågsholmane

09.00 Laurdagsmorgon. Oppmøte på Nørve. Grått og trist. Det dryp og er vått. Eg lurar litt, men berre litt, på kva vi eigentleg held på med. Sygni har fått seg ein flett ny Romany, og premiereturen kan ikkje utsettast på grunn av veret.

Arrow Nuka vs NDK Romany. Smekre og lekre begge to. Mykje meir "banan"-fasong på Romanyen.


Sjeldan har eg sett eit så langvarig og breitt glis som hos Sygni denne føremiddagen. Eg trur ho har fått seg ein passeleg kajakk her ja...

Kan den svingast tru?

Fint på tur, fint rundt innimellom Langevågsholmane. Plukkar opp ein plastsekk som vi padlar over. Nyttårsforsettet er klart: Ta med litt søppel på kvar tur.

Tur ca 9 km

torsdag 3. november 2011

Storhornet

Kva kan ein eigentleg forvente av ein feriedag i november? Eg har sett ut på Storhornet kvar dag det siste året, og vore på Godøya fleire gonger. I dag var planen Godøya på langs - eller Storhornet opp, om du vil.

Det var alt for heitt med ulltrøye, og solbrillene måtte sitte på skulle eg sjå noko som helst. Men kven klagar på det i november? Turar utan stilongs på denne tida er bonus.. Vakkert er det på Sunnmøre!

Ruta i dag: Frå gatekjøkkenet og opp ryggen, bortover her, ut til toppen heilt til venstre på bildet, ned ein ny rygg og komme ned på Alnes til høgre. Siste etappe var gamlevegen langs stranda tilbake til bilen.  

Storhornet (497 moh)! Høgaste fjellet i Giske, og lengst bak ser eg heim til Skalten..

Over fjorden ligg det villare og meir dramatiske fjell og lokkar. Berre vent, eg kjem nok ein dag.

Storhornet - been there, done that...

Alnes! Kulaste bygda i Noreg? Vert aldri lei av å komme ut her.

Ferie i november er undervurdert! Må berre hugse at det er mørkt klokka fem om ettermiddagen.  

Meir info om Storhornet på fjellinordvest