lørdag 31. mars 2018

Påskepadling i heimeskjergarden

31.03 Det er nesten flaut å innrømme det, men eg er lite kjent i skjergarden rett utanfor øya der eg bur. Sygni og eg nytta påskeveret til å utforske øyer og holmar i Vigrafjorden. Nydeleg dag på sjøen, og eit flott turområde som vi kan bruke meir!

Små og store farkostar i Gjøsundet

Brattholmen

Frå Rognholmen mot Roald

Påskelunsj på Kalvøyholmen. Varmt nok til at det var deileg å sitte i sola ei god stund!

Potensiale for trivelege lange sommerkveldar på svaberga her ute

Mamma si heimebakte tropiske aroma var perfekt tilbehør til påskepadlinga

Nydeleg dag - alpine kvitkledde tindar i horisonten

Idyll

Det er krevjande for ein enkel kajakkturist å halde styr på alle verneområda langs kysten.  Ulike datoar og varierande grad av merking på karta. Gjøsundholmen naturreservat var ikkje merka på mitt gamle Ålesundskart, men her er det forbode å gå i land frå 1. mai - 31. juli

Endeleg traff vi på oter. Ein diger ein kom svømmande mot oss og let seg i liten grad distrahere av eit par padlarar. Skuffande lite fugl å sjå. Det er kanskje litt tidleg, i sprengkulda? 

Mot Kalvøya og fjella i Ørsta

Endomondo: 13 km

onsdag 28. mars 2018

Påskesolopadling rundt Valderøya

28.03 Litt sliten og utan nemneverdig lungekapasitet vart det padling. Nydeleg dag, og det er verd å nyte flott natur på eigen dørstokk og. Vår i lufta, sjølv om det var minusgrader.

Hestehoven bryt seg fram gjennom grusen 

Gjøsundet - klar for padling

Kul båt.  
(Rørleggingsbåt, kan jobbe på opp til 3000 meters djup og ha 120 mann ombord.)

Kjeholmen

Påskeøya Godøya - med Høgsteinen fyr til venstre og Alnes fyr til høgre

Det satt langt inne, men eg måtte til pers med marsrulla.

Begge sider, check. Kaldt. 

Siste biten var det motvind, og eg gledde meg til å smette inn under Gjøsundbrua og bort i hamna. Men nei då!! Der låg det to fartøy og la kabel, med slepebåt og greier. Eg vart vinka vekk og fekk ikkje snike meg forbi. Så då var det berre å legge til land og bere dei siste 200 metrane. Kryssing av hovudveg med kajakk er ikkje ein aktivitet eg har tenkt å drive med på det jamne. Grisetungt. 200 meter med bering kostar omlag like mykje krefter som 12 km padling. #uføresett

Mykje aktivitet på leira - børstemakken held fest. (Arten Alitta virens?) Kule og litt ekle på ein gong.

12 km padling og padleteknikken kjem seg dag for dag. 

tirsdag 27. mars 2018

Påskeøya Godøya

26. og 27.03 Heimepåske og litt lite energi. Det er då det gjer ekstra godt med skikkelege påskegåver. Den beste i år var pause i vegarbeidet og open tunnel til Godøya! Eg var ute der to heile dagar og dingla rundt. Flott turterreng. Vårens første is. Sol, hav, fjell og svaberg. Nydelege solnedgangar. Iskaldt på toppen. Lunt i solveggen.

Mot Ålesund og Sukkertoppen. Høgsteinen fyr.  

God sti heile vegen frå Juv og opp på Storhornet. Lite pust i motbakkane, så det tok si tid. Iskald vind på toppen, men krystallklår luft og veldig god utsikt

Mot Herøy og Stad. Seinare på dagene gjekk eg stien langs kanten her. Godøya sin mini-bessegg. 


Sulafjorden

 Her ligg fyra på rad og rekke og markerar leia og kysten. Alnes, Erkna og Storholmen som ein bitteliten prikk der ute.  


Giske og Valderøya

Surfestranda på Alnes. Interessant forflytning av sand. 

Lestaskjeret med Runde i horisonten
Dagen etter gjekk eg langs stranda nede her. 




Alnesvatnet og Storhornet. No har eg gått heile runden og skal berre ned att til bilen. 

Dag 2 gjekk eg og over Storhornet, men ned til Alnes og stranda tilbake til Juv. Det var faktisk litt lenger enn eg hadde tenkt, så eg var sliten på slutten. Men nydeleg! Artig å gå etter ruglete svaberg langs stranda i kilometervis. 
  
Alnes hamn med kvalbåten

Vår i naustveggane på Alnes

Alnes fyr (ofte med kaffi og kaker)


Surfestranda har fått juling, og det er meir stein enn strand for tida. 

Einsleg surfar som prøvar seg. Bølgjene hadde vore perfekt for rustne kajakk-surferar og. 

Tilbakeblikk på fyret


Magiske solnedgangar (frå Kvalneset på Giske) sette punktum for desse fine påskedagane ved kysten.

Sola går ned bak Alnesrauden

Erkna fyr

Storholmen fyr

Kula har gått ned bak horisonten - siste strålar.

Støtt gjerne arbeidet med å tilrettelegge stiane på Godøya: 

Liten runde: 11 km
Stor runde 18,5 km
Ca 500 høgdemeter.

søndag 25. mars 2018

Ellingsøyfjorden med Kajakkguiden

25. mars Medan eg har vore nordafor har kajakkmiljøet på Sunnmøre blomstra. Ein av dei som dreg i gong mykje aktivitet, Kajakkguiden, held til på "mi" øy. Eg har tenkt å hive meg med på fellestur i lang tid, men det var den dørstokkmila då. Med litt eksternt positivt press, og fellestur på ein dag som faktisk passa kunne eg ikkje utsette det lenger, sjølv om vermeldinga var kjempevåt. Eg var litt spent om morgonen. - Korleis vert det å padle i lag med berre nye folk i skikkeleg drittver?

Sukkertoppen frå Nørve

Morgonstund i småbåthamna

Vi vart 8 padlarar på tur, og det verka som ein grei gjeng. Det vart låge skuldre omlag med det same. Padlarar er fine folke, både i nord og i sør. 


Nørvasundet byr på urban padling med både gammalt og nytt langs med.


Innlagt fotografering med fotograf på land! 
Ikkje noko tull på fellestur, her vert det dokumentert. 

Veret vart knallfint, vårstemning, vindstille og gløtt av sol. Eg er ikkje vant med sopass store grupper, det er skikkeleg artig og fotogent med mange kajakkar på vatnet. Vi kom etterkvart ut i Ellingsøyfjorden og for på utsida av Svinøya og Litlekalvøya. Her låg det tynn oljefilm på sjøen, og lukta diesel. Ikkje bra for fugl eller fjord. 



Lykta på Kalvøyskjeret. Det viste seg å vere fleire enn meg som "samlar" på navigasjonsinnstallasjonar.

Lunsj på Litlekalvøya. Her ligg Garaløa, eit kjempefint selskapslokale. Vi tok lunsjen ute i sola. 
Og jammen dukka det ikkje opp ei eg skulle snakka med lenge: Ina "Plastfritt" Giske. Vi hadde mykje å snakke om, og meir skal det bli. 
  
Lunsj i grasbakkane her

Heimveg

Lerstadholmen fekk nytt kallenamn, og her er det store moglegheiter!
Stikkord: Amok

Fin dag og kjekt å treffe nye padlefolk. 
Kudos til Kajakkguiden som dreg i gang fellesturar som fremjar padleglede og sosialt samvær på sjøen.

14,5 km