mandag 31. desember 2012

Godt nytt år!


Takk til alle som har kikka innom bloggen i 2012 - det er kjekt å dele gode turminne og ekstra artig når de legg att ein kommentar eller to. Takk til familie og venner som vert med på, og dreg meg med på tur.

Måtte 2013 gje mange gode opplevingar og ein passeleg dose utfordringar til oss alle.

Det næraste eg kjem eit nyttårsforsett i 2013 er den her:

Gjer meir av det du trur på. Tru meir på det du gjer!

Turåret 2013 har eg stor tru på og tenker at....
  • Ski og skeiser skal i bruk
  • Rulle i kajakk på begge sider skal lærast
  • Brunstadhornet og Jønshornet skal bestigast
  • Det vert telting jamnleg heilt fram til august 
  • Trænafestival og padling på Helgelandskysten vert eit høgdepunkt
  • Sykkeltur i utlandet i godt lag vert stas
  • Meir bål og bålkaffi..
  • Fjelltrimmen i Askvoll skal gjennomførast
  • Fisketurar? Kor vert det av fisketurane?

Juleveka og desembertelting

Juleveka vert innleia med tradisjonell juletrehenting. Furu må det vere.

På Skarset er det i grunn heilt eigne grenser mellom friluftsliv og motorisert ferdsel.

1. juledag

Henrik og Karianne på Harryvatnet.

I myrane er vi nesten aldri, bortsett frå når det er frose. No var det 30-40 cm kanonhard stålis på Harryvatnet. Ein flokk svanar held til i området, og det var digre fastfrosne svanebæsjar overalt på isen. Ein liten strek i rekninga. Vi fann og fleire innfrosne fiskar. Ettersom dei låg med buken opp er det vel lite sannsannsynlig at dei er spesielt spreke til våren att.

Harryvatnet og Myrsteinen - vakkert

Med og utan skeiser.

Natt til 2. juledag

Desembertelting i hagen.

Resten av familien ville sove inne. Merkeleg. Men dei var svært støttande til at eg måtte komme meg ut når eg først hadde antyda teltnatt.  

Testing/læring: sommardunposen min er for kald når det er minusgrader (ca -4 denne natta), sjølv med fjellduk. Sjølv om ekstremtemperaturen på posen er -5. På tele fungerar 8''-spikar bra som teltpluggar. Men dei frys dønn fast i løpet av berre ei natt. (1-0 til pappa der ja). Eg må ha egna reiskap for å få dei opp att. Lite brekkjarn gjekk fint. Men eg veit at eg ikkje kjem til å ha med brekkjarn på tur. #måfinneeiløysingpådet  

Nina gjennomførte si teltnatt samstundes i Askvoll.
Røyset - Nina sin veranda. Koselig juletelting. (Foto MMS-Nina)

Røysetnissen på telttur (MMS-Nina)

Det vil seie at vi er HEILT i rute med prosjekt telting. Den som teltar litt i romjula får og med seg flotte astrologiske fenomen som til dømes at Jupiter er rekordnær månen.

Jupiter øverst (liten) og månen nederst.

4. juledag

Arbeidsdag i myrane med pappa. Ein fin dag med polkjeledress i vakkert vinterlandskap. Første rekke: Horberget, lisje Horberget, Aslaksteinen og Lyngstadfjellet. Stemshesten bak.

Mykje kvalitetstid innandørs med familien har det og blitt i juleveka.

søndag 23. desember 2012

God jul

Ønskjer alle som kikkar innom  bloggen ei riktig GOD JUL!

I jula fører alle vegar heim
(Marjorie Holmes)

Stjerna på Sukkertoppen lyser over Ålebyen

Håpar de nyttar dei mørkaste dagane i året til å tenne eit ekstra lys eller to, finne kvilepulsen og stikke nasen utom døra for ørlite grann frisk luft.
Så står det att å sjå om det er hald i ordtaket:
"Grønn jul gjev kvit påske"

mandag 17. desember 2012

Høg på Sunnmøre!

- eller korleis bestige Klovetinden (949 moh) 3. søndag i advent. Idar ville vise fram sine heimlege fjell og eg ville på tur. Vinn, vinn. Så då var det berre å stille i Barstadvika ved soloppgang eller deromkring.

 
Dagens mål (Klovetinden) rett over hovudet mitt

Langs hovudvegen er det bratt og dystert frå Festøya til Ørsta. Inne i Erdalen opnar det seg store vide dalar og majestetiske tindar dukkar opp på alle kantar. Eg vart overraska og litt overvelda. Vi gjekk innover og oppover med kurs mot Klovetinden. Veldig greit å gå innover dalen. Litt høgdemeter må bekjempast før siste sjarmøretappa mot toppen.

Utsikta frå Klovetind mot Hareidlandet og Godøya

Utsikta herifrå er formidabel. Havet, Godøya og i nord ligg Ålebyen og Haramstoppane på rad og rekke. Kremen av Sunnmørstoppar brettar seg ut i heile horisonten frå aust til vest. Jønshornet, Randers topp, Kolåstind. Den eine rankare enn den andre bortover.
 
Kolåstind

Sola braut gjennom akkurat då vi nådde toppen. Eg kjenner gliset går HEILT rundt. Slike  augneblikk er eg totalt hekta og "høg" på Sunnmøre.
 
Middagshornet og Romedalstinden rett bak meg

Idar på heimveg med Jønshornet og Molladalen midt i mot.

Idar fortel om toppar og turruter. Det vert fleire turar i området her, det er heilt sikkert! Sol og solnedgang. Vinterlys. Desemberblått. Ingen andre å sjå i fjellet. Veit dei kva dei går glipp av?
 
Klovvatnet og Grøthornet

Etter å ha kryssa ein haug med frosne bekkar med hjartet i halsen om isen heldt var det no på tide å KNUSE isen på elva. Kaffivatn så klart. 
 
Bålkjele og ved var med. Dagen skal nytast i langdrag. Det er stilt og fint, og vi finn ein furulund. Bål på eit blunk, kjelen på kok og pølsepinnane klare. Drøs og bålkos. Idar har med heimelaga sjokolademarsipankonfekt. Perfekt til bålkaffien. Perfekt til dessert.
 

I varmen frå bålet er det godt å sitte utover desemberettermiddagen. Himmelen vert rosa og deretter blå. Ei ugle stikk innom og helser på. Vi rekk akkurat ned til bilen før det er stupmørkt.
 
I løpet av dagen har eg har smakt meg gjennom juleførebuingane i Barstadvika og kan stadfeste at lefser, spekemat, flatbrød og konfekt er i rute..og eg er veldig imponert!

søndag 16. desember 2012

Hildrehesten (740 moh)

15. desember. Vi var gira på tur, og det var ingen klar innlysande aktivitet som egna seg til gjeldande ver og føreforhold. Så då plukkar vi toppar. Til fots.

Det gjekk greit å finne parkeringsplass og rett skogsbilveg. Då vi skulle begynne på stien i terrenget gjekk det opp for oss at det KUNNE verte ei utfordring å finne stien med 20 cm puddersnø overalt. Råsa gjennom skogen fann vi, og heldigvis var det veldig godt merka over tregrensa.

Flott skilt! Hildrehesten bak.

Her vart vi nesten lurt til å sette kursen mot Tinden. Det var ein frisk dag, delvis glatt og is under snøen. Ein og anna plassen låg det små snøfonner. Med vinden i ryggen  var det likevel ikkje så gale. Vi gjekk jamt og trutt, fekk flott utsikt mot HEILE Sunnmørsalpepanoramet. Siste del mot toppen var utfordrande. Grov ur med snø. Trakka ein feil så stod ein til låret i snø eller mellom steinar. Kravling og kryping måtte til. Sikkerheit prioritert framfor stil.

Varden på kanten i sør. Mot Ellingsøya, indre bydel i Ålesund og Sunnmørsalpane
 
Hildrehesten (740 moh).
 
Hovedvarden låg sjølvsagt lenger inn på platået. Utsikta mot nord og vest var verd nokre ekstra meter.
 
Grisekaldt på toppen og vinden friskna til. Vindkasta reiv i oss. Flott utsikt. Snøfokken stod i vindkasta. Men vi var begge veldig fornøgd med å vere på tur, og hadde ei god kjensle av at forholda var innanfor det vi kan handtere. Så det var blide fjes på toppen.
 
Meg og Trude
 
Hildredalen og Nordøyane
 
Ryggen vidare nordover, med Hestehaudet (735 moh) lengst bak. Utover her skal vi vandre ein sommarkveld i shorts mot solnedgangen.  Men ikkje i dag.

Lunsjen var utsett til eventuell livd og på ubestemt tid. Vi kledde på oss alt vi hadde av klede. Nedatt fekk vi vinden midt i fleisen. Det var rimeleg heftig ei stund. Det stilna heldigvis då vi nærma oss Urkedalsvatnet, og derifrå var det jo berre sjarmørettappa att til bilen.
 
Vinterlys og solnedgang. Vakkert. Påfyll.  
 
Det hadde ikkje vorte ein ny topp på oss i dag, om ikkje stimerkarane i Haram hadde gjort ein strålande jobb med å merke frå Urkedalsvatnet og opp på toppen. Vi lærte mykje i dag:

- Gamasjar er lurt når det er snø
- Skibriller er lurt når det er vind (og snøfokk)
- På ein lenger tur må eting prioriterast høgare (enn til dømes fotografering..)
- Vatn frys. Men har ein varm drikke på termos så gjer det ikkje så mykje.
- Våre eigne spor var vekk på ein time. Sjølv der vi vassa snøfonnene til langt opp på låra var spora HEILT vekke. Aldri baser returen på eigne spor. Ein må vite kor ein er og ha tilstrekkeleg landemerke, merking eller kompasskurs.


Vurdere vind er ei vanskeleg øving. På Vigra var det målt 9-14 m/s middelvind og kast på 14-18 m/s på laurdag klokka 10.00-14.00. Tippar at dei eksponerta områda på Hildrehesten ligg på omlag det same?

Hildrehesten er rekna som ein middels fjelltur. I dag var "Hesten" topptur stor nok. Heilt perfekt desemberutfordring.

Turen er og skildra i "Turbok for Ålesund og omegn"

mandag 10. desember 2012

Distansemerke padling 2012

Norges Padleforbund har eit distansemerke. I 2011 vart det bronsemerke på meg. No trur eg ikkje på sølv i 2012, men uansett så samlar eg padleturane på denne sida.

Klasseinndeling og krav (dame og herre senior, kajakk, kalenderår):
Bronse    Sølv          Gull
400 km    800 km     1200 km

Min status per 27.11.2012            470,5 km

Dato          Km      Stad                      Selskap
29.01.12    11        Ellingsøyfjorden      Susan
29.02.12    13        Ellingsøyfjorden      Sygni
03.03.12    13        Smelvær                 Nina
29.04.12    13        Erkna                     Sygni, Nina m.fl
30.04.12    17        Vigra nord              Kenneth, Nina, Kjell
17.05.12    21        Norge på langs       Nordkaperne, Nina
20.05.12    35        Øyhopping i Flora   Nina, Kjell
29.05.12      6       Giske                       KYBIL
06.06.12    13       Borgundfjorden        KYBIL
08.06.12    33,5    Ellingsøyfjorden        Sygni (telttur)
10.06.12    10       Langevågsholmane   Sygni og Ann
17.06.12    22       Godøya rundt          Jason, Hallgeir
27.06.12    14       Giske - Alnes          KYBIL
05.07.12      6       Blimsanden             KYBIL
10.07.12    11       Flåvær                    Mange..
26.07.12    31       Lindås                     Nina
27.07.12      8       Småpadling Lindås  Nina
28.07.12     16      Rongevær               Nina
01.08.12     48      Aldenhelg                Nina
15.08.12       6      Synnes                    Sygni, m.fl
17.08.12      13     Runde                     HKK m.fl
22.08.12       6      Alnes                      Kenneth, Jason
1.-2.09.12    -       Aktivitetsleiarkurs    Herøy gard
22.09.12     32     Selje - telttur            Nina, Sygni, Trude
15.10.12     44      Tviberg - telt           Nina
25.11.12     28     Borgarøya - telt        Nina m.fl


Bilde frå padleturar 2012:

Nina og meg i Ulstein i november. Foto: Sygni.

Nina klar for novembertelting - Kjeldsund

Alden og Nina - oktober 2012

Sildegapet i havblikk - september 2012

Kenneth på Alnes - august 2012

Runde - august 2012

I Håsteinen - mot Værlandet og Melværet.

Telting i Storestølsvågen, Alden. Juli 2012 

Rongevær i Austrheim - utsikt mot Holmengrå. Juli 2012.

Slusepadling i Lindås - juli 2012

Flåvær fyr - juli 2012

Sommarstemning på "Munkholmen"

Frå Giskesundet mot Erkna. Trude i solnedgang.

Nukaen på Alnes - "Fyrplukking" juni 2012

Ellingsøyfjorden juni 2012

Trude med Godøya bak- sesongens første KYBIL-padling

Øyhopping i Florabassenget mai 2012 (Foto: Kjell)


17. mai-padling med Lars "Nordkaper" i Staveneset

Roald - Blimsanden t/r april 2012

Gjengen på vei ut til Erkna fyr april 2012

Rull og tull på Blimsanden april 2012. Kenneth i aksjon

Smelværet i mars

Fjord, fjell og tettbygde strøk i herleg blanding på Ellingsøyfjorden. Januar 2012

Lillesøster og storebror. Arrow-kajakkane er herlege, og eg vert berre meir og meir glad i Nuken min.