26.08 Sommaren på hell. Endeleg lite vind og gammal sjø. Grå dag, men likevel full av fargar. Havet var så varmt at det kjendes som å stikke nevane ned i oppvaskkummen. Skummet ved brotta hadde shampo-konsistens. Det var lenge sidan eg hadde padla brott, så eg var spent. Denne gongen var eg ikkje stressa eller nervøs. Det var heilt innafor komfortsonen å vere ute i bølgjene. Etterkvart som eg vert sliten er det freistande å fotografere litt. Denne dagen fekk eg ligge i fin fotoposisjon midt i brottet medan Kenneth og Jason dreiv presisjonssurf. Sjølv om eg då øydela nokre surfemoglegheiter. Det vart mange fine bilde, kanskje mest interessante for oss som er spesielt interesserte. Uansett - denne søndagen gjekk inn i historia som den kjekkaste brottpadledagen 2018 - til no!
Oppvarming - inn i mellom der det går an å fare inn i mellom
Gammal sjø, sjøsprøyt og surrealistisk shampovarmt vatn
Ups, korleis går dette?
...berre godt!
Kenneth sørgar for at det vert bilde av meg og!
Takk for turen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar