torsdag 23. august 2018

ÅST-padling Giske rundt

23.08 Livet etter ferien skal sveivast i gang att! Kyrre og ÅST inviterte til Tur Giske rundt. Øystein, Torunn og eg starta i Skjonghavna. Med rykande ferskt våttkort rett frå grunnkurs var Torunn spent på turen. Ut i frå smilet trur eg ho vert med på fleire turar etterkvart! Eg testa Rebelen på turpadling for første gong. Hyggeleg selskap og god mix av folk. Giske rundt er alltid flott, sjølv når veret skiftar i grått. Selulf var og såvidt bortom oss for å helse på, men han var ikkje i det sosiale hjørnet denne dagen.


 

 
Raunen i horisonten

Frå snirkling til ope hav! 

Turen vart 13 km på meg. Vi runda av i Skjonghavna med rulling og redning. Finfin temperatur i sjøen! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar