mandag 30. juni 2014

Fonn - Tungestølen med Indre Sunnfjord Turlag

28.06 -Bli med då! Eg og Leif'en skal! Connie var overbevisande og vermeldinga var bra. Så då vart det turlagstur på meg og. Eg starta med overnatting under open himmel på Befringsstølen, og møtte opp på Skei laurdag morgon. Halvfull buss, men allereie god stemning. Lovande.

Vi starta på Fonn inst i Stardalen. Fonn - Tungestølen er i grunn Jostedalsbreen på tvers, der den er smalast i sørleg del.

Kulturlandskap, kyr, sol, bre. Nasjonalromantikk så det held. (Litlenova som stikk opp der bak)

Det såg bratt ut, men første etappe innover dalen var overraskande flat. Det var god sti heile vegen opp til Gallen, så sjølv bratta var grei. Turleiaren bestemte tempo og gjekk jamnt og roleg. - Det er jamna som dreg, gliste han. 

Effektive høgdemeter opp mot Gallen

Stardalen

Askvollgjengen!

Rast på Gallen (1386 moh). Snønipa i bakgrunnen til høgre. 

Fantastisk ver. Varmt og godt, ingen insekt, fantastisk utsikt. Fin gjeng. Bra turleiar. Eg kosa meg. 

Teambilde på Gallen! 

Det er visst tradisjon for å ta teambilde her. Det var mykje tradisjon knytt til denne turen, skjønte eg etterkvart. Dette var opphavleg ei av patentrutene over breen: 

Fleire av ferdslevegane inn mot og over Jostedalsbreen har ei historie som strekker seg langt 
tilbake i tid. Før omlag 1890, var ferdsle over breen knytt til ærend som hadde med handel å gjere. Frå 1890-talet innførte DNT autorisasjonssertifikat for breføring, fleire førarar i Sogn og Fjordane vart utnemnde og fekk patent på kvar sine ruter i dalane rundt Jostedalsbreen. Dette var gjerne karar som frå før hadde god lokalkunnskap og som allereie var vande å ferdast i fjell og på bre.

I nyare tid har dette vore turlagstur i 30 år i strekk. Uansett ver har gjengen kjempa seg over. Bjørn Høyvik har vore turleiar i 20 år, og sonen Leif Sverre Høyvik leia turen for 10 gong i år. Fleire av turdeltakarane hadde vore med mange gonger, opp til 19! Eg var mektig imponert.

På Norges tak i brelandskap

Klar for bre!

Innbinding i tau

Kamelkaravane i ørkenen, eller turlagstur på bre. Mykje det same. 


Fotostopp! 

Eg tok no litt bilde utan fotostopp og. Magne fortener premie for tolmod. Eg hoppa to skritt fram og litt hit og dit, men aldri kjente eg rykk i tauet eller misfornøgde blikk brenne i nakken. Eg innrømmer glatt at eg ikkje var den lettaste å gå bak denne dagen...

Etterkvart kom vi opp på høgaste punktet for dagen, på omlag 1700 meter. Der kryssa vi sporet som vi jentene gjekk i mai - på vårt "Josten på langs-eventyr".

Supphellenipa var like fin denne gongen og. Her oppe beundra vi utsikta over breen, ytre delar av fylket, Jotunheimen med meir. Ei lita økt med handsopprekking vart det og tid til. Her er alle dei som har sykla breen på langs.
(Heilt tilfeldig var det visst Leif Sverre = turleiaren)

No skulle vi begynne på den delen av breen der vi reelt trong tau. 

Startar nedoverbakken med å trakke gjennom... 

Då skjerpa vi oss gitt. Resten av nedstigninga på breen gjekk utan dramatikk. Nesten litt keisamt, i følge dei erfarne. Mykje snø på breen. Rekordmykje. Tilsvarande lite sprekker og blåis. 


Bre er kult 1 - Bjørnakyrkjebreen

Bre er kult 2 - Langedalsbreen

Rast på Midtnovi (1210 moh) då vi kom ut av breen. Sydenstemning. Berre mykje betre utsikt. 

Snøfonnutfordring!

På veg ned var det mykje snø og nye snøfonner som turleiarane ikkje hadde vore borti før. Litt ekstra tausikring var greit her. Nedstigninga var bratt og lang, men det var no stort sett sti. I botnen venta neste utfordring: Kryssing av breelv. 

Tau og teamarbeid..

Alle kom seg over i fin stil og utan plumping. 
Eg var glad både for tau og ei handsrekking i hoppinga her...

Siste etappa gjekk i flate dalen gjennom kratt og buskas. Ras hadde endra elveleiet, og øydelagt delar av stien. Vi kjempa oss fram. Etterkvart vart det ope, flatt, og grueleg keisamt. No var eg litt lei og klar for å komme fram. Det var god motivasjon i å sjå Tungestølen der framme, og ha ein god prat med turfølgjet utover dalen.  

Nystølen. 

På Tungestølen var det lavoar, teltplass, toalett og bussen stod der med alt utstyret vårt. Rein luksus. Vi fekk servert Veitastond-tapas, og runda av kvelden med røvarhistorier rundt leirbålet i giga-lavoen. Om du vil vite meir om kva som skjedde om kvelden? Ja, då lyt du nesten vere med på turen neste år. Det som skjer ved leirbålet blir i leiren...

Kart over ruta (ca). Turen er omlag 18 km lang, og det er 1400 meter høgdeskilnad. 
Vi brukte 11,5 timar, og av det tippar eg ca 1,5 time var pausar. 

Vi gjekk roleg og jamnt, og det var lurt, for her treng ein litt krefter til nedstigninga og..

Eg må nesten skryte litt ekstra av Leif Sverre for strålande turleiing. God informasjon, perfekt tempo, passeleg lange skritt i snøen, god timing på matpausane og eg kjende meg trygg og fornøgd heile dagen. Det er nemleg ikkje sjølvsagt at superspreke mannfolk med lange bein fiksar alle dei tinga der.

Takk for ein fantastisk turdag, samtlege!

fredag 27. juni 2014

Hallehornet (913 moh)

26.06 Lange lyse kveldar og fint ver. Eg er på turkøyret for tida. Heldigvis er det fleire som er gira på fjellet om ettermiddagane. Rundtur var planen og vi starta på Melbøsætra (Erdalen, Barstadvika). Vi gjekk stien mot Molladalen og kom etterkvart opp i eit flott og rått landskap!

Utsiktspunkt mot Molladalstindane.

Breie glis på alle mann. Slike utsikter kan vi like. 

No hadde vi i grunn ikkje tenkt oss inn i Molladalen, men tok av stien ved Tunga. Vi gjekk stien, og sjekka ikkje kartet og enda på eit utilsikta utsiktspunkt mot Molledalstaggane. Slike "feil" går i kategorien verdifull avstikkar! Det var berre å komme seg ned att til elva og ta det på nytt. Den stien som var merkt på kartet var usynlig i terrenget. Gunhild har kontroll på teknologien, og GPS-kontrollerte at vi var på rett stad. Vi gjekk etter GPS'en i terrenget og kom inn på ei svak rås før kryssing av nokre sva. Det ser ikkje ut som det er greit å gå her, verken på kartet eller i terrenget frå avstand, men det var heilt kurant. 


Rett før kryssing over svaa og utsikt over leikegrinda for dagen.Hallehornet bakerst, "Midthornet" og Middagshornet til venstre. "Midthornet" har vi døypt sjølv, så om nokon veit kva denne eigentleg heiter, så legg gjerne inn ein kommentar! 

Ny vinkle mot Klovetind

Ved Midtivatnet og Hallehornet.

Gunhild demonstrerte klinometerfunksjon som viste 27 grader helning på brattaste del av ryggen til Hallehornet. Artig med litt faktisk forskning. 

Synnøve fjellvandrar mot Brillevatnet og Romedalstinden (som låg i skodda heile dagen).

Ny fjellrekke og vi måtte kikke over kanten ned i Romedalen. 

Eg er ikkje sikker på kva som er kva i tinderekka mellom Romedalen og Langedalen, men Høgehornet, Sveddalstinden, Raufonndalstindane, Kjerringa med fleire ligg i det massivet der.  

Ryggen frå Hallehornet mot Middagshornet. Gunhild peika ut nye ruter til meg. 

Vestveggen på Hallehornet, Steinstøylen og Romedalen. 

Ryggen frå andre sida, mot Hallehornet. Skikkeleg kult fjell det der. 

Ryggen vidare mot Middagshornet. 

På "Midthornet". 

Så kom skodda, og vi tok avgjerda om å gå rett ned att til Storfossen i staden for over Middagshornet. 
Det er godt at vi har noko til gode? Det var ein flott egg/rygg, og hit skal vi tilbake fleire gonger! Det er mange moglege ruter over Middagshornet, og ryggen vidare ut til Hallehornet er vel verd å gå fleire gonger. 

Hallehornet - skikkeleg bra fjell! 
  
Takk for turen!


Runden vart ca 11 km lang med ca 850 høgdemeter. Vi brukte 5 timar totalt inkludert mat- og fotopausar.

onsdag 25. juni 2014

Fjølesanking på Ytstevasshornet (1330 moh)

24.06 Turdag! Vi er framleis motiverte for fjølesanking, og med gode meldingar satsa vi på "raud" tur i Sykkylven. "Piece of cake!" - seier eg entusiastisk før vi fer.

Klar for avgang! Rett opp skaret bak der og litt til høgre så har vi det!

Det er minst ti grader varmare enn i Ålesund, og sommaren sler i mot oss i lia. Det er herleg, og vi er godt nøgd med å fare på tur. Desse "rett-etter-jobb"-turane gjev oss som regel litt stress før vi kjem avgarde, men det er ALLTID verd det!

Vi registrerar nysnøen på Tretindane

Vi løyser svetten i første bratta. 
Ho er bratt, men grei å gå, og nokre stader er det laga trappetrinn i ura. 

God stemning!

Kameraet doggar og eg ropar forundra ut over regndråpar frå oven. Det er blå himmel og ingen andre kjenner noko regn. Etter ein dobbelsjekk er det svettedråpar frå solbrillene mine som haglar over meg. 

Det flatar ut og ut vi kjem inn i eit nydeleg landskap med fjell og små dalar med sprudlande bekkar. 

Vi skal opp til eit lite vatn. -Er det dette? Det er framleis god sti, og eg gidd ikkje ta opp kartet frå sekken. -Nei, det er sikkert litt større. Vi følgjer stien litt til, seier eg. Vi går forbi fleire små dammar, men eg trur liksom ingen av dei er store nok til å vere den tjønna vi skal ta av ved. 

Fantastisk flott sti oppover bekkedalane

Når vi kjem til det digre vatnet, som vi aldeles ikkje skulle opp til, må eg krype til korset og ta opp kartet. Jepp. Vi skulle ha teke av ved det første der nede... Inga krise og vi skrår opp mot høgde 1165. 

Tindeskardvatnet, og den ryggen som er ein fin alternativ runde i bakgrunnen. 

Så kom skodda, vi var oppe i nysnøen og det var som å rykke eit halvt år tilbake i tid. Vi hadde klede i sekken, ein kompasskurs på lur og gjekk vidare (Foto: Synnøve Lunde) 

Vi skimta varden på 1288 i skodda, og la kursen godt til venstre for den. Synnøve hadde los på toppen og vi gjekk rett på varden på 1330. MEN dette er jo ikkje toppen? Der ein må "vise aktsemd på dei siste svaberga" i følgje Fjellhugboka (Sykkylvsbibelen). 

Oppe! Humøret på topp! 

Alle trur at dei andre har sjekka rundt hovedvarden, og her er det då inga fjøl? Det er glatt nysnø, og vi veit det er bratt utfor. Vi skimtar ryggen og neste topp i skodda. Eg er usikker på kor langt eg skal gå. Beate derimot hadde ikkje tenkt å gje seg på fjøla. 

Beate er den tøffaste og tek seg lett bort til sjølve hornet. - Huhei, her var det luftig, ropar ho entusiastisk. Då stoppar eg. Akkurat her faktisk.  

Gry på toppen!

MEN det var inga fjøl der! Kritisk. 

Synnøve står ved hovedvarden, og kva ser vi på andre sida av den? Det må no vere... er det ikkje...?

Snakk om å gå over bekken etter vatn..... 

Kodejegerane i mål med dagens økt! Teambilde!

Klassisk juni. Gamasjane ligg i bilen. Det var lurt. 

Er det eit glimt av ei verd i fargar der nede? 

Vi går den "rette" stien ned. Eg trur ikkje vi tapte noko særleg tid på å gå omvegen, for det var lettare å gå der, sjølv om det var noko lenger. 

Bekkekryssing er alltid like spennande.

Trappene nede i ura. 

Vi vart snytt for utsikta i dag - potensielt flott vinkel til Slogen til dømes. 
Ser ein stort på det så fekk vi 4 årstider, minst. Ny kode. Flott tur! Herlege folk.
Fjøre til fjells i Sykkylven er eit bra konsept for oss. 

Vi brukte ca 4 timar inkludert to korte matpausar og pause på toppen. Glatt over 1100 meter.