tirsdag 30. april 2019

Vår og bål - på Kalvøyholmen

16.04 Ettermiddagstur med fyrstikker, grillpølse og rekognoseringsbriller på! Det har vore mykje surf og leik ei stund, så det var på høg tid med turpadling og kvilepuls. Det var "nordavind" midt i mot på veg utover så det var blytungt i kryssingane. Eg tvilte på at dte vart pause ei stund der. Mot kvelden stilna det av og vi var på rett stad til rett tid! Båling, mat og silkeføre i solnedgangen heimover att.

Start på Knutneset - Ålebyen midt i mot

Gamle sentrum på Valderøya

Kjeholmen

Flott! Nordavindsblått!

Det stilna og vart perfekt for grilling og pause
 

Floa tok restane av bålet - perfekt berekning. 

Flammehav og veldig kult lys!


Magi!


Det vart heilt tussmørkt før vi kom heim og nydeleg! Eg ville eigentleg vere ute heile natta, men var samstundes segneferdig, og det var berre såvidt eg orka å bere opp kajakken. Vår!  

Turen vart 16 km. 

Ellingsøyfjorden - Kvalstein - Langøya

18.04 Ingvild og Espen inviterte til tur frå Kvalstein på Ellingsøya. Flott utgangspunkt, flatt hav, fine folk og årets varmaste dag! Heimepåske er gull!

Fin strand og veldig varmt! Skal/skal ikkje i tørrdrakt..?

Lekkert innover Ellingsøyfjorden - vi padla frå øy til øy.


Strandhogg på Langøya

Denne dagen førsøkte eg å ta det optimale gruppebilde på sjøen. Det er ikkje så lett å formidle kor kjekt det er å vere ein gjeng som sklir gjennom sjøen, pratar litt, nyt livet og ser seg omkring. 
 
..det vert fort små svarte prikkar

Framom er kanskje betre? 

...eller når gruppa padlar gjennom noko? Ups, der var eg bakerst att. 

I mindre grupper er kanskje betre?

..eller fungerar det å spre padlarane langs heile horisonten? 

....eller med min eigen kajakk som kan peike og gje djupne i bildet? 

Korleis vert det med fjell som bakgrunn?

...er er det betre om ein får med litt tare? 

Førebels konklusjon er at det er krevjande å ta bilde av padlegrupper, og eg må jobbe meir med dette. Ingen av bilda gjev rettferd til kor fin dagen og stemninga eigentleg var. Og alle visste at det låg fridagar på rad og rekke og venta på oss!

Påskepadleglede ved Grete

Mange på sjøen - og ungane som fiska lurte på kvifor i alle dagar vi padla. Godt spørsmål. 

Hege tok ein for laget, og rulla påska inn! 20 i stil. Slik ser det ut når ein IKKJE prøvar å komme opp med hovudet først! Eg ser og lærer...
 



Turen vart 11 kilometer. Takk for supert initiativ og ein strålande dag!

fredag 26. april 2019

Kortreist påskepadling

22.04 Påska og våren er ofte den aller finaste tida på Vestlandet. I år slo det til for fullt, og vi fekk full sommar og t-skjortever på toppen! Mange i padlegjengen hadde heimepåske, så det vart turar både i aust og vest, og sosiale kjekke dagar. Finalen tok vi likegodt i skjergarden mellom Giske og Haram, som er eit utruleg flott område med holmar og skjer og nokre større øyer.

Fin gjeng på sjøen, frå "downtown" Valderøya

Kjeholmen

Vraksafari - slik gjorde dei det før i tida..

Fleire i gruppa hadde barndommsminne og masse lokalkunnskap frå området, så det vart mange gode historier langs med utover dagen. 

"Kongen" helsar på - og flaug rett over hovuda på oss

Snirkling og korte kryssingar i vindstille og sol! 

 
Lekkert I! 

Lekkert II

Silkeføre. Passe fort, passe langt. 

Fløyelsfjord

Grønneguiden og damene

Kalvøyholmen vest - flott plass for strandhogg i dag! (Og eg hadde ein bitteliten baktanke her..)

Grilling og skrøner frå Nord-Norge. No har vi lært kva som er problemet om bålrøyken følgjer oss...

Det var nesten for varmt i sola, og deileg å slappe av. Vi hadde med hanskar og ryddesekkar, men det var nesten feil å dra i gang rydding på ein slik sommardag. Etter litt nøling tok vi det fram og vipps var heile gjengen i gang!

Rydding pågår! Foto: Jan Roger

Holme er pepra med isopor, og sjølv om Mildrid og eg rydda her i oktober så var det dessverre lett å finne mengder. 

9 stk - ein time rydding. Då hadde vi dekt eit par hundre meter strandlinje og pakka saman 9 sekkar + diverse kanner og store isoporbitar. 

I terrenget - overalt. Det er nesten umolgeg å plukke opp. 
Eg trur eg skal gå til "krig" mot dårleg avfallshandtering av ispor. 

Det var ein slik dag som kunne vart evig, og ingen ville eigentleg heim. Eg synes det var utruleg kjekt at vi fann roen i mange timar på holmen. 

Det er fine folk eg padlar med, men merkeleg nok er dei meir interessert i å rydde plast enn å bade. Så badinga måtte eg ta ansvar for aleine, under lett press frå Ingvild og Roger. Ikkje avskrekkande kaldt, men førebels nok med einsifra tal svømmetak. 

Aprilbad: Foto Ingvild
  
Etter at vi har vore her: det ser bra ut! 
Vi har etterkvart fått taket på sporlaus ferdsel! 
Rettare sagt: Det var ein stor skilnad: langt meir plast og rusk i området då vi kom enn då vi for. 

På heimvegen traff vi eit flytande kar frå Hofseth biocare. 
Vi har sendt beskjed til dei, no er eg spent på om dei hentar avfallet sitt. Ei bedrift som heiter "biocare" KAN rett og slett ikkje strø om seg med plastavfall i sjøen. 

Glitrehav, medsjø og medvind. Heimvegen gjekk som ein leik!

Snirkling - Tommy!

Samling før kryssing av skipsleia. 

Vi klarte det nesten. Å padle å samla over. 

Der det kan padlast gjennom osv osv...

Teambilde!! Foto: Tommy

Takk for ein fantastisk dag! 
Påskepadling med plastrydding og pølsegrilling var ein perfekt finale på århundrets til no finaste påske i vest! 
14 kilometer.