søndag 27. september 2015

Saksa (1073 moh)

17.09 Storfint besøk med røter frå studietida. Helga var booka i god tid, og planen var klar. Toppturar på Sunnmøre! Sidan veret ikkje heilt spelte på lag med oss, vart ambisjonsnivået redusert frå dei lengste turane til dei finaste utsiktstoppane. Saksa har vore Sunnmøres fjellpopstjerne i år, med nye trapper i ura, betre merking av stiane og ny gapahuk. Bygdelaget på Urke har gjort ein god jobb både i terrenget og i media. Standhaftige rykte om at denne toppen gav mykje utsikt for høgdemetrane gjorde utslaget - vi for til Urke!

Saksa frå Sæbø! Slogen bak til høgre.
Turen går frå høgre i bildet (Leknes) og følger ryggen mot toppen til venstre

Ferge er stas. Særleg i godt selskap. Særleg på Sunnmøre. Særleg med kongeutsikt til taggerekker på alle kantar. 

Vi for til Urke, sjekka inn på hytta på Urke camping og for på cafe. Hurtigruta går inn fjorden om hausten og då er det folkemøte og kaffedrikking på kaia kring lunsjtider. Kjempefin kafè og gode vaflar. Det er ikkje feil med Hurtigruta, norske flagg og blide fjes innramma av Skårasalen og Slogen.


Den som har fjell å bestige kan ikkje sitte på kafe heile dagen. Vi for attende til fergekaia på Leknes og følgde skiltinga oppover lia. 

Sti i kulturlandskap med fin fjordutsikt frå starten. 

Bratte høgdemeter i skogen

Oppe på ryggen mellom Leknesnakken og Saksa. Litt haust og mykje utsikt!

Flett nye trapper låg godt i terrenget i ura.

Fjordkrysset med Stålberghornet i midten. Øye til venstre og Bjørke til høgre

Kristin og Slogen. Dei kler kvarandre godt!

Teambilde på toppen av søndre. Lekker utsikt. Verkeleg bra 360 graders rundskue. 

Panoramabilde frå Saksa

Hege tok ansvar og booka Sunnmørshelg!

Sæbø

Utsikt frå midttoppen. Spennande klyving i mellom desse to.

Mot Brekketindane

Frå nordtoppen
 
Turt i lia på veg ned

Gapahuken rett over Urke

Seinsommarkveld ved Norangsfjorden

Stålberghornet frå Leknes

Dagen vart runda av med varm dusj og god mat på hytta på Urke camping. 
Vi brukte 6,5 time totalt på turen, med fleire gode pausar og mykje fotografering. Ein topp topptur i boks, og vi såg litt lysare på dei ustabile meldingane for resten av helga. 

mandag 14. september 2015

Brekketindane, brevandring og bading

11.-12.09 Reading up at westcoastpeaks.com on Friday: Brekketindane are considered to be among the very finest of the Sunnmørsalpene peaks. Ascending the highest peaks involve glacier crossing, scrambling and easy climbing in rugged and airy terrain. The Habostadbreen, Brekketindbreen and Gullmorbreen glaciers enclose the Brekketindane massif. Store Brekketind (1578m) is the highest of the peaks.

Greit nok, tenkte eg. Fokus fredag var pakking, rekke ferga og finne Therese, Vi kom frå kvar vår kant og hadde ein avtale om å sette att ein bil i Sykkylven og gå inn til Patchellhytta frå Liasætra.

Liasætra

Fin sti og idyll innover Habostaddalen

"Baksida" av Store Brekketind

Slogen etter solnedgang

Det vart mørkt, og vi måtte bruke hovudlykter siste biten. Det var mykje folk på hytta og god stemning, så vi vart sittande ei stund. Therese hadde med Freia vaniljesaus, som sklei ned saman med fersken på boks og presskannekaffi. Det vart ein skarp haustkveld, med krystallklar stjernehimmel. Antydning til nordlys såg vi og.   
 
7 blånar mot aust - og morgonstund har gull i munn

Risenosa (t.v) og Jakta (t.h) i morgonsol

Dei fleste på hytta la i veg mot Slogen med lette dagstursekkar. Vi for andre vegen, med noko meir bagasje. 

Rett fram og opp ryggen. Vardenibba/Sandgrovhornet bak 

Motbakkane var bratte og seige, men etterkvart opna det seg utsikt mot breen og Brekketindane.

 1100 moh og kransen av tindar motiverar til nye høgdemeter, 

Søre Brekketind og brefallet. Vi vel å gå svaberga opp.

Teambilde og lunsj ved foten av breen. Store Brekketind bak til venstre

Kvitegga (pil) i horisonten med karakteristisk kvit kappe av snø og is. 

På med breutstyr og kurs mot hakket til venstre for toppen. Delvis snødekt bre var eit spenningsmoment

Slogen! 
Det er så kult her oppe. Frå breen tek utsikta seg kraftig opp. Taggar og tindar på alle kantar.

Vår første brerangletur - og det vert ikkje den siste!

Innsteget til Store Brekketind er opp snøtrekanten og klyving/klatring opp bratta. Det vert med tau og ein anna dag. Eg kjenner meg trygg på bre, men ikkje på fjellklatring - endå. 

Vi går oppunder Store og sett kursen mot Lisje brekketing. Kryssinga over breen går greit, snøen er fast. Då vi nærmar oss kanten får eg litt skjelven for det er bratt, men vi finn ein grei stad å hoppe av. Bregleppene kan vere trøblete her seint på året. 

Bregleppa - av med stegjarna

Vi klyv oppover og finn ei grei rute opp på ryggen. Det kjem eit rop frå Therese. - Kva var det, seier eg? Luftig, skummelt, farleg? -Utsikta, stønnar ho tilbake. UTSIKTA!!!

Fjelltjæreblom og Therese - god match

Eg droppar blomefotograferinga og slit meg dei siste to metrane opp på kanten. WOW!!!

På ryggen - mot Søre Brekketind

Vestover - Kolåstind bakerst

Det er så kult her oppe. Eg kjenner det litt i magen, men inntil vidare er det greit. Det går glatte sva vidare mot toppen. Vi startar å klyve. Det er ikkje alt for smalt, og klyvinga er grei. Eg ser nedover, og får brått høgdekjensle så det held. Vi veit at vi sannsynligvis ikkje kjem oss over eit brot på ryggen mellom oss og varden. Eg vert sittande, Therese går heilt opp på denne fortoppen. 

Sva-ryggen

For ei utsikt! Eg trur det er den råaste utsikta eg har hatt på Sunnmøre nokon gong. Bilda gjev ikkje rettferd for det 360 graders panorama som eg har rundt meg. "Among the very finest" var ikkje overdreve. Eg kjenner at eg har fått eit nytt favorittområde. Eg må jobbe litt meir med den høgdekjensla og verte trygg på tausikring. Då er desse toppane heilt innafor rekkevidde.  

Slogen

Søre Brekktind og Smørskredtindane

Nyt.

Det kjem ver og vind frå aust. Vi er usikre på kva som er i vente, og tuslar heimover. 

Frå breen tilbake mot Lisje Brekketind

Veret held seg og vi ahr mykje dag til disposisjon. Planen om å gå over til Velleseterhytta vert utsett på ubestemt tid. Vi kosar oss med å gå heile brefallet ned. Ikkje så stort, men spenannde blåis, sprekker og formasjonar.

Brefallet og Lisje Brekketind i horisonten. 

Brevandring

Adjø for denne gong! Her kjem vi tilbake!

Vi tok ein god stopp på Patchellhytta med nytrekt kaffi og sjokolade. Då var vi klare for heimtur og gjekk ned same vegen som vi kom. Det var fønvind og varmt i veret og varmare vart det. I siste kulpen før bilen vart det bading. Iskaldt i vatnet, breane syt for det. Deileg forfriskande! 

Badekulp i Engsetelva

Eit døgn på tur - det kjendes nesten ut som ei veke! FOR EIN DAG! Brekketindane bestod og vel så.


Kart

GPS:
Patchellhytta - Brekketindane t/r:  6,1 km,  680 høgdemeter kvar veg. Tid i bevegelse: 2.19 (snitt 2,64 km/t) Stopptid 5.42 (Kan det stemme??)

Patchellhytta - Liasætra: 6,7 km, 440 høgdemeter (nedover). Totaltid 1.58, tid i bevegelse 1.37 (snitt 4,2 km/t)

mandag 7. september 2015

Mastodonten Masdalhornet (977 moh)

03.09. Knallver! Tur rett frå jobben? Vi er gira. På andre sida av fjorden ligg Masdalshornet som ein massiv vegg. Ein diger klumpete mastodont. Kristin har sladra om at det er ein fin tur, og vi har snakka om den lenge. Det er på høg tid å gjere alvor av planane.

Vartdalsætra og Romedalshornet

Ferierande ku i solveggen! Ja takk, fleire slike i naturen!

Det er god sti gjennom sætra og vidare innover. Etter nokre hundre meter tok vi til venstre opp lia og sette kursen mot høgde 717. 

 
Frå 717. Ryggen mot Trongegga til venstre. Sti, tørt og greit terreng.


Synnøve over egga. Ikkje so trongt som vi hadde frykta.

Vi har allereie ei fantastisk utsikt til alle kantar. Her får ein valuta for kvart eit steg.

Romedalen, med flotte fjell på rad og rekke: Middagshornet, Romedalstinden og bakerst Kolåstinden

Over egga kjem vi opp på ei skikkeleg vidde. Eit skikkeleg tak på ca 900 meters høgde. Det skal verte ei glede å luffe flatene vidare! Det er 20 grader, vindstille og shortsver!

Masdalhornet heilt ytst på kanten der borte (Foto: Synnøve)

Vi vandrar freidig og lett innover, og mister nesten pusten då vi snur oss. Dette er RÅTT! Vi går på eit stovegolv og er omkransa av taggerekker og tindar på alle kantar. 

Rå utsikt

Kult terreng

Teambilde på toppen 

Kveldsmat klokka 19.00. Grei utsikt. 


Vi ser blånene i Herøy, Eika i kveldssol, og alle dei store i Ørsta. 360 graders utsikt. Sola varmar. Vi treng ikkje finne fram anna enn nista og store ord. Livet er herleg. Det vert ikkje betre enn dette. 

Vassdalstind og Saudehornet

Kolåstind

"Tuppelurene" i Langedalen (Mannen bakerst)

Det er seriøst surrealistisk å gå rundt her oppe. 

Eit JUMP i anledning dagen

Vartdalsfjorden, Hareidlandet og øyene i Herøy

Grøthornet

Mot Trongegga på returen

Trongegga 959 moh - midt i smørauget

Perfekt timing, og solnedgangen frå sætra. 

12, 5 km t/r. Total tid: 4.22, tid i bevegelse 3.18, stopptid 1.03. Høgdemeter ca 800.

Mastodonten.