mandag 12. november 2018

Kvalpadling 2018 - dag 3

12.11.18 Alle gode ting er som kjent tre, og no var vi tre personar att til tredje dagen med kvalpadling. Vi hadde allereie sett nok kval til å vere nøgde med helga, dette var ein bonusfridag. Låge skuldre, ope sinn og god drill på utstyr og padling. Og for ein dag det vart!!

Klar for avreise

Kvalpadling i soloppgang


Det var ikkje eit vindpust. Vi var aleine på sjøen. Dei andre kvalturistane åt framleis frukost. Berre ein liten sjark å sjå i horisonten. Soloppgangen var heilt fantastisk! Gull, orange, burgunderblått. Svarte skuggar av fjell, padlarar og sjøfugl mot hav og himmel.   

Då vi kom utpå såg vi kval i to ulike retningar. Langt unna. Nokre små båtar stima mot dei næraste. Vi sette kursen mot dei andre. Etter ein kilometer padling synes eg at eg såg eit plask. Etter ei lita stund til såg vi heile knølkvalen i lufta. Det var på god avstand, og det var i grunn greit. Eg vil ikkje ha 30 tonn kval i hovudet! Det var to, og dei hoppa fleire gonger. Det er heilt sprøtt å sjå på det. 
  
Knølkval i lufta - om du ser nøye etter!

Landing med eit plask! Berre så spruten står. 

Her stryk begge hoppeknølane seg forbi Bjørn Tore


Det var brått mykje aktivitet. Spekkhoggarar i soloppgang er heiiiilt innafor på ein mandags morgon.. 

Foto: Kristin

Hoppeknølane dykkar inn mot Skjervøy

Ei ny gruppe med knølar sig forbi Bjørn Tore på kloss hald. 

Kvalturistar i fleng - og tre knølkvalar innimellom mylderet av båtar,  rib'ar og kajakkar.

Etterkvart hadde alle kvalturistane stått opp. Det var ein haug med båtar som sirkla etter den same gruppa av kval. Eg vart og bitt av basillen og ville sjå mest mogleg. Men etter ei lita stund så ser ein galskapen - det er FOR mykje folk og båtar, og vi forstyrrar meir enn observerar. Så då tok vi til vett og for avgarde for å finne lunsj-plass. 

Novembersol og dagslys. Direktelading av skrotten og mental terapi. 

Vi satsa på Hekksteinen vest denne gongen. Flott rullesteinsstrand og mykje ved. Eg hasta, av heilt naturlege årsakar, med å komme meg på land. Bjørn Tore var baktropp og fekk med seg ein stor sluggert av ein knøl som seig forbi.

Bjørn Tore i kajakk (prikk) og knølhale (større prikk)

 
Hekksteinen vest


Bålsjefen fiksar biffen!

Skal det vere bål så skal det vere bål! Raust og rikeleg. Dei finaste folka å båle saman med. 

Det var ikkje kaldt i utgangspunktet og ved bålet var det reine syden. Eg har aldri frose så lite som på kvalpadlinga i år. Det tok tre dagar før eg fekk dreis på ostesmørbrødvarminga, men denne dagen vart dei perfekte! 

Det for kval - så vi hadde orkesterplass under lunsjen. Kor heldige går det an å vere?

Vi skulle i grunn berre heimover, men det var knøl og spekkhoggarar langs vegen, så det tok si tid. Vi var og innom med ei gruppe snorklarar som låg og bada saman med ein spekkhoggarflokk. DET hadde ikkje eg tort..

Knøl som stryk forbi Kristin. Ikkja alt som skjer langt til havs. 

Dei er kule då - der dei kjem med stauren i veret i full fart forbi

Kvalitetstid saman med spekkhoggarane

Skumringstimen vart blåtimen. Det var heilt stille på sjøen. Vi høyrde kvar ein kvalblåst i ein omkrins på fleire kilometer. Små lys markerte fiskebåtane lenger ute i fjorden. Slike stunder på sjøen er sjeldne og magiske. Det går ikkje an å forklare korleis det er - det må opplevast. 

Skjervøybygda skin som ein diamant der inne.

 
På heimvegen 
Kristin filmar medan vi to andre sig forbi og debriefar opplevingane. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar