Viser innlegg med etiketten Jarle. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Jarle. Vis alle innlegg

torsdag 15. november 2018

Kvalpadling 2018 - dag 1

10.11 Grytidleg opp, køyre frå Tromsø. Frå svarte natta gjennom blåtimen til grålysning. Venting på vegarbeid. Smalare og meir svingete vegar dess nærare vi kjem Skjervøy. Vind, men ikkje avskrekkande. Effektive og forventningsfulle gjorde vi oss klare. Rutina var på plass. Ete ei brødskive medan pakking, lys, ekstra vottar, lue og batteri til kamera lett tilgjengeleg. Ved på lur i kajakkane. VHF-sjekk. Plussgradene gjorde pakkinga og påkledninga enklare og meir behageleg.

På sjøen ca halv ti. 

Etter ca 4 km så såg vi første kvalen - og frå då var det kval overalt! Lenge! Knølkval og spekkhoggarar om kvarandre. Finner og halar, store og små blåst på lang og kort avstand. 

Knøl som dykkar (Foto: Kristin)

Morten "vassa" i kval. Han fekk seg og ei skikkeleg overrasking då ei knølgruppe kom opp med store gap rett bak kajakken hans (mindre enn 5 meter unna!). Link til videoen på TV2. 
Det var bursdagsgave god som gull på forskot.  

Få med seg opplevinga, vere tilstades der og då og ta litt bilde. Det er mykje som skal balanserast! 
I tillegg skulle eg halde styr på kajakk, åre, vind og bølgjer! Foto: Kristin



 Spekkhoggarar på kryssande kurs


Knøltog


Kvalpadlinga 2018 var offisielt opna - og det med glans! På 2 timar hadde eg sett meir kval enn samla på alle 5 kvalpadledagane i 2017. Kvænangen i frisk bris var heftig nok, og etter nokre timar var eg sliten, og diverse behov meldte seg. 

Novembersol på 70 grader nord. 

Rullesteinstrand, med veldig flott stein. Kristin hadde lyst å ta med halve stranda. 

Vi gjekk i land på Hekksteinen (nord). Etter røysting vart det 3 mot 2 for bål, så då vart det bål. Ingen angra på det. Bålsjefen rydda og fyra, og det vart rett så triveleg. Ein havert låg i fjæra og kikka på oss. 


Bålet gav varme, varm mat og salutt til slutt!

Fjorden gjekk kvit utpå og vi hadde sett meir kval enn vi klarte å fordøye. Vi sette difor kursen innover etter lunsj. Vi var heldige og kryssa fjorden då det var relativt lite vind. Det var framleis eit slags dagslys då vi kom inn til stranda. Morten held fram øvinga på redning og rulling.



Kvalpadling dag 1 - 13 km padling
Store opplevingar i stort landskap. 

Kartutsnitt endomondo - kvalpadling i eit nøtteskal

søndag 11. november 2018

Kvalpadling 2018 - dag 2

11.11.18  Ny dag - og nye sjansar til store opplevingar! Vi var tidleg ute. Frukosten fekk vi i ta-med-boks frå hotellet kvelden før. No var vi i posisjon! Utstyret låg klart og det såg ut til å verte ein aldeles nydeleg dag! Mindre vind og flatt hav.

Morgonstund har gull i munn - i alle fall på kvalpadling! Så gliset er på plass frå vi kjem oss på sjøen (Foto: Kristin) 

Det går ikkje lenge før vi ser den første kvalhalen...

...og derifrå går det slag i slag! Mange spekkhoggarar og knølkvalar var i aktivitet rundt oss. Spelet mellom pastellfargane på himmelen og vinterlyset i nord var ein ekstra bonus. 

 






 

Der kjem det ein stor ein rett i mot meg... (Foto: Kristin) 

..og frå min posisjon såg det slik ut. Ups. Kollisjonskurs!!

Vintersol!! 
Framleis akkurat nok sol til at strålane nådde ut til oss på sjøen. Det gjer godt å få dagslys i november.  

Padling på øverste hylle..! Foto: Kristin


Pause på Hakksteinen (sør) med obligatorisk båling.

Vi hadde sett så mykje kval at vi eigentleg var godt nøgde. Men jammen leika det spekkhoggarar og seig knølkvalar forbi i sundet under lunsjen og. Vi er meir enn heldige som får oppleve dette.  

Spennande geologi! 

På siste etappa heimover i skumringa kom vi og forbi to grupper med knølkval. (Foto: Kristin)

Det er spennande når det er mørkt og stille og vi høyrer meir enn vi ser av kva som skjer rundt oss. 

Kristin driv mot ein kval som kviler, og forsøker liste seg tilbake..

Etappa for dagen, ca 16 km. 

Det beste av alt var at vi hadde endå EIN HEIL DAG til disposisjon..!!  

søndag 20. mai 2018

17. maipadling i Kvænangen - Skorpa

20. mai  Vi bryt opp frå camp Skarberget og fer i kvar var retning (eigentleg heiter det visst Fattnjàrga her). Vervindauge ut dagen, og vi kortar ned turen med ein dag.


Skarberget - og ut på nye eventyr. nu dag - ny øy! 

Ikkje aleine på sjøen

Koordinert teknikk (eg brukar nok oftast å gje sidemannen eit dytt)

Det var grått, men varmt. Eg hadde kledd med for godt og ba om nåde og pause på næraste skjer. Det vart difor ein ekstra beinstrekk og teknisk stopp før vi la i veg for alvor over til Skorpa. Bjørn Tore held øye med snittfarta denne dagen, så eg måtte anstrenge meg litt for å halde følgje. 


Små padlarar i stort landskap

Første landing på Skorpa! 

Kvænangen er stort. 
På bildet over ser du tuppen av Spildra bak til venstre. Det ser ut som eit steinkast, men er over 6 km bort dit. 

God stemning, men ikkje ro i rumpene så lenge her. (Foto: Trude)

Flotte fargar på ein grå dag. 

Skorpa sentrum. Kyrkja var einaste huset på øys som ikkje vart brent i 1944. 

Rosa crocks er innafor, rosa hus er vanskelegare å svelgje. Vår teori er at dei hadde att statsfinansiert raud og kvit måling frå kyrkja og kyrkjenaustet...

Bjørn Tore visste at det hadde vore fangeleir her under krigen. Over 400 tyske soldatar vart heldne på Skorpa då Norge kapitulerte. Link til artikkel om leiren

Eige postnummer, men ingen fastbuande lenger (fråflytta ca 1980). 

Etterkvart padla vi inn i plantefredningsområdet og dolomittbergartane. Eg fann det ikkje ut før eg kom heim, men Skorpa er den eneste øya i Troms med registrert firfisle. Der og då hadde vi meir enn nok underhaldning med dei flotte bergformasjonane langs stranda. 




Skal, skal ikkje gå i land.... 

Bjørn Tore fiksa bål på bestilling og damene fretta nytt heime. 

Det kom bekymringsmelding frå Tromsø med beskjed om veromslag, så vi skjønte at vi hadde eit kort vervindauge. Pausen vart kort, men god og vi la i veg på speglblank fjord dei siste kilometrane, vel vitande om at kulingen var på veg. 


Lekker kajakk - som vart lagt ut for salg etter turen.

Fine dagar med veldig kjekk gjeng!

Teambilde må vi ha! (Sjølv om det øydela snittida vår då..)

Eg og må vere med på eitkvart...

På land, då dukkar det opp ei nise og elikar seg litt før vi fekk pakka saman. Fin avslutning på ei kjekk helg! 

Og vi rakk kake i Olderdalen, ferga over fjorden og møtte vinden på heimveg.  
Tusen takk for turen! 

Etappa denne dagen med gult - 20,5 km