Kenneth og Sygni har drege fram frosne kajakkar, hovudlykter og resten av padlestæsjet som nesten hadde fått vinterpause..
Svartblank sjø og desemberpynta by med stjerna som skin i blått på Sukkertoppen. Toppa med nesten fullmåne på full styrke. Vakkert.
Nuka og Romany i Brosundet
Stas med måneskinspadling!
Sjølv om dagane vert kortare, er det ingen grunn til å legge kajakken heilt i vinteropplag.
Innflyginga til Vigra i blåtimen denne veka. Kan du tenke deg betre padleleikegrind? Ellingsøyfjorden og Borgundfjorden...
Uvant. Uvant med mørke. Uvant med snø og frostrøyk. Litt kaldt på fingrane, og neoprensko er heller ikkje så varme.. Snødekte lier. Snødekte øyer som tydelege konturar mot kveldshimmelen. Nydeleg!
Måneskinsturen vart 12 km og gav masse mentalt overskot!
Herlig!! =)
SvarSlettSå helt fantastisk kjekt ut:))) Håper snart på en hodelykt tur jeg også:) En fin førjulstid til deg Lene:))
SvarSlett