torsdag 10. august 2017

Lofotpadling - Litlmolla

9.-10. august Det var på høg tid å lufte kajakken, som hadde vore i minimalt bruk i løpet av ferien. Veret var ustabilt og vermeldingane upålitelege, men vi fann likevel ei passande rute. Vi traff og 100% på vervindauget.

Vi starta ved flyplassen på Hella. Første kryssinga over til Oddvær var prega av litt motvind.

Kvar kjem vi oss i mellom tru? 

Nydeleg inne i Oddvær, turkise laguner, masse holmar, sund og sol! 

Lang kaffipause! Turlivet er fint. Vi vart sittande å steike oss i sola, lufte betraktingar om eine og hitt og roa senka seg.

Pippi fekk endeleg lufta seg!

Frå Oddvær kryssa vi over til Molla. Vågakallen og Svolværfjella bak

Utsikt opp igjennom Øyhellsundet og Raftsundet

Ved Haversand på Molla - grunne lekre område å padle gjennom

Det vart blankstille på veg over til Litlmolla

Vi såg fleire ørner langs med, men dei let seg ikkje affisere av oss. Fråflytta hus og gardar låg spreidt på Molla. Idyll på slike sommarkveldar, men truleg eit slit å faktisk livberge seg her gjennom året. 

Perfekt teltplass 1. 
Litt tidleg på kvelden så det vart kun middag her denne gongen. 


Fastlandskysten og Hamarøya bada i dei siste solstrålane. 

Nokre niser for forbi, og det såg ut som dei kosa seg like mykje med sommarkvelden på fjorden som vi gjorde. 
 
Haverdalen - grøss og gru og spøkelsesstemning

Vi runda sørsida av Litlmolla og starta leitinga etter egna teltplass. Det vart ein lang dag, men pastellfargane og naturen var så vakker at vi gløymde at vi var slitne. 



I Øysundet - mot Lofotveggen. Sola måtte gje seg før midnatt, men vart avløyst av månen.

Normalt sett kan ein stole på stadnamna, men her har Kartverket enten hatt ein dårleg dag på jobben eller vore særs ironiske. Vi satsa på telting på Sandøya, og brukte våre siste krefter på å komme oss dit. Der var det ikkje sand, knapt råd å komme i land, og ikkje innlysande teltplass. Løysinga vart å mobilisere ekstrakrefter, å komme seg til Steinholman, der det var både sand og teltplass... Når enden er god osv


Steinholman basecamp. Ok+

Nydeleg morgon, varmt og fint. Steinholman kunne by på friske bringebær til frukosten og nydeleg utsikt også i dagslys. 

Kort veg mellom skjerma idyll og knallhardt verbitt på Litlmolla. 

Returen la vi gjennom Skjoldvær.

Svolvær

Veret vart gråare og gråare, så vi sa oss nøgde med turen og sette kursen heimover. 

Nærkontakt med Widerøe og Forsvaret.

Runda vart totalt 39 km. 

Herleg tur i fantastisk landskap! God planlegging og litt flaks.  
Rett etter vi kom i land bøtta det ned. 

Nord-Norge turneen 2017 vart med dette avslutta og eg sette kursen sørover att. Blanda kjensler som alltid.

tirsdag 8. august 2017

Jomfrutindane (585 moh)

08.08 Nydeleg dag og vi la opp til ein ettermiddagstur. Eg fekk ønske, og såg ingen grunn til å gå over bekken etter vatn. Det vart Jomfrutindane ved Svolvær, og vi hadde begge ein felles, om enn ikkje uttalt forståing av at det betydde ALLE toppane.

Nydeleg utsikt frå første steg.

Kjekt med sauar i fjellet - det er dessverre alt for lite av dei!

Tuva (477) rett fram - den vart vi einige om å ta med oss på heimveg. 

Fin sti oppover lia og lettgått terreng. Vi var fort oppe på den mellomste Jomfrutinden - hit går det merka sti. 

Eg står på mellomste Jomfrutinden - og Per er ivrig på å sjekke ut egga vidare.

Baksida av Fløya og Blåtinden - denne ryggen gjekk eg med Lundene i fjor. 

I kvassaste laget, og berre glatte sva på begge sider. Då vi fann rapellfestet var det ikkje tvil. Vi snudde. Det var berre å gå opp att for å finne vegen rundt. 

Høgaste Jomfrutind bakerst. Her gjekk vi ned, bort under svaet og snøflekkane og deretter ryggen mot toppen. Kludrete og krevjande terreng, men heilt framkommeleg.

Utsikta frå høgaste Jomfrutind mot heile rekka som vi skulle gå over på heimvegen.

Eg var veldig nøgd med å nå toppen! (Motbakkeastmaen slo inn siste stykket #blåsebelg)

Nydeleg 360 graders utsikt. Havskodda låg og lura, så vi drøyde ikke alt for lenge på toppen. 

Mot Vattenfjordtinden i midten og dei alpine fjella ved Austnesfjorden bakerst

Molla, Hella flyplass, Hurtigruta på veg inn

Det vart gråare. Vi kom oss heilskinna ned dei bratte og kronglete partia og la bak oss høgaste, mellomste og minste Jomfrutind, ein bonushump på slutten der og til sist Tuva. 

Tilbakeblikk frå Tuva mot dei minste Jomfrutindane og delar av turen.  

Svolvær frå Tuva. 

Fin fin ettermiddagstur, ny topp og som dei heldiggrisane vi er kom vi rett ned att til Siri og ferdig middag. Ferie i Svolvær altså....!

torsdag 3. august 2017

Kaffikoketur (Lyfjorden - Molneshytta)

3. august. Nokre dagar treng ein berre å vere ute. Dette var ein slik dag. Målet var bål, kaffi og frisk luft. Rekognosering for seinare moglegheiter og test av den nye brennaren til Kristin

Variert trafikkbilde i Tromsø 

Vi hadde hugs ALT. Ferskvatn, fyrstikker, kaffikjele, brennar, gass, kaffi. - KOPPAR! Kristin ser spørjande bort på meg då vi pakkar i kajakkane. DET hadde vi gløymt begge to, og med nyrydda bil var det få alternativ å finne. Kristin la på sprang til næraste hus, og jammen fekk vi låne med oss koppar på turen. 

Er det nokon sak?

Molneshytta

Aust om hytta er det ei lita strand som det er fint å gå i land på, med bålplass og bekk. 


Rett ved rasteplassen var det ei tue med dei største og søtaste blåbæra eg har smakt på lenge! 

Det vart kaffi, og ekstra stas med porselen på tur. 

6.6 km t/r