lørdag 13. august 2011

ASKR Maraton

For å fullføre ASKR må ein gjennomføre "Ramble" og "Maraton". Fredagen kom. Vi var klar på startstreken til rett tid.


Vi hadde bestemt oss for å ta det som ein tur i vårt eige tempo. Første del var det så grått at vi ikkje såg  Skogsøya i det heile. Etter to timar letta det litt, og vi var på yttersida av øya. Her vart vi på førehand advart mot store dønningar og retursjø. Så her var det havblikk. Klokka 12 var vi sultne og gjekk i land for å ete lunsj. Det skal ein vist ikkje gjere når ein padlar maraton. Det førte til at alle dei andre padla forbi oss.

Landing i litt heimlege svaberg. Deileg å padle tomme kajakkar att.

Kva er dette? Team Blücher hadde skifta side og var no i følgjebåten.
-De er heilt sist, ropte dei. Det hadde vi no forsåvidt kontroll på sjølv og.

Timen etter lunsj hadde vi medsjø, og det var lett å padle. Vi vart lurt. I eit glimt der så tenkte eg at dette går no greit.. ! Då vi runda sørspissen av Skogsøya vart det motvind og sidesjø. Ikkje dramatisk. Berre nok til at det vart litt tungt. Og surt. Vi såg Tindsøya, og både Nina og eg tenkte at det var ein 3-4 km att. Men det var det ikkje (fasit: 12 km).

For kvart nes vart det litt meir motvind. Eg begynte å kjenne resignasjon og hat. - Eg skal aldri padle meir, tenkte eg. Hatet vart sterkare og sterkare. 1,2,3,4, nye 1,2,3,4.  4 tak om gongen. Det greier du. Stygge ord vart mumla med stadig kortare mellomrom.  
Maraton er berre 5 km FOR langt.  

Det var grått. Eg hata. Då eg runda inn vika til Skipnes hadde eg mest lyst til å grine. På kaia stod ein hustrig gjeng som klappa og ropa. Det hadde dei gjort i timesvis, først til verdenscup-folka som konkurrerte på alvor, deretter til oss maratonarar. Det var faktisk veldig kjekt.

Padlemia fekk med seg målgangen. Eg ser at eg sitt oppreist i kajakken, men det kjentes ikkje slik ut i gjerningsøyeblikket

42 km. 6 timar og 20 minutt (med 40 minutt lunsjpause). Tur eg vart ca nummer 25 av ca 30 startande.

Velfortjent avslutningsmiddag med nydelig fisk. Litt mindre hat no.

Festen var bra, vi sov lenge og somla oss inn til fastlandet (14 km padling). No gjekk det på stumpane. Vi måtte tigge til oss litt sportstape, og all nødprovianten vart oppeten på veg innover.


ASKR 2011 - ei stor oppleving. No var det over. Slutt. Finito.

Ferien derimot, DEN var berre såvidt begynt!

2 kommentarer:

  1. Nokre late dagar og du/doke er klar til nye sjøslag vil eg tru.
    Imponerande innsats;)

    SvarSlett
  2. WOW!!! Nå har jeg lest igjennom alle innleggene fra ferien din. Supre bilder! Litt av en tur dere fikk, er skikkelig imponert!!! Gleder meg til vi padles igjen! Klem

    SvarSlett