Viser innlegg med etiketten HKK. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten HKK. Vis alle innlegg

mandag 8. juni 2015

Padlesøndag med HKK

7.06 Herøy kajakk klubb (HKK) jobbar med å få i stand nokre fellesturar. Denne søndagen var det min tur som "turleiar". Vermeldingane var elendige, og eg var spent på om folk ville ut på tur. Det viste seg nok ein gong at padlefolk toler vatn, og er like blide i sol og regn.

Sunday kayaking with members of Herøy kayak club. Heavy rain, but no complaining. 10 km trip outside Ulsteinvik in between islands and islets. 

Klar for tur - gråver inga hindring!

Trygve har konvertert frå kajakk til gummibåt. 

I dag hadde vi eigen speidar/følgebåt, og det fungerte kjempefint! Det kan fort verte ein vane.

Eg antyda litt snirkling og svusj så var gjengen på "raid" langsetter berga. Ikkje tunge å be akkurat. 

Kjekt med nye folk på tur. Fleire hadde teke grunnkurs i fjor, men var både teknisk veldig flinke og gode på å tenke gruppe på tur. Ikkje noko stress å vere med denne gjengen!

Tøy og bøy på kvar ei brygge høyrer med. 

Inn i bygene

Eg starta med solbriller, som vart bytta ut 
med sydvest etter ca 10 minutt. Rett før lunsj fekk vi ein smakebit på syndefloda. Lunsjen vart difor under tak på Borgarøya. Det var ikkje måte på kor mykje vatn som skulle ned. 
Teambilde! 

Det vart ein hyggeleg og fin tur med snirkling og utforsking av holmane i Ulsteinbassenget. Tilbake på Osnessanden viste GPS'en at vi hadde padla ca 10 km. Eg håpar det byr seg fleire høve til padleturar med desse folka. 

Dei unge er ikkje berre yngst, men og sprekast. Tommy runda av økta med nokre gode eigenredningar inkludert fullstendig tømming av kajakk (og det er lettare sagt enn gjort! #Imponert). 

Tommy demonsterar stilrein eigenredning. Sjå og lær..

GPS-kart kjem

Eg lånte kajakk på denne turen: Tahe Marin Greenland (touring med keyhole cocpit). Kjekk kajakk. Ganske stor eigentleg, så eg må nok satse på ein reindyrka grønlandskajakk som kajakk nr 2.   

Mildrid og eg runda av dagen med tur på Melshornet. Lite utsikt, men bra trim. 
Juni på Sunnmøre

tirsdag 12. mai 2015

Strandryddedagen 2015

9 mai. Mildrid hadde invitert HKK til Strandryddedag. Eg meiner mykje om plast i havet, og i dag var dagen for å omsette tankar til handling.

The national "Clean a beach"-day. Members from the kayak club went to the islands "Byholmane" outside Ulsteinvik. We were kind of optimistic, it did not look like a lot of garbage from the kayaks. We only got a few meters on land before plastic, cans and ropes filled our first bag. We collected quite a lot, getting sadder and sadder. Is this the best we can do in 2015? Filling the oceans with plastic garbage? 

Ikkje heilt standard dekksrigging. 

Vi tenkte oss ut på Byholmane ved Ulsteinvik, og pakke kajakkane fulle med søppel.

Therese testa ny kajakk: Aquarius "Sea Lion". Ut i frå gliset heile dagen var ho godt nøgd med den.

Den første byholmen såg grei ut frå sjøen. - Sukk, tenkte eg inni meg. No vert vi padlande rundt her ute for å leite etter søppel. Dessverre så vart det ikkje slik. 

Depot nr 1. Her hadde vi komme ca 30 meter frå kajakkane

Her har vi rydda oss 50 meter til bortover. 

Vi innsåg fort at vi ikkje i verda ville greie å få alt med i kajakkane (kva tenkte vi på??). Store kolli og store mengder. Facebookaksjon og SMS-aksjon til båtfolk. Kan nokon hjelpe med transport?  

Fin natur kan nytast innimellom søppelet. 

Isopor i lange banar. Ikkje akkurat kajakkvennleg storleik

Vi må fram med peikefingeren her. 
Kva er det vi held på med? Alle er i mot gruvedeponi, men er det betre å fylle havet med plast?

Dungane. 
1 liten time, og vi hadde fyllt 8-9 plastsekkar + diverse store kolli. Nok til å fylle ein båt og hengar på land. Kor langt vi hadde rydda? Ca akkurat 150 meter på den eine holmen. Det burde vore obligatorisk strandrydding minst ein dag i månaden på alle vaksne. MINST!!
 
På veg innover. Ganske fin den der Sea Lion. 

Dagens sjølfie - og medan eg er oppteken med fotografering har jammen Mildrid fiksa transport av søppelet inn att. Takk til karen på Håkonsholmen som tok pause i si eiga vårrydding for å hjelpe oss! 

Full skjergårdsjeep med søppel, blid initiativtakar og hurtig transport til Ulsteinvik.

Full hengar - klar for levering måndag. 

Ein drope i havet, men betre enn ingenting. Tusen takk til Mildrid for initiativ og organisering!


tirsdag 31. mars 2015

Surfesymposium Hoddevik 2015

27.-29. mars. Det vert mykje "Trivselsfylket" på meg denne våren, og eg klagar ikkje! Herøy Kajakk Klubb stilte mannsterke på surfesamling i Hoddevika. Gloppen padleklubb arrangerte og instruktørar frå God-Tur skulle hjelpe oss å knekke nokre nye kodar.

Skrekkblanda fryd og høg puls allereie i bilen. Eg grugleda meg. Kor store forhold vert det? Kor kaldt kan det verte? Korleis sitt rullene etter bassengsesongen? Det var ikkje få spørsmål som svirra i hovudet.

Surf symposium for kayaks 2015. Wet fun in Hoddevika this weekend. This is a wonderful beach, with great surf. Link to surf- forecast Hoddevik. I learned a lot and have a few things to work on during summer. I think we all want to go back for more!

Hoddevika (Foto: Stadt Naturguiding)

Det var ein spent og kjekk gjeng som etterkvart samla seg på Stad surfing. Vi måtte velje grupper etter kor våte vi var villige til å verte. (Gruppene funka fint, men den våtheitsskalaen rauk i alle endar i løpet  av 30 min)

Christer og eg for ned og sjekka forholda om morgonen. Friskt, men stranda er klar for kajakksurferar. 

Eg er optimist før start, og gjengen frå HKK er klare!

Morgonmøte med Ronny før start. 

Sygni og eg har igrunn tenkt litt over HMS og surfing før. Etter diverse episodar med hol i kajakkar, og nokre uføresette supersurfar så er vi ganske gode på å lage avtalar om mønster og sikkerheitssoner. Etter 5 minutt på stranda så såg det ikkje ut til at nokon tenkte på slikt. 

Alle mann alle!!! 




Det var artig og vi bytta på å vere på sjøen. 
For det første på grunn av plassen. For det andre har ingen kondis til å vere på sjøen hele dagen. For de tredje er det utruleg lærerikt å sjå på kva andre held på med og. 

Første velt og rulla satt! Så vart det litt ymse. Første dag: før lunsj: ca 50% rullesuksess. Etter lunsj ca 75%. 

Gruppedisiplinen kan diskuterast. 

I forhold til kor disiplinerte vi var på sjøen skjedde det ikkje så mykje gale. Nokre få episodar som ein kunne trekke litt lærdom av vart det, men sopass må ein vel rekne med.

Hallvard rydder i troppane

Christer i farta! 
Vår første felles padleøkt saman - måtte det verte fleire slike!

Det slang ein og anna "ekte" surfar. 
Eg fekk ikkje med meg nokon skade på "neoprenselane", men det var sikkert delte meiningar i den leiren om å få 20 kajakkar i leik i surfesona. 

Våte, blide og trøytte folk runda av dag 1 med å "deige" seg i sofaen og vente på middag. Nydeleg mat frå vertskapet på Stad surfing etterkvart. Praten gjekk lett og stadig høgare utover kvelden. Eit av høgdepunkta var då Henrik drog fram celloen (og kina-pytonslange-instrument) og held mini-konsert. Det gjorde seg med litt kultur, og det var ei fin oppleving. 

Dag to starta med dramatisk lys og høge forventningar

Vi starta der vi slapp. Ronny var veldig flink til å gje oss innputt. Små analyser av kva vi kunne jobbe vidare med og pedagogisk framført. Veldig god tilrettelegging! Ting hang saman, og eg fekk i alle fall eit meir bevisst forhold til kva eg gjer og ikkje gjer, både over og under spruttrekket.   

Framleis blide og motiverte på dag 2! 

Ein vanleg dag på stranda...

Torill - like blid etter ei skikkeleg sentrifuge og knekt åre. Tøff dame! 

Dagen starta surt, men etterkvart kom sola, og det vart berre heilt magisk. 

Frelsaren? Oppvåkninga..

Dei neste 4 bilda er det Ronny Riise som har teke. Dei viser litt av det eg bala med denne dagen.  




Oppsummering for eigen del: Rulla sat som eit skot dag 2. Eg rulla på så og seie alt, og det var for meg ganske store forhold. Kjempeartig! Sidesurf: Begynner å få bra kontroll. Baklengssurf: har lært mykje. Vanleg surf: Må jobbe med tidleg nok styretak. Kroppsrotasjon, parallell åre med kajakk, heile bladet nedi og høg åreføring. Heimelekse. I tillegg må eg finne ut meir når det kjem til kanting. Det var veldig kjekt å få ein haug med bilde, for då ser eg kjapt at det ikkje er heilt samsvar mellom kva eg trur eg gjer og det eg faktisk gjer.  

Det var berre nokre få problem. Kreftene tok slutt. Dagen varte ikkje evig. Kven har lyst til å gje seg og fare herifrå? 


Ny helg i Hoddevika under planlegging allereie medan vi spyler sand av utstyret. Mange nye potensielle surfevennar både herifrå og derifrå. Lærerikt og kjekt. Det å kjenne på adrenalin, meistring og fellesskap i to dagar er heilt greit. 

Tusen takk til alle som bidrog til å gjere denne helga så bra!

Forholda: I overkant fralandsvind dag 1. Pålandsvind dag 2. Bølgehøgde? Usikker. 1-2 m? på dei ytterste bølgjene? Periode: Litt for kort. 8-10-12? Meir kraft i bølgjene søndag enn laurdag. 

lørdag 23. august 2014

Ulsteinpadling med tordenskrall og rulleguruer

11.08 Sommaren 2014 tek aldri slutt! Første dag på jobb, men etterpå var det tid for padletur, sandstrand og herlege folk!

Varmt og HERLEG!

Mellom Borgarøya og Hatløya er det så blankt på sjøen at eg prøvar meg på "det perfekte spegelbildet"

Nesten med Ragnhild

Spegling - perfekt? Kristin

I svartestilla var det interessant å prøve på diverse teknikktak. Er hengetak det same som parallellforskyvingstak? Får vi det til på begge sider? Det vart ein god diskusjon om svingradius, p- punkt og g-punkt. 

Den gamle handelsstaden på Borgarøya er no museum og tilrettelagt for friluftsaktivitetar.

Vi la i veg ut mot Vattøya. Fint! Litt friskare her ute, men framleis fint i berre t-skjorta. Eg har ikkje vore rundt den øya før.

Rundebrua. Nesten kunst.

Eg somlar meg vekk og prøvar å ta det perfekte "tare og lykt-bildet". Litt i tvil, men eg hellar til det til høgre. 

Turkameratane er tolmodige, og har matvett, og tek ein snackpause medan eg går amok med kameraet. 

Sommarkveld med ein "tøtsj" av haust?

Eg let meg nesten lure. Skulle tru Smeden i Sund hadde vore ute her eit ærend. Falske måsar var plassert rundt heile Vattøya. 

Vi var innom og kika på den kulaste funkishytta eg har sett. Heile anlegget var gjennomført kult, og om dette kjem for sal er det berre å slå til!

Det dreg seg til over Herøy...

Yr.no hadde spådd torever på ytre, og det slo til! Vi fekk det bittelitt travelt med å komme oss til land, men måtte nyte synet av meteorologi i praksis.

Ein front? Ragnhild tek det med knusande ro

Bygever?

Inne ved Osnessanden lurte eg på om vi hadde hamna på Grønland.

Aluu! Aaffanniaq? Qajartorpoq?


Kulturkollisjon? 

Det kom nokre skikkelege vindrosser, og det var ikkje tvil om kven som var best kledd for veret no! Damene gav oss ei strålande rulleoppvisning i ruskeveret, og fekk stor applaus!

Vinnarane i sommar! 
Mildrid er fersk noregsmeister frå Stokkøya (uoffisielt NM i grønlandsrulling). Kristin vann sprint og halvmaraton på ASKR i Vesterålen. Begge i kvinneklassane. Ikkje berre at dei er flinke, men dei er veldig kjekke turkameratar og då! Fantastisk kombinasjon!

Fin runde på 13,5 km (kart frå Endomondo).