Siste stopp i Lofoten. Reinebassenget skulle utforskast. Kjerkfjorden og Bunessanden var anbefalte plassar, og sidan vi ikkje har vore her før så gjer vi som vi fer beskjed om.
Førsteinntrykket av Reinebassenget var fenomenalt - her gler vi oss til å padle!
Ut på tur igjen - litt støl og stiv
Taramtitei - på veg inn Kjerkfjorden. Som vistnok har profilert seg på TV som ein stad der ingen kunne tru at nokon kunne bu..
Kjerkfjorden sentrum. Ryktet om ein fastbuande gjorde at vi lunsja på den andre sida av fjorden. Vi mengar oss jo ikkje i utrengsmål.
Bunesfjorden. Her fekk vi vår første tidevassoppleving. Det som ser ut som ein stor fjord på kartet viste seg å vere eit 3 meter djupt basseng, med ein stor holme i utløpet. Vi kom på fallande sjø, og det var med nød og neppe vi kom oss inn i fjorden i det heile. Teltet vårt nede til venstre. Etter at vi hadde slått leir så fjæra heile fjorden ut.
Kveldsturen gjekk over haugen og ned på Bunessanden på yttersida. Den finaste stranda i Lofoten? Vi hadde bestilt bading-i-midnattssol-oppleving. Det vart det ikkje. Stranda var imponerande! Det er den aller største eg har sett! Frå vi kom ned på sanda var det minst eit kvarter å gå før vi kom ned til sjøen.
Midnattsol eller ikkje midnattsol. Bading vart det.
DRITKALDT!! Men utruleg artig. Kongebading! Kongestrand! Vi måtte uti i fleire rundar. Skikkelege bølgjer. Hadde det berre vore 10 grader meir i sjøen hadde eg aldri reist heim!!
Solid siste leirfrukost må til..
..når kajakkane og alt utstyret må berast i kilometervis for å finne vatn.
På veg ut att møtte vi floa. Ein vegg av vatn. Fossande vatn som ei stri elv. Ikkje padlbart. Det vart vassing i kanten og sleping av kajakk. Takk og lov for tørrdrakta.
Rein(e) idyll
Tilbake i Reine. Snipp, snapp snute og Lofoteventyret var over for denne gong.
Klikk på kartet for større utgåve.
27 km totalt.
Stønn!!!! Fantastiske bilder! Jeg også vil diiiit! Heldige dere! =)))
SvarSlettKirkefjorden "sentrum" er vel innerst i fjorden- det som er tatt bilde av her er Rostad og der bor min onkel ;)) Kjempeflotte bilder!!!!!
SvarSlettDå har eg nok vinka til onkelen din! :o) Bilde 3 er frå Rostad, og bilde 4 frå innerst i fjorden.
SvarSlett