09.00 Laurdagsmorgon. Oppmøte på Nørve. Grått og trist. Det dryp og er vått. Eg lurar litt, men berre litt, på kva vi eigentleg held på med. Sygni har fått seg ein flett ny Romany, og premiereturen kan ikkje utsettast på grunn av veret.
Arrow Nuka vs NDK Romany. Smekre og lekre begge to. Mykje meir "banan"-fasong på Romanyen.
Sjeldan har eg sett eit så langvarig og breitt glis som hos Sygni denne føremiddagen. Eg trur ho har fått seg ein passeleg kajakk her ja...
Kan den svingast tru?
Fint på tur, fint rundt innimellom Langevågsholmane. Plukkar opp ein plastsekk som vi padlar over. Nyttårsforsettet er klart: Ta med litt søppel på kvar tur.
Tur ca 9 km
Weeee!!! Gleder meg til å se nyskuta! =)
SvarSlett