tirsdag 9. august 2011

ASKR - Long Ramble - startar som optimist

ASKR - Arctic Sea Kayak Race - årsak og mål med heile ferieturen. No var vi endeleg der. Total ompakking frå bil til kajakk, registrering og virring. Har vi med dei rette tinga? Treng vi tørrdraktene? Kva skjer? Kor mange skal vere med? Korleis fungerar dette?

Med sommarfuglar i magen og stort glis legg eg ut frå Rekøya

Søndag kveld med 4 km padling fram til leirplass på Naustneset

Teltleir vart det gitt. Stygt var det no heller ikkje her. Dette gjekk jo greit?

No er vi i gang!

Kveld på Naustneset - FIIIINT!!

Kor lenge var Adam i Paradis? Lærdom: Ta alltid bilde av landskapet om kvelden, for om morgonen er det vekk... Våte arrangørar; Kristine, Børre og Geir

Heldigvis lot vi oss ikkje lure, tørrdraktene var med! Våte FØR start...Men framleis optimistar!

2 timar seinare...

Thomas køyrer livskvalitet på teknisk pause - veret (nesten) inga hindring.

Endå 2 timar seinare... Lunsj på Hongvær. Opphaldsveret let vente på seg...

Det var heilt vindstille og medstraum, så padlinga gjekk relativt greit. Jamnt høgt tempo. Sidan det faktisk ikkje var noko å sjå, så kunne eg konsentrere meg 100% om padlinga. Uvant å padle så mange i lag. Prating i feltet vart det innimellom. Vi hadde og 1 minutt stillheit for ofra på Utøya.

Utpå ettermiddagen skjedde det noko: Eit glimt av LANDSKAPET!!! Dei som hadde vore med før mumla Gaukværøy då ein markert siluett av ei øy steig fram i horisonten.

Det viste seg å vere endå eit par timar padling fram dit. Optimismen var kanskje synkande, men vi hang med. Då vi runda nordtuppen på øya så var det ei openberring av ei strand som møtte oss. Musklane hadde gjeve klar beskjed den siste halvtimen om at no var det nok padling for i dag.  Etter 38 våte kilometer vart det leirplass på eit blunk. Motivasjon? Middagslur FØR briefing så klart..

Yeah! Framme, mette, tørre og snart utørste?

Bålkos, klestørk og lyging

No var vi brått på den andre sida av Lofotveggen..

Det heile føregjekk her. Seier dei. Eg veit ikkje korleis det ser ut i Eidsfjorden, men eg har altså padla heile på langs.

Opplevinga av døgn 1 kan du og få i
Team Blücher-Gøran sin versjon eller i svenske-Göran sin versjon...

2 kommentarer:

  1. Ser ikkje ut til at regnet har lagt nokon dempar på padlegleda ! Flotte bilder av flott natur og spreke jenter...og so stettglas då !

    SvarSlett
  2. Gratulerar med overstått løp! Veret kan ein ikkje gjere noko med, men det såg ut til å ha vore ei flott oppleving likevel! Sprekt!

    SvarSlett