Før vi kom så langt var det øving på tauing, og med to framom og ein bak vart det mykje å halde styr på.
Vi vart ganske små ved sidan av Azura.. Båten har plass til ca 3000 gjestar og 1200 mannskap. Kan meine mykje om cruisenæringa, men det ER kult med store båtar.
Frå den eine til den andre... Trollfjord låg på andre sida av sentrum. Eg vert litt nervøs av desse store, når vi er sopass nær. Det hjalp litt då ein av mine medpadlarar, rett nok litt tørt, kommenterte: "Ho renn deg ikkje ned så lenge trossene er ute..."
Bortsett frå ein haug med ærfugl (og KVIFOR er det meir ærfugl her enn i Askvoll?), var det ikkje så mykje dyreliv å sjå i dag. Båtlivet derimot, gjekk over heile skalaen.
Kva er det NO det skal slepast på då?
Aha! Ungdommen no til dags slurvar ikkje med St.Hansbåla sine, så gjengen har starta med grunnlaget for Slinningsbålet. Med eit solid bidrag på 1 stk pall eigenhendig slept av Susan.
Vi runda av med litt diverse aktivitetar, for min del kameratredning. Sygni testar stabilitet.
Og sidan store delar av bikinisesongen, i år som i fjor, truleg vert gjennomført iført tørrdrakt, så er det ingen grunn til ikkje å avslutte kvelden med restitusjonsmuffeluffar. Det funkar for meg, om ikkje heilt anerkjent av olympiatoppen.
Turen i dag vart ca 14 km
Eg var ikkje heilt på lag med fotoapparatet i dag, men det var Susan, og her kan du sjå hennar blogg med masse flotte bilde fra turen.
Hihihi :) Du skrive så godt Lene!!! =)))
SvarSlettDe lappene så gode ut!
Enig med siste taler, og jeg følger med Team Nuka:-) Det blir nok gøy for deg å komme til Nordkapp i høst og padle en ENDA tøffere båt....
SvarSlett