Ikkje noko å seie på oppmøtet. Trenden i sommar: Diskret bil med kul kajakk på taket.
Skal prøve å filme litt snuttar ut over sommaren og finne eit egna redigeringsprogram. Det må no gå an å lære seg litt meir med dette etterkvart...
Godver og godstemning. Ein liten peptalk før Sunnmøringane sette kursen heimover.
Vi som ferierar for tida bytta kajakkar og padla utover fjorden til ferieparadiset på Mørkeset. Min første tur i Nordkapp LV, og test av grønnlandåra + ei anna åre. Godt førsteinntrykk av Nordkappen. Fin å kante, meir markert på kant enn Nuken, lett å svinge, litt tyngre på rett-fram-padling enn Nuken, men og litt meir retningsstabil.
I Nordkapp på Ellingsøyfjorden.
Grønnlandsåre var og interessant. Har mykje ugjort på utforsk-åre-fronten. Turen vart avslutta med cowboyredning. Rusten gitt. Må nok øvast meir.
Testa Endomondo på telefonen i dag. 15 kilometer, med 6,7 km/t i snittfart. Om dette er heilt til å stole på veit eg ikkje. Toppfart var på 26,4 km/t! Det stemmer i alle fall bra med tidspunktet då vi tok maks fart medstraums...
Takk for ein flott tur! Ein ekstra takk til Edd for gode råd og tips om straumpadling, og til Stein Erik og Elin for testing av utstyr samt kaffi og kake!
Neste gang blir jeg med!!! =)
SvarSlettHar også lyst å bli med! :-)
SvarSlettEg er klar for fleire turar til Skodjestraumen, så¨det må vi no få til ;o). Best å vere der litt før midt på floa.
SvarSlettSå skikkelig morsomt ut i den straumen.
SvarSlettHei
SvarSlettKar er det best å sjøsette når ein skal i nærheita av bruene?
Tore v
Vi starta ved bomstasjonen, brukte tunnellen på gamlevegen som garderobe, og gjekk ut ved den raude hytta i bukta der. Om det er det beste utgangspunktet veit eg ikkje, men det funka greit for ein gjeng på seks iallefall. Vil tru at det er greit å gå ut ved kjøkkenforhandlaren rett før bommen på Ålesundsida og.
SvarSlettEt annet gogt alternativ er å starte nede i Svortevika (Jensvika) for så å padle ut forbi Langneset og komme ut i Straumen. Da kan du ta det ene løpet ut og det andre inn igjen.
SvarSlettTakk for tipset! :)
Slett