Det var alt for heitt med ulltrøye, og solbrillene måtte sitte på skulle eg sjå noko som helst. Men kven klagar på det i november? Turar utan stilongs på denne tida er bonus.. Vakkert er det på Sunnmøre!
Ruta i dag: Frå gatekjøkkenet og opp ryggen, bortover her, ut til toppen heilt til venstre på bildet, ned ein ny rygg og komme ned på Alnes til høgre. Siste etappe var gamlevegen langs stranda tilbake til bilen.
Storhornet (497 moh)! Høgaste fjellet i Giske, og lengst bak ser eg heim til Skalten..
Over fjorden ligg det villare og meir dramatiske fjell og lokkar. Berre vent, eg kjem nok ein dag.
Storhornet - been there, done that...
Alnes! Kulaste bygda i Noreg? Vert aldri lei av å komme ut her.
Ferie i november er undervurdert! Må berre hugse at det er mørkt klokka fem om ettermiddagen.
Meir info om Storhornet på fjellinordvest
Kjempeflotte bilder Lene:)) hadde tenkt meg dit i morgen ( en ekstra fridag ) aldri gått opp fra gatekjøkkenet før. Men lurer på om jeg ikke ble fristet til å prøve den ruten:)))
SvarSlettTakk for inspirasjon:)