Hustadvika. Havblikk. Herleg!
Søndag ville vi ture på eigenhand og Play-kameratane er klare. Vakrare morgonstund kunne vi ikkje fått.
I gang med turistruta - her er gjengen ved Håholmen
Atlanterhavsvegen neste! Toppen til venstre er Melen.
Tidevatn i mot og dønning i ryggen. Interessant å padle under brua.
Ut neste bru. Eit nytt risikomoment dukka opp. Havfiskekrokar i full fart..Tryggast å halde seg litt på avstand frå dei ivrigaste fiskarane...
Familieråd
Tore på havet. Hustadvika nord. Skipsleia bak.
Susan på veg mot Kvitholmen
Kvitholmen har eit fyr, ei fin hamn, ca 20 villsauer og eit vennelag som held fyret i stand. Her vart det lunsj, polarbrødbildetaking, fyrsafari og gjestebokskriving. Rett travelt.
Returen tok vi i strak linje. Tor Inge fann den einaste bølga som hadde stått opp i dag..
Skarveberg og mange små holmar og skjer på Averøysida av kryssinga.
Eg tullar ikkje når eg snakkar om havblikk...
Grønlandsstyle på alle tilbake. Eg padla grønnlandsåra til Susan heile vegen, og var kjempefornøgd. Må ha. Berre MÅ ha..
Kjensle av tidsmaskin når vi runda Håholmen for siste gong..
Turen vart totalt ca 22 km. I godt lag og med fine opplevingar og diskusjonar undervegs.
Takk for turen!
Såg ut til å vere eit interessant landskap å padle i. Og eit kjekt selskap!
SvarSlettHer var utrolig mye flotte padlebilder:) tror jeg også må legge deg til i favoritter:)))
SvarSlettMye flotte turer her inne!!