torsdag 26. mai 2011

Ny NUKA naturlegvis

- eller Hestholmen rundtomkring, som og hadde vore ein passande tittel. Litt julaften, litt bursdag og ein dæsj treårsfryd; "MIN, MIN, MIN!". Stemninga var høg på onsdag då Susan vart med og henta kajakk. Prøvepadling skulle gjerast tvert, og Kjeldsund vart plukka ut som eit godt utgangspunkt.


Kjeldssund var eit "Meget bekvemt handels- og gjestgiversted" på 1800-talet, med skjenkestove og alle rettar. Meir om Kjeldsund på misjonsselskapet sine heimesider

Men tilbake til saken! Ny kajakk! MIN! Fin ja!
Foto: Susan

Rundt Hestholmen var målet for kvelden. Har du ikkje høyrt om Hestholmen seier du? Det kan kanskje vere fordi den ikkje er så veldig stor. Så for å drøye padleopplevinga litt padla vi rundt og mellom alt som det var mogleg å padle rundt og mellom. Og det er det eindel av der.

Det var så kjekt å padle at eg nesten gløymte å ta bilde, for Nukaen reagerer på alt av kanting og styretak. Idyll og sjarmerande. Nydeleg område for ein padlekveld. Holmar, skjer, sund og laguner.


Frå no vert det nok mest raudstripete tupp på alle bilda ja...


Susan køyrer gjennomført grønnlandsstil



Førsteinntrykk: Supert! Nemnte eg kor fin den var, nykajakken?
Foto: Susan

Ikkje rart gliset går heilt rundt når vi er ute og luftar oss i dei finaste kajakkane som finst!
Susan øver på pauser. Eg er med.

Sjølv om det satt langt inne vart det ei cowboyredning på slutten av turen. Mykje lettare å tømme Nukaen for vatn, men litt meir jobb med å komme seg oppi att enn med grenlanden.

Det kjem sikkert nokre litt meir saklege betrakningar og grunngjevne erfaringar her etterkvart. I denne omgang står det berre att å takke Tor Inge på Yst ute for god service så langt, og Susan for turen!

Vart ca 10 km

6 kommentarer:

  1. Gratulerer ! Fin båt ja,fine bilder, fin tur ser det ut til og artig lesing. Finfint !

    SvarSlett
  2. I går var den artigste dagen på veldig lenge!!! Storkoste meg, og snakket nok ¨høl i haude¨ på deg ;-)

    Nok en gang: Gratulere med ny båt!!! Gleder meg til jeg får prøve...hihihi ;-)

    SvarSlett
  3. Gratulerer så mykje med knalltøff kajakk. (Eller kanskje de jenter føretrekk fin?)

    Joda, den såg nydeleg ut. Og med elddåp med solskinn og regnboge, må berre dette bli bra!

    Gledar meg til å prøve, eg og.. ;-)

    SvarSlett
  4. Marita Midthaug27. mai 2011 kl. 10:10

    Gratulerer med den nye farkosten - kjempefin!

    SvarSlett
  5. Takker! Håpar på mange bra turar utover sommaren. Skjønnar det ligg an til litt byttelåning her og der....

    SvarSlett
  6. Gratulerer, denne blir lett å få auge på,)

    SvarSlett