Vått og litt dårleg stemning i Våtedalen..
Ut til Sauesundet. Så stø kurs mot Aralden. Og kva skjer?
Testing av teltplass nr 1: Bra landing, bra utsikt. Men litt for myrete og humpete til telting.
Tre rettar til middag
... og ikkje noko å seie på stemninga på restauranten heller..
Frå leiren mot Geita fyr - midt i lyse natta
Kaia i Aralden med alternativ plassering for tida, godt egna til kleskammer/tørkeskåp
To timar etter oppstandelsen er vi klar for avgang. Utkvilte og nøgde med varm frukost innabords.
Det viste seg at det var ikkje lite nok lite vind. Hard basking med alt i mot, og veldig kjekt å runde inn i Værøyhamna.
Ny kafe er nyleg opna, og gjestehamna er ei av dei flottaste for småbåtar langs kysten. Gratulerer GRY! Kan anbefale alle som er på desse kantar å stikke innom. Sykkelutleige, turar til Alden, mat, eige Alden- øl, pubkveldar på fredagane m.m. Det neste som skjer er at verkstadhallen (raud) skal byggast om til Norsk Sjøfuglsenter. Spennande å følgje med på.
Ein av årets store attraksjonar her er ørneungane Linda og Lene (IKKJE tilfeldig nei!) som du kan sjå "live" på storskjerm i kafeen.
Ikkje godt å seie kven som er stoltast, ørnekameraeigaren eller namnesøstra..
Litt rufs innatt. Sjølv om det ser flatt og fint ut på bilde..
Sidan det var ein grå og kjedeleg dag, vi tross alt har vore her før, dessutan øvar oss litt på å verte tøffare, så bestemte vi oss for å padle rett innover att. Mogleg det og hadde litt med andre planer for kvelden å gjere, kven veit?
Frå Værlandet til Vilnes hadde vi halvmetersbølgjer + dønning + nordavind ca 5 m/s alt frå sida, roligare akkurat sørom Alden, litt medsjø frå Vilnes til Sauesundet, og motvind i Granesundet..
Totalt var turen 48 km.
No er vi klar, berre å melde oss på: ASKR - here we come!
Flotte bilder Lene!!!
SvarSlettGleder meg til vi skal på telt tur jeg!!! =)))