Fredag var det foredrag: Audun fortalte om charterpadling på Lanzarote, og Bao viste bilder frå baidarka-turen langs norskekysten med Thygesen.
Laurdag vart vi med på den organiserte turen: "Langtur i skjerma farvatn". Varmt, vindstille og lite sjø så det med skjerma farvatn kunne vi no spart oss.
Litt briefing før start. Legg merke til kor sentralt plassert bubildamene var.. midt i sentrum heile helga!
Før vi viste ordet av det var det lunsj.
Fin utsikt til Hustadvika i sør og Hestskjær fyr (midt på bildet nedanfor) i nord. Dit skulle vi visst ikkje, men no veit vi om det til seinare...
Alle padla forbi den raude saken som låg og flaut i ei lita bukt og lurte høglydt på kva dette var for noko. Jon Oli tok ansvar, og gav oss ein liten lærepenge... Det var ein redningsflåte. Når ein finn slike så skal ein sjekke flåten, ringe politiet, og gjerne taue den til næraste kai med bilveg. Og i alle fall ikkje padle rett forbi og lure på kva det der er for noko. Denne kom vistnok frå ein seglbåt som hadde havarert på Hustadvika kvelden før, men det hadde gått bra med folka ombord.
Masse fugleliv med ørn, skarv, hegre, gås og måsar.
Flott område! Skikkeleg uvant for meg å sjå heimlege fjell frå sjøsida.
Turen vart avslutta i ein tidevasstraum rett nord for Rangøya. Artig! Eg kom meg ikkje opp nokre av dei tre straumane, så det må finpussast litt på teknikken. Her er Cato i fint driv oppover.
Vi var ute i ca 6 timar og Jon Oli hadde nøyaktig 14 km på GPS'en. Langtur og langtur fru Blom. Kjekt å padle att - det er i alle fall heilt sikkert!
Tilbake på Rangøya var det betydeleg betre stemning i teltleiren.
Knallgod bacalaomiddag i godt selskap med gjengen frå HKK var ei kjekk avslutning på dagen. Det dukka opp nokre kjente fjes frå tidlegare treff, og det er alltid triveleg å sjå att folk, om ein no ikkje får snakka så mykje med dei...
Vertskapet på Rangøya, Inge og Marit Rangøy, har berre ein heilt utruleg god service! Dette er ein perfekt plass å ta med små og store grupper på padletur, også utanom treffet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar