Viser innlegg med etiketten Fræna. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Fræna. Vis alle innlegg

onsdag 18. mars 2015

Skarsethelg

13.-15 mars Skarsethelg! Herleg helg der vi gjekk frå den eine verandaen til den andre. Bålbrenning, kaffikos, bursdagsfeiring. Søndagen vart brukt til grilling i fjæra i Stavika. No er det vår!

Skarsettinden 

Kvist og kvas. Raudtuva bakerst.  (Foto: Karianne)

Bål i fjæra, med fin utsikt til skipsleia og "Ormen lange" på Gossen. 



Eg runda av helga med eit fjordcruise i verdsklasse over Moldefjorden. Kven seier at infrastruktur og samferdsle ikkje er vakkert?



lørdag 23. august 2014

Gøran testar Play

07.08 Skarsetferie med familietid og restaureringsprosjekt. Vi tek oss tid til ei økt på stranda i Stavika, og Gøran får prøve Arrow Play. Litt ustødig dei første 5 minutta, men så får han dreisen på det. Gliset vert breiare og breiare. Vi gløymer oss heilt vekk, i padleprat og teknikktesting. På returen padlar vi rett forbi stranda der resten av familien solar seg. Skikkeleg overlegne, men eg skjønte det var noko feil då eg brått var i Kjørsvika. På slutten testar vi rulle og jammen får han ikkje til ei bra rulle heilt på eigen hand på 2 forsøk! (Nokon av oss brukte jo år på det der)


Padling med Nyhamna og "Ormen lange" rett over fjorden

søndag 15. april 2012

Søndagstur i Stavika

Det er kjekt å komme seg ut og lufte seg litt. Søndagsturen gjekk til Stavika.
Stavikstranda mot Aukra og Midsund

Kjekt med strand, og sjølv om vi har blitt store, søstersen og meg, så er det framleis artig å sjå etter fine steinar og skjell.

Eit industriområde eller to er heller ikkje å forakte. Her ser vi rett bort på "Ormen Lange"

Gruppebilde høyrer med! Her fann vi ut at det hadde vore fint med reker og kvitvin. Særleg om temperaturen hadde vore ca 25 grader varmare. Omlag på den tida på kvelden når Hurtigrutene møtast på vika rett utom her. 

Utsikta heimover mot Skarset; Tinden og Skalten. Skulle ha vore på Tinden ein gong og....


fredag 23. desember 2011

Myrtur

Lillejulaften. Inga kvit jul. Vi sneik oss ut mellom bygene. Mamma viste fram ein ny veg i myra med tilhøyrande turbok!
Over nydyrkingfelt endar vegen ved Ruggelva ("Ruggå"). Bakerst ser du Skarsettinden og botnen der elva kjem frå.

Dramatisk himmel, ei ørn i motvind og flott landskap. Artig å sjå kjente trakter frå nye vinklar.

 Myrane er blaute, uendelege og utilgjengelege. Sidan tidleg 1900-talet har dei vorte temt, drenert og dyrka.
I felta her ser ein tydelege spor etter langsame geologiske og biologiske prosessar. Morenemassane i botnen er traktert av isbreear og hav for ca 10 000 år sidan. På toppen har myra bygd seg opp, lag for lag, meter for meter. Når myra vert drenert kjem nedbrytinga i gang, og etter ei stund er det berre 10% av volumet att. Men dette er til gjengjeld den flottaste matjorda du kan tenkte deg.

Stein på stein, lag på lag, fjell på fjell.

Drenering og jorddyrking er fasinerande vitenskap. Pappa har nok gjeve oss litt meir enn gjennomsnittleg innsikt og interesse for temaet. Mengde og nivå på vatnet er skilnaden på blaut myr og matproduksjon. Det må solide kanalar til for å tørke ut områda.



Oldefaren min kom til Skarset for å drive selskapet "Ny jord". Staten støtta nydyrking og etableringar av nye gardsbruk for å demme opp for utvandringa. Ikkje lenge sidan det var eit anna fokus i politikken. Kjekt å sjå at det framleis er nokon som er villig til å investere tid og krefter for å skaffe jordbruksareal!