17.01 Synnøve og eg gjorde avtalen allereie tidleg i desember. Neste år blir det minst ei overnatting ute - kvar månad! 2020 kom, med store dosar regn og stiv kuling. Så då er det "timing" som gjeld. Fredagen hadde vi eit lite vervindauge, og gjekk ut med hengekøyene i nærområdet. På Aksla, med utsikt over byen, fann vi fine tre.
Første natt i naturen gjennomført. No er vi i gong! Ekstra poeng for å nytte nærområdet, og gå til og frå denne gongen!
Læring:
Tarp og vind er ei utfordring
Exped underlag mot kvist vert fort lange flenger, og då fer duna ut fort! Provisorisk løysing med sekkar som underlag gjekk betre enn frykta.
Timing is everything. Heime att til luksusfrukost nett då regnet kom.
Eg er og litt forundra på kor mykje lys vi har på om natta. Treng vi verkeleg det?
Link til alle "Natt i naturen"-turane våre i 2020
søndag 19. januar 2020
fredag 20. desember 2019
Padleloggen 2019
Her er padleloggen 2019, med vekt på turpadling/distansepadling. I tillegg kjem det nok rulleøkter og surfeturar. Målet for 2019 er variert padleaktivitet gjennom heile året. :)
Status per 20.12.2019 746 km
Dato Km Stad Selskap
12.01 5 Blimsanden R, Ø, Fredrik
26.01 5 Alnes R, Ø, Frode
02.02 11 Giske PØV
03.02 6,5 Alnes R, Ø, Frode
17.02 5,5 Alnes K,J,R,F,Ø
20.02 12 Valderøya PØV, mørkepadling
03.03 5 Strandrydding og surf PØV
06.03 6 Skjong Roger, Torunn
9.-10. 03 - Hoddevika Øst møter vest
30.03 - Alnes innside Roger
31.03 - Alnes innside Kenneth, Jason
02.04 9 Bypadling Kyrre, Roger
5.04 14,5 Alnesraunen PØV
6.04 - Alnes stranda Øystein
11.04 8 Langholmen Sygni, Torunn, Lene
15.04 6 Lesten Roger
16.04 16 Kalvøyholmen Roger
18.04 11 Ellingsøyfjorden Ingvild og co
22.04 14 Kalvøyholmen PØV
5.05 - Rulling Sygni
5.05 5 Surfing Alnes Kenneth, Roger, Øystein
10-12.05 - Hoddevika PØV
19.05 11 Rosholmen Torunn, Øystein, Roger
21.05 - Giske Redningsøkt med ÅST
29.05-02.06 32 Lyngør fyr Venners venner
6.06 16 Kalvøyholmen PØV
14.-15.06 28 Lepsøya rundt Torunn, Roger
26.06 11 Rosholmen ÅST Kyrre
30.06 8 Sommarfesten Giske Kajakkguiden, Roger
13.-20.07 250 Valderøya - Askvoll Nina (Øystein)
24.07 16 Loen PØV
26. 18 Ervik - Hoddevika Anne
25. og 27. - Surf i Ervika Anne og Roger
28. juli 9 Kalvøya Roger
31. juli 5 Vigra Roger og Eli
4. august 14 Frenfjorden Randi
5. august 7 Giske snorklerek. Roger, Torunn
6. august 4 Vigra Roger, Øystein
10.08 3 Ellingsøyfjorden Torunn, Roger
26.08 10 Giske rundt ÅST
27.08 6 Uksebåsen Synnøve, PØV
7.09 - Hoddevika Roger
17.09 3 Alnes Kristin, K, J og E
21.09 - Hoddevika Kristin, R og Ø
22.09 8 Ellingsøyfjorden Øystein
24.09 10,5 Kalvøyholmen Lene H, Torunn
25.09 6 Mørkepadlingskurs Kajakkguiden
3-6.10 17 ISKGA - IM kurs
13.10 13 Mørkepadling Torunn, Lene H
15.10 6 Mørkepadlingskurs Kajakkguiden
19.10 8 Havsteinen Roger, Grete Tommy
26.10 3 Alnes R, Ø, I, H
7.10 6 Vigra R; Ø, I, H
9.11 7 Ellingsøyfjorden PØV
10.11 6 Mørkepadling Kajakkguiden
14.11 30 Kvalpadling Haukøya Bjørn Tore, Kristin
15.11 15 Skjervøyskjæret Bjørn Tore og Kristin
16.11 15 Kvalpadling Kvænangen BT, K og KM
22.11 5 Giske L,I og T
Rulleøkter:
12.10 - Giskesanden med L, I og T
19.10 - Giskesanden med H.
Padlehistorikk samla år for år (årstal klikkbar link):
2010 - 172 km fordelt på 12 turar + teknikkurs
Status per 20.12.2019 746 km
Dato Km Stad Selskap
12.01 5 Blimsanden R, Ø, Fredrik
26.01 5 Alnes R, Ø, Frode
02.02 11 Giske PØV
03.02 6,5 Alnes R, Ø, Frode
17.02 5,5 Alnes K,J,R,F,Ø
20.02 12 Valderøya PØV, mørkepadling
03.03 5 Strandrydding og surf PØV
06.03 6 Skjong Roger, Torunn
9.-10. 03 - Hoddevika Øst møter vest
30.03 - Alnes innside Roger
31.03 - Alnes innside Kenneth, Jason
02.04 9 Bypadling Kyrre, Roger
5.04 14,5 Alnesraunen PØV
6.04 - Alnes stranda Øystein
11.04 8 Langholmen Sygni, Torunn, Lene
15.04 6 Lesten Roger
16.04 16 Kalvøyholmen Roger
18.04 11 Ellingsøyfjorden Ingvild og co
22.04 14 Kalvøyholmen PØV
5.05 - Rulling Sygni
5.05 5 Surfing Alnes Kenneth, Roger, Øystein
10-12.05 - Hoddevika PØV
19.05 11 Rosholmen Torunn, Øystein, Roger
21.05 - Giske Redningsøkt med ÅST
29.05-02.06 32 Lyngør fyr Venners venner
6.06 16 Kalvøyholmen PØV
14.-15.06 28 Lepsøya rundt Torunn, Roger
26.06 11 Rosholmen ÅST Kyrre
30.06 8 Sommarfesten Giske Kajakkguiden, Roger
13.-20.07 250 Valderøya - Askvoll Nina (Øystein)
24.07 16 Loen PØV
26. 18 Ervik - Hoddevika Anne
25. og 27. - Surf i Ervika Anne og Roger
28. juli 9 Kalvøya Roger
31. juli 5 Vigra Roger og Eli
4. august 14 Frenfjorden Randi
5. august 7 Giske snorklerek. Roger, Torunn
6. august 4 Vigra Roger, Øystein
10.08 3 Ellingsøyfjorden Torunn, Roger
26.08 10 Giske rundt ÅST
27.08 6 Uksebåsen Synnøve, PØV
7.09 - Hoddevika Roger
17.09 3 Alnes Kristin, K, J og E
21.09 - Hoddevika Kristin, R og Ø
22.09 8 Ellingsøyfjorden Øystein
24.09 10,5 Kalvøyholmen Lene H, Torunn
25.09 6 Mørkepadlingskurs Kajakkguiden
3-6.10 17 ISKGA - IM kurs
13.10 13 Mørkepadling Torunn, Lene H
15.10 6 Mørkepadlingskurs Kajakkguiden
19.10 8 Havsteinen Roger, Grete Tommy
26.10 3 Alnes R, Ø, I, H
7.10 6 Vigra R; Ø, I, H
9.11 7 Ellingsøyfjorden PØV
10.11 6 Mørkepadling Kajakkguiden
14.11 30 Kvalpadling Haukøya Bjørn Tore, Kristin
15.11 15 Skjervøyskjæret Bjørn Tore og Kristin
16.11 15 Kvalpadling Kvænangen BT, K og KM
22.11 5 Giske L,I og T
12.10 - Giskesanden med L, I og T
19.10 - Giskesanden med H.
.........................................................................................................
Norges Padleforbund har eit distansemerke: Bronse: 400 km , Sølv: 800 km, Gull: 1200 km
Dette er krava for kajakk, dame og herre senior. Padlinga må skje i løpet av eit kalenderår.
Eg fekk bronsemerket i 2011, og sølv i 2018.
Padlehistorikk samla år for år (årstal klikkbar link):
2010 - 172 km fordelt på 12 turar + teknikkurs
2011 - 535 km fordelt på 25 turar inkl. ASKR
2012 - 470 km fordelt på 25 turar + aktivitetsleiarkurs
2013 - 567 km fordelt på 28 turar + hospitant på aktivitetsleiarkurs
2014 - 590 km fordelt på 42 turar inkl ASKR
2015 - 430 km fordelt på 24 turar
2016 - 216 km fordelt på 13 turar
2017 - 246 km fordelt på 13 turar
2018 - 812 km fordelt på 57 turar inkl AWP, 17. maipadling og kvalpadling i Troms
2019 - 746 km fordelt på 60 padledagar inkludert ISKGA-kurs, sommarlangtur og kvalpadling i Troms
2014 - 590 km fordelt på 42 turar inkl ASKR
2015 - 430 km fordelt på 24 turar
2016 - 216 km fordelt på 13 turar
2017 - 246 km fordelt på 13 turar
2018 - 812 km fordelt på 57 turar inkl AWP, 17. maipadling og kvalpadling i Troms
2019 - 746 km fordelt på 60 padledagar inkludert ISKGA-kurs, sommarlangtur og kvalpadling i Troms
torsdag 12. desember 2019
Blåtimetur
22.11 Rykta gjekk om at nokon hadde sett spekkhoggar ete sel i området. Vi venta dei eigentleg ikkje før på nyåret, men heiv oss rundt. Den som vil sjå kval må på sjøen! Det vart ein aldeles nydeleg ettermiddag, og ein blåtime som berre var aldeles magisk. Etterkvart vart vi omringa av sel, over 20 stykke! Så det var ikkje matfatet som mangla. Ingen kval, men god lading av dei mentale batteria.
Kvalitetsfolk på kvalrekognosering
Små prikkar dukka opp overalt. Selen var nyfiken, men varsom.
Den korte novemberdagen gav seg ikkje utan kamp, og vintermørkret måtte jobbe for å kuppe ettermiddagen. Vi fekk oppleve ein sjeldan fin blåtime på sjøen.
Plassering:
Bedehusvegen 25, 6052 Giske, Norge
onsdag 11. desember 2019
Haustsurf i Hoddevika
21.09 Haust, helg og Hoddevika! Litt av eit kinderegg! Kristin kom sørover med padlekle i sekken og leigde kajakk med Øystein. Vi jentene for ned fredagen og tok ein skikkeleg sightseeing gjennom Vanylven før vi landa på Stad Surfing. Det var mykje å sjå langs vegen! Verdas største solsikke, fisken i Fiskå, og historia om den første Sunnmøringen! I tillegg såg vi levande ungdommar som hang ute om kvelden og var sosiale med kvarandre utan elektroniske hjelpemiddel!
Karane kom dagen etter, og satsa på dagstur. - Og for ein dag det vart! Det var perfekte forhold og vi fekk masse surf! Litt bratte bølgjer i periodar, men so pass må vi tåle. Leik og moro heile dagen. Kristin tok til og med reentry og rulle i surfsona.
Karane kom dagen etter, og satsa på dagstur. - Og for ein dag det vart! Det var perfekte forhold og vi fekk masse surf! Litt bratte bølgjer i periodar, men so pass må vi tåle. Leik og moro heile dagen. Kristin tok til og med reentry og rulle i surfsona.
Å for ein strålande morgon! Høge på livet og klar for leik!
Hoddevika. Herleg eksotisk.
Veggen i mot på veg utover. Timing is everything...
---------------------------------------------------------------------------------------------
Verdas største solsikke!!
Fisken i Fiskå
Litt "Hotel California-spooky" om kvelden?
Plassering:
Hoddevik, Selje kommune, Norge
torsdag 14. november 2019
Kvalpadling 2019: Skjervøy i pastell med eit hint av kval (dag 1)
14.11 Folk ser rart på meg når eg fer nordover i november. Dei fleste eg kjenner fer til Kanariøyene på denne tida. Eg pakkar for Troms og Skjervøy. Lyset i nord - rett før sola forsvinn for sesongen - ja det må berre opplevast. Veret er oftast stabilt og fint, i alle fall samanlikna med Nordvestlandet. Nokre dagar utandørs i november er balsam for sjela. Spenninga er stor, korleis vert det med kval og med ver i år?
Velkommen til Tromsø! Foto: Kristin
Eg landar seint, og neste morgon fer vi vidare nordover. Supplering av utstyr frå Alfa Fritid, fergesvele, vintervegar, radio, småprat. Strategiar og planer vert lagt, men vi veit så inderleg vel at ved første glimt av kval - så er planane snudd opp ned.
Den som skal på kvalpadling må tidleg opp....
Skjervøy 💗
Det er så vakkert her. Store landskap. Nesten ingen folk, utanom i Skjervøy sentrum. Bygda glitrar og skin, det er stor aktivitet med fiskebåtar og fiskeindustri. Her er det både husrom og alt som ein elles kan trenge. Og kvalturistar i fleng.
Dagen er stille og skumringa går over i blått.
Det er så vakkert at vi nesten ikkje treng kval! Store glis. Vi finn roa og tek innover oss havblikk, pastellfargar og fullmåne.
Eg har lokka med meg dei andre på potensiell langpadling. Det tek ikkje så lange tida før vi er ved Haukøya. Fantastisk formiddag på sjøen, men ikkje snurten av kval.
Ingen hauk, men ei diger ørn, på Haukøya.
Vi tok ein beinstrekk. Sør på Haukøya er det bratt rullesteinstrand. Denne dagen var det lett å lande, med berre småskvalpete vindbølgjer å ta omsyn til. Stive skrottar og sukk og stønning medan vi velta oss på land.
Kva er det som skjer der borte?
Vi ser mykje båtar, både fiskebåtar og turistbåtar. Vi veit at det MÅ vere kval der. Då ser vi eit par finner komme innover sundet mot oss. Pausen vart avblåst og smidige som panterar hoppa vi i båtane og kom oss på fjorden att.
Ei stor gruppe spekkhoggarar for forbi, utan at vi fekk noko nærkontakt. Vi padla vidare austover, og fekk med oss fleire på kort hald. Sjølv om det ikkje tok heilt av for oss erfarne kvalpadlarar, så var det ei fin oppleving.
Foto: Kristin
Spekkisar på kort og langt hald.
Fin strand på austsida av lille Haukøya.
Det vart padling rundt lille Haukøya og i lille Haukøysundet tilbake. Vi hadde ved i kajakken og trong ein skikkeleg beinstrekk. På stranda i bygda Meiland passa det bra. Her fekk vi selskap av ein skvetten sel som låg heilt inne i tangen. Vi kunne sjå ei og anna spekkhoggarfinne i sundet medan vi åt.
Siste oppvarming før ny økt i kajakken!
Kvalitetstid.
Dagane er korte i nord i november. Vi fekk med oss solnedgangen på kryssinga over til Hekksteinen. I tillegg tok vi med oss to daude måsar. Det hadde vore observert mykje daud måse veka før, og forskarar i Tromsø var interessert i fugl om nokon fann fleire. Vi er jo interesserte i kunnskap, og stilte opp i folkeforskninga si teneste, med kvart vårt lik på bakdekk.
Ved Hekksteinen tok vi beinstrekk nummer tre. Det byrja å bli mørkt, og vi rigga oss med meir lys på kajakken og meir sjokolade i magen. Fordelen med å ha vore her før er at vi veit litt meir om avstandar, kvar vi kan gå i land og slike nyttige ting.
Mørkepadling på heimveg (Måne og to padlarar på bilde)
Fullmånen hadde vore med oss heile dagen. Det var aldeles nydeleg å vere på sjøen, og å nytte heile den lyse delen av dagen utpå.
Skjervøy by night (eller i alle fall ettermiddag).
Det er nydeleg her.
Vinterpadling. 31 kilometer, 3 beinstrekk.
Og vi hadde sett kval!
Heime på basen venta ferdig kvalgryte, fyr i omnen og terningar.
...og endå hadde vi 3 dagar med fri framom oss!
Etiketter:
2019,
Bjørn-Tore,
Bål,
Kajakk,
Kristin BF,
Kvalpadling,
Padling,
Skjervøy,
Spekkhoggar,
Troms
Plassering:
Skjervøy kommune, Norge
Abonner på:
Innlegg (Atom)




























