søndag 22. september 2019

Speglblank rekognosering

22.09 Saman med Øystein, som har firmaet Kajakkguiden, har eg klekt ut ein plan om å halde mørkepadlingskurs utover hausten. Det er alltid greit å teste teorien i praksis, og vi bestemte oss for å saumfare området grundig, for å sjå om det egna seg. Vi var begge heilt einige om at tilbodet måtte gje både læring og ei fin oppleving på sjøen. Eg er usikker på om det var eit teikn frå oven eller eit av livets store paradoks, men mørkepadlingsrekognoseringa skjedde i det mest magiske lyset eg har padla i heile året. Ettermiddagen var gylden, fjorden låg blikkstille, lufta stod i ro og dirra og det var uråd å sjå skilnad på opp og ned, verkelegheit eller spegling. Sola gjekk etterkvart ned som ei varmraud kule i horisonten, og trea kasta lange trolske skuggar ut over fjorden.

Det låg an til ein fin kveld! 

Flott område, både for dagsturar og mørkepadling!

Kva er opp og kva er ned? 

Lisje spegel på fjorden der, kva er vakrasta furua her?






Ein vert nesten religiøs av å padle på slike dagar. Vi somla, tok inn over oss lyset, og snakka lite, med dempa røyst. For eit landskap vi bur i! Det meste vi trudde på førehand vart stadfesta - her kan vi halde mørkepadlingskurs!

Ruta er hemmeleg, men vi rekognoserte i litt over 8 kilometer. 

USPONSA REKLAME: Er du interessert i mørkepadling, sjekk Kajakkguiden på nett eller FB.    

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar