tirsdag 3. november 2020

Kvalpadling 2019: Mannen på skjæret (dag 2)

15.11.19 TILBAKEBLIKK

Grått og trist, med mykje vind. Det var absolutt ikkje kvalpadlever. Sidan vi likevel var på Skjervøy, så fann vi ut at det var betre å vere ute enn inne. Den som er på sjøen KAN sjå kval. Snirkling langs lesida av Skjervøy kunne gjerast utan vind. Vi hadde høyrt rykte om ein fyr som bygde hytte på Skjervøyskjæret, så det var eit alternativt turmål. Vi driv jo stadig med fyrsafari.   

Skjervøyskjeret bakerst (Foto: Kristin)

Det bles friskt ut Kågsundet. Vi bestemte oss for å prøve kryssinga ut, sidan det berre var 1,5 kilometer. Med mottoet; Det er inga skam å snu. 


1,5 kilometer kryssing i sidevind. Bra sjø. Bjørn Tore forsvinn mellom bølgene. 
(Foto: Gopro, Kristin)

Det drog godt rundt skjeret, og på lesida gjekk berga loddrett opp. Eg trong begge hender på åra, så det er ingen bilde herifrå. Etter å ha padla rundt heile skjeret fann vi eit område der det kunne gå greit å gå i land. Sjølv der var det drag, og vi spekulerte litt på korleis vi skulle feste kajakkane skikkeleg og trygt for vind og bølger medan vi utforska området. 

Her ligg kajakkane godt fastbundne

Det er god skikk å ta med eigen drikke og snack når ein fer på besøk. 

Kristin!

Skjervøyskjæret var ein gold, men veldig kul plass. Nesten som å lande på månen. Det var spor etter fugl overalt. Nakne våte berg. Is i alle sprekker. Vi lista oss avgarde mot lykta og hytta, som vi såvidt hadde glimta frå sjøsida. 

Hytta. (Foto: Bjørn Tore)
Vi var usikre på om det var folk her, det var ingen å sjå. 
Bort å banke på. 

På ein grå dag med kuling i november ventar ein kanskje ikkje besøk på skjeret, men vi var freidige nok til å invitere oss sjølv.  "Bank, bank, bank". Stille. Eg tenkte at det ikkje var folk heime. Det var likevel ein lyd, og ein litt fortumla formiddagstrøtt fyr opna døra. -Jahaja, men dette var.......overraskande? Kom inn, kom inn! 

Vi varma oss i hytta, tok ein kaffi og fekk høyre litt om historia bak "Mannen på skjæret". Hunden Jesper og Odd-Karl hadde tenkt å overvintre på Skjervøyskjæret, og hadde bygd opp hytta. Herleg form for galskap, og interessant å høyre om bakgrunnen og sjå hytta med sjølvsyn.   


Bjørn Tore, Odd-Karl Stangnes("Mannen på skjæret") og meg (Foto: Krisitn)

Så fekk vi hjelp til å ta bilde av "Team Kvalpadling" i same slengen!

Frå hytta opp til lykta var det lagt ut tau. - Som del av evakueringsplanen, om det vert for gale, sa Odd-Karl. - Nordvesten kan vere hard og sjøen grov om vinteren. 

Vi måtte teste. Det var bratt og glatt, og heilt greit med tau, også på ein "finversdag". 

Mannen på skjeret - med hytte og evakueringsplan. Fri sikt til Lopphavet bak der.  

Ut på sjøen att. Stort fokus på HMS på glatte berg i vinterland. Det hadde løya litt. 

Det var godt å komme i le for vinden att og fin padling heimover.




For første gong kom vi inn til Skjervøy sentrum i dagslys!!

Det var ikkje spor av kval. Skydekket var lettare, det var mykje fugl i lufta og vi hadde trua på søndagen. 

Fugl i lufta og blå himmel! Lovande!

Kart over ruta. 14 kilometer padling. (Endomondo, Kristin)


Nokre dagar seinare var det full storm frå nordvest i området.
Mannen på skjæret og redningsaksjonen var i alle media. Hytta vart vaska på sjøen, og Odd-Karl satt to døgn i lykta før han vart berga. Det gjekk heldigvis bra. Det var ekstra spesielt å følgje med på nyheitene sidan vi sjølv hadde stått på skjeret berre nokre dagar tidlegare.   


1 kommentar:

  1. Dette så jeg først nå, var hyggelig med besøk av dere. Nå bor jeg for øyeblikket i sverige og jobber som Fotballtrener for IFK Luleå. fotball har vært min store lidenskap gjennom mange år... men se ikke bort ifra at det kanskje på sikt blir nye eventyr.... Takk for besøket❤️

    SvarSlett