onsdag 10. april 2019

Visit Ålesund - bypadling

2.04. Vårkløa har sett seg, og eg vil UT! Denne ettermiddagen rakk eg akkurat å slenge meg med gutane på padling. Vindstille og grått verlag, men med lange lyse kveldar no etter klokkestillinga til sommartid. Målet var bypadling. Jammen lenge sidan sist! Eg gløymer at vi bur tett på ein padlevennleg og flott by, og at det er mykje å sjå på langs vegen.

Padling frå Knuteneset rett nedom der eg bur. Luksus! 

Stø kurs mot Olsskjeret. I dag skal vi i land! For første gong for min del. 

Det næraste vi kjem friheitsgudinna i Ålesund? 
(Eg vart teken av høgdeskrekken og heldt meg på bakken)
 
Innpadlinga til Ålebyen

Kva er det her??? 
Det viste seg å vere Norwegian Travel Workshop i byen, med masse folk frå inn- og utland. I tillegg til flotte bokstavar på moloen var det hornmusikk i gatene og vi vart behørig fotograferte av utlendingane. Skulle nesten fakturert Innovasjon Norge for turen...

 
Det er nett det vi held på med - besøker byen! 

Blankt og vakkert i Brosundet

Jugendstil - eit godt bakteppe for kulørt plast og fargesterk gore-tex

Under brua var det fine korallar. Iskaldt å stikke handa ned for å ta bilde, men fine å sjå på! 

(Dødningehand er mjuke korallar. Vanleg i Norge nord til ca Trondheimsfjorden. Likar seg der det er mykje straum, finst frå 1 - 100 meter djupt og kan verte 20-50 år gamle!)

Ein grå dag vart til innhaldsrik bypadling og etterkvart flott kveldslys. 




Padling tur/retur ca 9 km (?)

1 kommentar:

  1. Nydelege bilete! Treng ikkje alltid å reise så langt, nei ;-)

    SvarSlett