fredag 26. april 2019

Kortreist påskepadling

22.04 Påska og våren er ofte den aller finaste tida på Vestlandet. I år slo det til for fullt, og vi fekk full sommar og t-skjortever på toppen! Mange i padlegjengen hadde heimepåske, så det vart turar både i aust og vest, og sosiale kjekke dagar. Finalen tok vi likegodt i skjergarden mellom Giske og Haram, som er eit utruleg flott område med holmar og skjer og nokre større øyer.

Fin gjeng på sjøen, frå "downtown" Valderøya

Kjeholmen

Vraksafari - slik gjorde dei det før i tida..

Fleire i gruppa hadde barndommsminne og masse lokalkunnskap frå området, så det vart mange gode historier langs med utover dagen. 

"Kongen" helsar på - og flaug rett over hovuda på oss

Snirkling og korte kryssingar i vindstille og sol! 

 
Lekkert I! 

Lekkert II

Silkeføre. Passe fort, passe langt. 

Fløyelsfjord

Grønneguiden og damene

Kalvøyholmen vest - flott plass for strandhogg i dag! (Og eg hadde ein bitteliten baktanke her..)

Grilling og skrøner frå Nord-Norge. No har vi lært kva som er problemet om bålrøyken følgjer oss...

Det var nesten for varmt i sola, og deileg å slappe av. Vi hadde med hanskar og ryddesekkar, men det var nesten feil å dra i gang rydding på ein slik sommardag. Etter litt nøling tok vi det fram og vipps var heile gjengen i gang!

Rydding pågår! Foto: Jan Roger

Holme er pepra med isopor, og sjølv om Mildrid og eg rydda her i oktober så var det dessverre lett å finne mengder. 

9 stk - ein time rydding. Då hadde vi dekt eit par hundre meter strandlinje og pakka saman 9 sekkar + diverse kanner og store isoporbitar. 

I terrenget - overalt. Det er nesten umolgeg å plukke opp. 
Eg trur eg skal gå til "krig" mot dårleg avfallshandtering av ispor. 

Det var ein slik dag som kunne vart evig, og ingen ville eigentleg heim. Eg synes det var utruleg kjekt at vi fann roen i mange timar på holmen. 

Det er fine folk eg padlar med, men merkeleg nok er dei meir interessert i å rydde plast enn å bade. Så badinga måtte eg ta ansvar for aleine, under lett press frå Ingvild og Roger. Ikkje avskrekkande kaldt, men førebels nok med einsifra tal svømmetak. 

Aprilbad: Foto Ingvild
  
Etter at vi har vore her: det ser bra ut! 
Vi har etterkvart fått taket på sporlaus ferdsel! 
Rettare sagt: Det var ein stor skilnad: langt meir plast og rusk i området då vi kom enn då vi for. 

På heimvegen traff vi eit flytande kar frå Hofseth biocare. 
Vi har sendt beskjed til dei, no er eg spent på om dei hentar avfallet sitt. Ei bedrift som heiter "biocare" KAN rett og slett ikkje strø om seg med plastavfall i sjøen. 

Glitrehav, medsjø og medvind. Heimvegen gjekk som ein leik!

Snirkling - Tommy!

Samling før kryssing av skipsleia. 

Vi klarte det nesten. Å padle å samla over. 

Der det kan padlast gjennom osv osv...

Teambilde!! Foto: Tommy

Takk for ein fantastisk dag! 
Påskepadling med plastrydding og pølsegrilling var ein perfekt finale på århundrets til no finaste påske i vest! 
14 kilometer. 

1 kommentar:

  1. Ser på program om plast på TV, les boggen din med flotte bilder, og sjøl om fløyelshav og flotte solnedgangar no i påska kjenner eg at eg rett og slett vert deprimert.....Dokke er flinke!

    SvarSlett