tirsdag 9. april 2019

Silkepadling til Alnesraunen

5.04 Brått kom våren - og ei vermelding med både sol og vindstille! Padlegjengen på øyane veit å nytte høvet, og det vart planlagt for Alnesraunen - i ikkje mindre enn to puljer denne fredagen!

Varmande sol og vindstille får fram glisa 

Glitrande hav med turmålet som ein bitteliten skugge i horisonten. 

Det er så grunt utover at vi stort sett såg i botnen og i tareskogen. Fleire kilometer frå land stikk det opp ein og anna taretusten. Det er minimalt med båtar her, av god grunn. Fasinerande å padle så ope og eksponert, men likevel i så grunt farvatn!

Austgåande pulje (dei med mest fleksitid på kontoen) møtar vestgåande (natteranglarane)!
Kjekt med samling midtfjords i glitrehav 


Vi må vidare, og det er ikkje feil å padle utover i dette. Det vart etterkvart heilt vindstille og havet la seg som fløyel rundt oss. 

Raunen framleis langt der ute

Vi nærmar oss!  

Smertefritt å komme seg i land denne dagen 

Topptur - 15 meter over havet! Roger førstemann opp.

Torunn fekk knipsa meg på toppen: Glad padledame i kveldssol! 

Panorama

Pause, niste, drodling, filming. Magisk å vere her ute. Raunen er ei klippe i havet. Ikkje så blankskurt som ein skulle tru. Opprevne berg som held stand mot storhavet. 

Vi måtte skunde oss for å få med oss solnedgangen frå kajakkane ute på havet. 

Knapptang! Lene H. lærer oss eitkvart nytt om tang og tare på kvar tur! 

Vi kom oss greit på sjøen att også! 

Det var duka for pastellfest, med det same vi kom oss på sjøen! Sola gjekk i havet som ei glødande eldkule. Vakkert. 

Lene H

Ingvild

Avskjed med Alnesraunen for denne gong. 

Hovudet fullt av inntrykk, kameraet tomt for straum. Det vart ei aldeles magisk padling innover att i blåtimen på silkeføre! Floa dytta oss i ryggen og det var ikkje ei krusning på havet. Ei og anna havsule for forbi. Ein fin gjeng, småsnakk og eit lys rundt oss som ikkje kan beskrivast.  

Torunn testa ny kajakk for første gong, og det gjekk heilt strålande. Øystein testa nydrona og lagde ein veldig bra filmsnutt frå turen - link her.  

Tur/retur 14,5 km

Eksponert! Ikkje kvardagskost å dra hit ut. 

3 kommentarer:

  1. Fantastisk tur og fint dokumentert:-) per

    SvarSlett
  2. Endelig fant jeg et skikkelig bilde av knapptang med mer enn bare knappen. Kult at det da var i din blogg. :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Kult ja. I sommar har eg sett knapptangen som kjempestor og, slik at ein nesten ikkje såg knappen, men klarte ikkje ta (skarpe) bilde av det.

      Slett